Bok

Helge Torvund er aktuell med diktsamlinga «Opnar døra i språket og går ut». Foto: Morten Brun

Diktsamling: Kvar språket sluttar og den ordlause verda finst

DERFOR DIKT ‎| Helge Torvund sine dikt tek oftast utgangspunkt i noko han ser her og nå og tankane dette set. – Tankane kan gå eit stykke tilbake i tid, men samtida inneheld ei veksande fortid.

Publisert Sist oppdatert

­

Helge Torvund (71)

  • Yrke: Poet og forfattar. Pensjonert psykolog.
  • Utdanning: Cand. psychol.

  • Bustad: Ogna i Hå kommune

  • Aktuell med: «Opnar døra i språket og går ut»

  • Forlag: Aschehoug

Kva skriv du dikt om?

– Denne samlinga startar med å hylla det heilage og sluttar med eit glimt i auga. Elles er eg innom det tittelen tek opp, portar og dører og kvar språket sluttar og den ordlause verda finst. Eg skriv om uro og kunst, om spettmeis og havørn og om det som knest og det som rumlar, om magisk matematikk og om det å vera undertruisk. Og litt om himmelens dør.

Er det noko frå ditt eige liv eller samtida du hentar ideane til dikta frå?

– Ja. Dikta mine tek oftast utgangspunkt i noko eg ser her og nå og tankane dette set i gang. Desse tankane kan gå eit stykke tilbake i tid, men samtida inneheld ei veksande fortid. Eit dikt som handlar om det motsette av bomber, er nok ganske aktuelt.

Kvifor dikt og ikkje roman?

– Når eit dikt som opningsdiktet «Handa» faldar seg ut for meg på pasienthotellet ei natt og ein tidleg morgon, er ikkje dette eit spørsmål som eg tangerer på noko nivå. Då skriv poeten det diktet som skal skrivast og er tilfreds med at det er lys på lampen.

Kva vil du formidla gjennom dikta dine?

– Eit mangfald av inntrykk, kjensler, tankar, erfaringar og sansingar. Ei lysande inderlegheit. Eit nyansert verdsbilete som kanskje kan vekke nysgjerrigheit og oppdagarglede, men òg det at lesaren kjenner seg heime i både uro, sorg og det å opna døra når det er stille og mørkt.

Er det eit av dikta dine du vil dela (frå di nyaste samling) – og kvifor nettopp dette diktet?

– Då vil eg trekkja fram «Det motsette» fordi det er kort og inneheld korn av sanning.

Eg prøvde å tenkja på

kva som er det motsette

av bomber

og enda opp

med å tenkja på korn.

Korn som veks så stille

og som kan vaia

så vakkert i vinden

og som kan

gi oss brød.

Blir dikta dine til på kort tid etter du får ein ide eller kan du snikra på eit dikt i fleire år?

– Dikta vert mest til på kort tid, men eg har òg døme på at dei har teke lang tid, med research og revisjon på revisjon.

Dei færraste diktsamlingane blir trykte i store opplag. Ved å velja dikt som kunstform, vil det seia at du er meir oppteken av formidling enn av kor mange som kjøper diktsamlinga di?

– Det stemmer nok. Periodevis har eg gjort framstøt på sosiale media, kombinert med personlege helsingar og teikningar i dedikasjonane, som saman med eit godt produkt, har ført til at diktsamlingar har gått i opptil fem opplag. Men det er snakk om små opplag, då. Poesien er eit viktig område for meg, og det er fint når ein kan nå lenger ut med den, enn ein i utgangspunktet trudde ein skulle klara.

Kven har inspirert deg til å bli ein best mogleg diktar - og kvifor?

– Samtalar med dedikerte biletkunstnarar, komponistar, keramikarar og poetar har vore særs viktige. Så har eg hatt enormt mykje igjen for å lesa poesi av store poetar som Pablo Neruda, Robert Bly, Sigmund Mjelve, Pentti Saarikoski og Henrik Nordbrandt, blant mange andre.

Kan du nemna éin person du håpar les diktsamlinga di - og kvifor?

– Eg hadde likt godt om den sjukepleiaren som fortalde meg den røvarhistorien som boka vert avslutta med, hadde kome til å lesa boka og sett at hennar historie har hamna i eit dikt.

Finst det ei bok eller diktsamling du vil tilrå andre å lesa – og kvifor?

– Ja, då vil eg trekkja fram «Elementære oder» av Pablo Neruda. Samla i ei bok på 766 sider på dansk, på norsk finst eit mindre utval i to bind med tittelen «Oder» 1 og 2.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS