Bok

Skodespelar Eili Harboe er nå også bokdebutant.

Skodespelar Eili Harboe har skrive roman om kjærleik, sårbarheit og lengt

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– «Tre meter med kniv» handlar om Lykke og hennar ønskje om å bli sett av mora, vennar og av Simeon, guten ho er forelska i. Den handlar om kjærleik, sårbarheit og lengt.

Er det noko i ditt eiga liv eller i samtida som ga deg ideen om å skrive romanen?

– Mykje av innhaldet i boka er basert på tankar og kjensler frå mi eiga oppvekst. I tillegg har eg ein sterk tilknyting til dei omgjevnadene Lykke befinn seg midt i blant.

Kva er det du vil formidla til dine lesarar med denne romanen?

– At kjærleik kan kjennest godt og vondt på ein gong.

Når byrja du å skrive på romanen?

– 2018.

Kor og kvar skreiv du?

– Kor som helst, men helst på hytta.

Er det noko særskild som kjenneteiknar di måte å jobba på?

– Etappevis.

Kor mange bøkar les du i året – og kva slags?

– Skjønnlitterære romanar. Kor mange kjem veldig an på kor mykje anna jobb eg har.

Kan du gje oss namn på tre personar du håpar les boka?

– Eg håpar sjølvsagt ungdom les den, men eg håpar også vaksne kan ha glede av denne historia.

Finnast det ein bok du vil anbefala KulturPlot sine lesarar?

– «Kan jeg bli med deg hjem» av Marie Aubert.

Fritt val frå øverste hylle, ubunden av tid og geografi: Kva forfattar kunne du tenke deg å ha ein lang og god lunsjprat med?

– Judith Hermann.

Dersom du måtte velje?

Jo Nesbø – Agatha Christie

Twitter – Facebook

Lydbok - Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagbladet – VG

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Ibsen – Hamsun

Papirbok – E-bok

Fagbok – Roman

Netflix – YouTube

Ved sjøen – På fjellet

Eili Harboe (25)

  • Namn: Eili Harboe
  • Arbeid: Skodespelar
  • Utdanning: Bachelor i engelsk litteratur ved UiS og bachelor i kunsthistorie ved UiO
  • Bostad: Oslo
  • Aktuell med boka: «Tre meter med kniv»
  • Forlag: Samlaget
  • Tal på sider: 191
Powered by Labrador CMS