Norges største og eldste allmennkulturelle tidsskrift. I Samtiden skriver landets
skarpeste penner om politikk, litteratur og samfunnsspørsmål. Bestill abonnement her

Åndeleg terrorisme frå Strømmen og Sultan

Hallgrim Berg

I siste nummer av Samtiden skriv herrane Øyvind Strømmen og Shoaib Sultan ein artikkel om terrorisme. Dei går inn i gruppa av skribentar som ser det som ei oppgåve å minimalisere negative utslag av den (synlege) islamistiske terrorismen, men som tilsvarande ønskjer å maksimalisere den (usynlege) trusselen frå det dei kallar ”høyre-ekstremismen.”

Dei må gjerne prøve å gjera seg interessante med å likestille desse trugsmåla. Då eg ber om spalteplass, er det på grunn av at dei i si drøfting dreg inn mi bok Amerikabrevet: Europa i fare. Dei viser til ein kronikk som eg skreiv i Dagbladet i samband med lansering av boka. Der hevdar eg at dei mange islamistiske terroraksjonane under Carter, Bush 1, Clinton og Bush 2 ikkje kan sjåast som protest mot republikanske eller demokratiske administrasjonar, men at det er nasjonen USA og amerikanske interesser som er målet for aksjonane.

Strømmen og Sultan hevdar at «Berg overser det nest-største terrorangrepet på amerikansk jord noensinne, bombingen av Alfred P. Murrah-bygningen i Oklahoma City 15. april 1995.»

Det gjer eg slett ikkje! Eg konstaterer nok ein gong at kritikarar av mi bok ikkje har lese boka. På side 73 i Amerikabrevet står det konkret to avsnitt om Timothy McVeigh, den sprøe ekstremisten som tok livet av 168 menneske ved å blåse den føderale rettsbygningen i Oklahoma City i lufta.

I sin artikkel i Samtiden koplar Strømmen og Sultan den stoffvridde einstøingen McVeigh til

«høyre-ekstreme gruppers del av trusselbildet i USA,» og kritiserer meg og amerikanske media (!) for å oversjå fenomenet.

Eg har notert meg at Samtiden er kåra til årets tidsskrift. Det stiller visse krav til kvalitet og gehalt i artiklane.

Hallgrim Berg

kulturist, Ål


Samtiden