TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL
|
||
|
![]() ![]() ![]() ![]() |
Innhold
4 2001
Jan Terje Faarlund
Trond Andreassen og Kjell Lars Berge har ein artikkel om krisa i norskfaget i Samtiden 3/2001. Dette er ein artikkel som ikkje kan bli ståande uimotsagd, sidan dei både gjev eit til dels feilaktig inntrykk av korleis situasjonen innanfor norskfaget ved universiteta er, og fordi dei presenterer eit fagsyn og eit vitskapssyn som eg vil avvisa. I tillegg inneheld artikkelen ein del sjølvmotseiingar som gjer det vanskeleg å skjøna kva slags framlegg til betring dei eigentleg har. Dette innlegget er derfor meint både som eit korrektiv til tilstandsskildringa i artikkelen deira, og som ei tilbakevising av det fagsynet dei står for. Eg er ikkje usamd i påstanden om at norskfaget i dag står overfor store problem. Og desse problema som vi i tråd med dagens krav om å tenkja positivt heller bør kalla utfordringar er til dels rett diagnostiserte av Andreassen og Berge. Elendeskildringa deira treng likevel ei nyansering. Og som sagt, jamvel om diagnosen langt på veg kan vera rett er ikkje den føreskrivne behandlinga det: Ho kan etter mi meining visa seg å vera direkte livstrugande for norskfaget. Alvorleg for skolen Andreassen og Berge skildrar "krisa" fyrst og fremst som ein dramatisk nedgang i studenttal. Eg er samd i at dette er alvorleg. Det gjer at det blir vanskeleg å få fylt ledige stillingar, og det fører igjen til forgubbing og stagnasjon ved nordisk-seksjonane ved universiteta. I eit større perspektiv er nedgangen i talet på norskstudentar alvorleg fordi det blir produsert for få folk med norskfagleg kompetanse til ulike yrke og funksjonar i samfunnet. Sidan storparten av norskfilologane går inn i skoleverket, er dette fyrst og fremst alvorleg for skolen. Men her skal vi hugsa at det ikkje er studenttalet ved Universitetet i Oslo som er interessant, men det samla studenttalet i nordisk ved alle fire universiteta og dei mange (somme vil seia altfor mange) høgskolane. Det er òg viktig å vera klar over at den nedgangen i studenttal som vi ser no, ikkje representerer ein klar og langsiktig tendens. Det er ikkje rett slik Andreassen og Berge framstiller det, at nedgangen har skjedd gradvis sidan 1970-talet. Studenttilstrøyminga har gått opp og ned fleire gonger sidan da. På 1980-talet var det til dømes ei liknande "krise", før studenttalet tok seg kraftig opp att. Eg seier ikkje dette for å bagatellisera problemet, men for å åtvara mot panikkarta og marknadsretta "reformer" straks vi ser ein nedgang. Vi kan ikkje lata svingingar i studenttalet avgjera innhaldet i faget. For å møta denne utfordringa eller løysa krisa, om ein vil lyt ein sjølvsagt prøva å forstå årsakene. Andreassen og Berge ser det fallande studenttalet berre som ein verknad av forholda innanfor norskfaget sjølv. Dei har rett i at nokon av årsakene kan finnast der, jamvel om eg også ser andre faginterne årsaker enn dei gjer, og det skal eg komma tilbake til. Dei har òg rett i at ein del av problemet er mangel på fornying i studietilbodet på grunn- og mellomfagsnivå. Dessutan lyt ein nok gje dei rett i at det har skjedd ei forgubbing av fagmiljøa ved at det ikkje har vore nok rom for yngre krefter på institutta. Her gjer Andreassen og Berge seg rett nok skuld i den vanlege Oslo-sentrismen ved at dei trur at situasjonen ved nordisk-seksjonen ved Universitetet i Oslo òg gjeld for dei andre universiteta og for høgskolane. Det stemmer ikkje utan vidare. Mykje av den framstillinga av norskfaget som Andreassen og Berge presterer, er derimot direkte gale. Eg kan her uttala meg fyrst og fremst om språkdelen av faget, og der talar dei mellom anna om "et Gustav Indrebø-syndrom: Fagets maktpersoner krevde en klar nasjonal bekjennelse av dem som ønsket innpass i faget. Syndromet bestod i et ønske om å innsirkle, definere og bevare det ekte norske" (s. 50). Slik har det kanskje ein gong vore ved Nordisk institutt i Oslo, men det var i så fall lenge før den omtala "krisa" oppstod. Som ei skildring av situasjonen i desse krisetider er det ein rein parodi. Dei personane som kravde ein slik "nasjonal bekjennelse" er for lengst ikkje berre ute or miljøet, men også ute or folkeregisteret. Vil avskaffa språkforsking Men lat oss no gå ut frå at studenttalet er for lågt ved dei nordiske institutta samla for heile landet. Da lyt ein byrja med å spørja kva som avgjer val av studiefag hos unge menneske. Eg vil nemna tre faktorar: 1) Framtidig yrkesval. Dette er vel den viktigaste faktoren. Ein person som har lyst til å bli norsklærar, vel nordisk som fag. Så dersom færre studentar vel nordisk, har det vel meir samanheng med lønns- og arbeidsforholda for lærarar, enn med interne forhold ved nordisk-seksjonen på Universitetet. 2) Fagleg interesse. Somme studentar vel fag meir ut frå interesse for faget enn framtidig yrke. I vårt tilfelle vil det da vera interesse for språk og/eller litteratur, fyrst og fremst norsk språk og litteratur. For at faget skal stå fram som interessant og freistande for slike studentar, lyt det by på interessante problemstillingar og spørsmål. Det er viktigare enn "rette" svar. Dette er mogleg berre dersom det blir drive god forsking på instituttet, og helst forsking på fleire ulike felt. Interessante spørsmål kan stillast og blir stilte både innanfor dei tradisjonelle disiplinane og innanfor nyare disiplinar. Når Andreassen og Berge vil avskaffa forsking innanfor dei tradisjonelle språkdisiplinane, kan ikkje det tyda anna enn at dei ikkje veit kva som går føre seg internasjonalt på felt som diakron lingvistikk (språkhistorie), dialektologi (målføre) og grammatikk. På grunn av nyare datateknologi og ikkje minst på grunn av teoriutviklinga innanfor internasjonal språkforsking kan ein i dag stilla atskillig meir interessante spørsmål på desse felta enn for berre nokre tiår sidan. Løysinga er her altså ikkje å snevra inn faget eller gjera det mindre vitskapleg, slik Andreassen og Berge går inn for, snarare tvert om. 3) Miljøet på instituttet har nok noko å seia for studentanes val av studium, men undersøkingar viser at det har relativt lite å seia. Men i den monn det har noko å seia, er det ingenting som tyder på at dei nordiske institutta ligg monaleg dårlegare an enn andre fagmiljø innanfor humaniora. Eg vil nemna spesielt eitt punkt som høyrer inn under både 2) og 3) ovanfor, og som kanskje er eit problem for norskfaget. For at studentane skal bli inspirerte av faget og få stilt si nyfikne, lyt dei få ei kjensle av at dei er med på noko viktig som driv kunnskapen framover. Med det meiner eg at dei forstår at dei spørsmåla som blir stilte og søkt svara på, er spørsmål som også blir stilte andre stader i verda, at forsking inkludert nordistikk er ei global verksemd. Problemstillingar som vi tek opp i samband med norsk språk eller litteratur, er dei same som språk- og litteraturforskarar i Japan og Brasil også arbeider med. Andreassen og Berges "visjon" om eit fag som har som sitt viktigaste mål å "sette studentene som tar det i stand til å ivareta utfordrende arbeidsoppgaver i den norske tekstkulturen" (s. 545) er farleg og trongsynt. Vi kan ikkje ha eit universitetsfag utan spennande og tilsynelatande unyttige problemstillingar som ser ut over praktiske oppgåver i "den norske tekstkulturen". Andreassen og Berge vil bli kvitt "[d]en ideologiske og sentimentale gullalderfortellingen om Norge som en nasjon som lever og ånder språklig og kulturelt i vikingtid og middelalder og gjenfødes språklig og kulturelt som "norsk" på midten av 1800-tallet" (s. 55). Dette er å slå inn opne dører. Det er ingen deltakar i debatten om norskfaget som framleis vil gå inn for ei slik "fortelling". Men eg har likevel vanskar med å sjå at ei like ideologisk oljealderforteljing om særeigne norske (sakprosa)tekstar som den viktigaste eller einaste kulturovringa verdt å studera, er særleg meir tillokkande eller gjevande for unge menneske i Noreg i dag. Vi som arbeider som forskarar og universitetslærarar har eit dobbelt ansvar. Vi har sjølvsagt eit ansvar andsynes det samfunnet som finn det pengane verdt å halda oss med lønn og arbeid. Vidare har vi eit ansvar andsynes det faget og den fagtradisjonen vi forvaltar. I Andreassen og Berge sitt og mitt tilfelle er dette norskfaget. Men det er heilt klart at vi langt frå legg det same i "norskfaget". For dei er dei ei kasse som ein skal ta noko ut or og putta noko anna opp i. Det som er oppi kassa høyrer til "norskfaget", ikkje noko anna. Kampen står derfor om kva som skal opp i kassa, inn i "faget". Denne kassa kan ha ulike framtoningar. Ho kan t.d. vera ein seksjon ved eit institutt. Dersom talet på studentar, eller talet på professorar for den saks skuld, eller talet på vitskaplege artiklar går ned, er det eit "forfall" i norskfaget. I andre tilfelle har kassa skapnad som ein studieplan. Så dersom undervisning i visse emne blir tilbode av andre institutt, som mediefag eller norsk som andrespråk, skjer det ei "avskaling" frå faget. Dette ser eg som ein moderne vri på ei klassisk essensialiserande oppfatning av norskfaget. Vitskapleggjering må til Alternativt kan vi sjå på norskfaget som ei mengd forskings- og undervisningsemne som handlar om spørsmål som er relevante for å forstå fenomen knytte til norsk språk, norsk litteratur og norske tekstar. Da er det ikkje så viktig kva for namn som står over døra inn til det instituttet der slik forsking blir driven. Det viktige er at forskinga skjer på ein forsvarleg måte. Det vil mellom anna seia at det skjer i ein kontekst av anna nærliggjande forsking. I staden for kasser med fast innhald, får vi da nettverk av forskarar og studentar. Til dømes kan ikkje forsking på norsk språk gå føre seg isolert frå allmenn språkteori. Det følgjer ikkje av dette at nordisk språkvitskap berre skal drivast på lingvistisk institutt det motsette, at det ikkje kan drivast der òg, følgjer heller ikkje. Eg vil ikkje leggja skjul på at dette er ein god grunn til å ønskja modulariseringa velkommen. (Eg har i grunnen alltid likt betre å bestilla mat à la carte enn å få servert ein fastsett meny frå ein autoritær kokk.) Men det viktigaste er at synet mitt inneber ei vitskapleggjering av faget og ei spesialisering, noko som Andreassen og Berge ser som eit trugsmål samstundes som dei altså elles i artikkelen klagar over mangelen på fagleg fornying. Debatten om norskfaget på universitetet er slett ikkje ny, han har gått føre seg med jamne mellomrom sidan byrjinga på 70-talet. Eitt punkt som alle sider i debatten trass alt har vore samde om, er at ein lyt skilja mellom skolefag, studiefag og forskingsfag, og ha nokolunde klart føre seg når ein talar om kva. Men det er ikkje råd å sjå kva slags fag Andreassen og Berge eigentleg skriv om i artikkelen sin. Han handlar om forholda ved universiteta, så det er ikkje fyrst og fremst skolefaget dei talar om, anna enn når dei omtalar lærarutdanninga. Dei føreslår "at skillet mellom språk og litteratur rives ned". Sagt om skolefaget norsk er dette sikkert fornuftig, i den grad det ikkje alt har skjedd. Sagt om studiefaget nordisk er det høgst tvilsamt og kontroversielt, men det er i alle fall eit standpunkt som gjev meining og som det går an å diskutera. Sagt om forskingsfaget er det absurd og meiningslaust. Ganske enkelt fordi det ikkje finst nokon vitskap som heiter "norsk" eller "nordisk". Vi har nordisk språkvitskap, nordisk litteraturvitskap og nordisk tekstvitskap/filologi. Dette er tre (fire?) vitskapsgreiner med kvar sine metodar, teoriar og internasjonale forskingsmiljø med eigne tidsskrift, konferansar og alt som høyrer til. Dei vil altså leggja ned forskingsfaget! Det er temmeleg drastisk, for å seia det mildt. Dei vil med andre ord lokka fleire studentar opp i den kassa dei kallar "norskfaget" ved å by dei opplæring i korleis dei kan bli "informasjonsmedarbeidere i en bedrift eller et konsulentfirma" (s. 55). Åtvarar mot instrumentalisering Dei nordiske institutta ved universiteta våre er, som alle andre universitetsinstitutt, pålagde å driva undervisning og forsking. Ved dei "frie" fakulteta (historisk-filosofisk, matematisk-naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg) er det ikkje meininga at all undervisning skal føra direkte fram til eit yrke, slik ho skal i profesjonsutdanninga ved jus, medisin, teologi, odontologi osv. Det er derimot ein føresetnad at undervisninga hos oss skal vera forskingsbasert. Men da kan ikkje kløfta mellom forsking og undervisning vera for stor. Andreassen og Berge meiner òg at denne kløfta er for stor, men deira åtgjerd er å lata undervisninga og skolefaget bli styrande for forskingsverksemda i den mon dei i det heile vil ha forsking innanfor norskfaget. Eg meiner at forskinga skal komma fyrst. Vi kan ikkje undervisa i noko som det ikkje kan forskast i. Den vitskapleggjeringa og spesialiseringa som Andreassen og Berge er så redde for, har dermed nødvendigvis konsekvensar for undervisninga. Jamvel om dei stort sett ser berre tradisjonsbinding og forgubbing, har norskfaget faktisk gjennomgått store endringar sidan sekstitalet. Dei endringane har to viktige årsaker, som kan oppsummerast i nykelorda teoretisering og internasjonalisering. Og dette er ei utvikling som korkje bør eller kan snuast. Universiteta skal sjølvsagt driva lærarutdanning, og på Institutt for nordistikk og litteraturvitskap skal vi også driva norsklærarutdanning. Tekstvitskap er sjølvsagt ein viktig del av denne lærarutdanninga. Men også andre språklege og litterære emne skal vera del av lærarutdanninga. Lærarutdanninga skal som anna undervisning på universitetet vera forskingsbasert, og tekstvitskapen skal vera forskingsbasert. Det er han på vårt institutt på Blindern, takk vera nettopp Kjell Lars Berge. Men vi skal ikkje berre driva lærarutdanning. Vi har òg ei viktig oppgåve i å driva forskarutdanning, i tekstvitskap, i språkvitskap og i litteraturvitskap. Derfor vil eg på det sterkaste åtvara mot den innsnevringa, provinsialiseringa og instrumentaliseringa av norskfaget som framlegget frå Andreassen og Berge nødvendigvis vil føra til. Innhold 4 2001
|
|
|
SAMTIDEN: TIDSSKRIFT FOR POLITIKK, LITTERATUR OG SAMFUNNSSPØRSMÅL |
||