Portrettbilde av Bergljot Kaslegard

Bergljot Kaslegard

Kvar er «heime»?

Eg kunne ikkje fordra Oslo i dei tolv åra eg budde der. Så flytta eg attende til Ål, og no treng eg jamlege lufteturar for å orke å bu her. Tilhøyrsel? Eg veit då søren.

Samtiden spør

LOKAL IDENTITET

For meg er lokal tilhøyrsel det same som sosial tilhøyrsel: å finne flokken sin, å bli lytta til og akseptert, å bli utfordra og utvida. Det er freistande å angripe omgivnadene om ein ikkje kjenner tilhøyre, men eg er redd det er mi eiga oppgåve å bygge opp denne kjensla. Og det er til tider nokså krevjande, for om eg har gjort det éin gong, betyr det ikkje at kjensla er konstant.

Eg kan seie mykje bra om Ål, heimstaden min. Eg har no budd størsteparten av livet mitt her, og eg kjem nok til å bli buande i nokre år til. «Ja så, har du flytta heim?» fekk eg ofte høyre den fyrste tida etter eg kom attende i vaksen alder, både frå kjente og heilt ukjente. Mange veit om Kaslegard her på Ål, dei måtte berre få på plass kva Kaslegard eg tilhøyrde. Medan eg ikkje syntest eg høyrde til i det heile tatt.

Eg har gått runde etter runde med meg sjølv om kva «lokal tilhøyrsel» eigentleg inneber for meg. Eg er glad i fjella her, desse fjella som mange frå Oslo og Bergen gjerne reiser til i påskeferien. Sjølv er eg ikkje så glad i å gå på ski, og det er nok éi av fleire årsaker til at eg ikkje høyrer så veldig til i fjellbygda. På sundagar vil eg gjerne ta ein kaffikopp med nokon, men på vinterstid må det helst skje etter sola har gått ned, for då skal alle andre som bur her, ut på tur. For nokre år sidan gjekk det opp for meg at eg kunne velje det sjølv, om eg skulle på ski eller ikkje. Sidan den gong har eg ikkje prøvd skiskoa mine. Det skal seiast at det hender eg drar på meg skibuksa når eg skal i butikken, særleg etter ein dag med stillongs og vedfyring heime. Då brukar eg å ikkje svare direkte avkreftande når folk spør om eg har vore på skitur. «Nydeleg vêr», svarer eg heller, og så kan det vere at den andre går frå butikken og tenkjer «flate, og eg som droppa skituren i dag».Viss eg er riktig heldig, då. Borna mine har alt begynt å klandre meg for skimangelen i oppveksten deira, for alle andre går på ski i helgene, berre ikkje vi. Tru meg, eg har prøvd å få dei ut på tur, dei var ikkje spesielt takknemlege då heller.

Tilhøyrsel ligg ofte i språk, og heldigvis pratar eg framleis halling, rett nok noko utvatna. Men om eg ikkje har pugga namn og gardsnamn, kjem eg likevel til kort. Dette er nemleg mange ålingar veldig gode på. Og er du ein lur innflyttar, puggar du gjerne litt før du kjem på den nye arbeidsplassen din, og så er den sosiale aksepten i boks.

Då eg skulle bli presentert på mitt aller fyrste bokarrangement på Ål, gjekk det føre seg slik:

– Velkommen, Bergljot Kaslegard! – Takk! – Men, Kaslegard? – Ja. – Kven er du dottera til, då? – Til mor og far min.

Programleiaren stod og stussa litt, stakkar, lenge nok til at eg begynte å bli uroleg for at eg kanskje hadde vore litt frekk. Tilhøyrarane lo ikkje så veldig, men eg såg faktisk at mor og far min smilte letta då han gjekk og sette seg med uforretta sak. Det er nok enklast for ålingar å forhalde seg til andre om dei veit kva slekt det er snakk om.

Har du allerede registrert deg? Logg inn

Les Samtiden.
For å forstå tiden du lever i

Vi analyserer og diskuterer de viktigste spørsmålene i en stadig mer kompleks verden

  • Norges ledende kulturtidsskrift siden 1890
  • Utkommer fire ganger i året på papir. Over 100 sider med dybdeartikler, essays, intervjuer, m.m.
  • Full tilgang til vårt digitale arkiv med tidligere numre.
  • Invitasjoner til våre arrangementer, nyhetsbrev, podkast, m.m.
  • Del tekstene våre med vennene dine

Vil du bare lese ferdig denne artikkelen?

Da må du registrere deg med en e-postadresse