Norges største og eldste allmennkulturelle tidsskrift. I Samtiden skriver landets
skarpeste penner om politikk, litteratur og samfunnsspørsmål. Bestill abonnement her

Tøvete, Berg!

Øyvind Strømmen

Hallgrim Berg har i eit innlegg gått til åtak på vår artikkel «De usynlege terroristene». Det kan verka som han synest det er fælt gale at nokon tek opp høgreekstrem terrorisme, og meiner tydelegvis at det i seg sjølv er det same som å «minimalisere negative utslag av den (synlege) islamistiske terrorismen». Dette er tøvete.

Islamistisk terrorisme er sjølvsagt eit reelt trugsmål. Den som klarar å lesa noko anna ut av artikkelen Shoaib Sultan og underteikna leverte må vera mildt sagt kreativ. Vårt poeng er ikkje at fokus på islamistisk terrorisme ikkje er på sin plass, vårt poeng er at høgreekstrem terrorisme diverre vert oversett i det terrorbilete ein får servert i media.

Berg er sjølvsagt også irritert over at me hevdar at han overser høgreekstrem terror i USA, og kjeftar på oss for å ikkje ha lese boka me kritiserer. Det er nok av ting å kritisera i Berg si bok, men den kritikken me kom med var faktisk ikkje retta mot boka i det heile – så kanskje Berg burde lesa artikkelen vår på ny? Det me kritiserte var henta frå ein kronikk Berg skreiv i Dagbladet i samband med lanseringa av boka. Der heiter det:

«[D]et som er felles for samtlege  anslag mot USA [sidan 1981], er at det er islamistiske terroristar som står bak».

Sidan Berg sjølv skriv om Timothy McVeigh i sitt amerikabrev er han sjølvsagt pinleg klar over at dette er heilt bort i vegg og staur. Bombinga av Alfred P. Murrah-bygninga i Oklahoma City er det nest-største terroråtak i USA si historie, hende i 1995, og det var ikkje islamistar som stod bak. I sin kronikk i Dagbladet har Berg diverre «gløymt» det.

Øyvind Strømmen

frilansjournalist


Samtiden