Portrettbilde av Merete Røsvik

Merete Røsvik

Ville tilstandar i undergangslandet

Medan folke- massane sig mot byane og utmarka gror igjen, breier fantasien og ideologien seg på landet. Bygda er i ferd med å få mytiske dimensjonar i samtids- litteraturen.

Samtiden spør

LOKAL IDENTITET

Eg har på ein måte alltid kjent meg som ein innflyttar, og har aldri fullt og heilt identifisert meg med staden eg har budd, og lokalmiljøet der. No betyr lokal identitet for meg at eg har valt ein stad å bu og eit miljø å jobbe i som passar meg – personlegdomen min, den sosioøkonomiske bakgrunnen, og verdiane mine.

Bygda og bondegarden har i norsk litteratur stått som det fremste uttrykket for vår nasjonale identitet, frå klassikarar av Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg, Knut Hamsun, Olav Duun, Sigrid Undset, Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge til mykje lesne samtidsforfattarar som Anne Karin Elstad, Herbjørg Wassmo og Roy Jacobsen. Mange av desse, og då spesielt våre samtidige, skriv om livet på landet slik det var før i tida. Men det er i skildringane av samtida at ein ser korleis blikket på bygda endrar karakter etter kvart som samfunnet endrar seg. Til dømes kan ein vel neppe seie at framstillinga av bygdeliv hos Thure Erik Lund, Hans Herbjørnsrud og Jon Fosse er direkte nasjonsbyggjande. Sams for desse tre er også at dei sprengjer bygdeliv både som tema og som psykologisk realisme. Snarare er staden for dei ei utskytingsrampe for overskridande, intellektuelle prosjekt. Slik sett er dei tre å rekne som stamfedrane til forfattarane eg skal ta for meg her.

No for tida endrar Noreg seg i takt med den globale urbaniseringa; folkestraumen går frå grisgrendte til tettbygde strok. På landet blir det altså stadig tommare, med omstridde kommunesamanslåingar og nedlegging av lokale sjukehus og nærskular som resultat. Det viser seg også i skjønnlitteraturen. Då Marta Norheim gav ut Røff guide til samtidslittera­ turen i 2007, var bygd–by ein sentral akse, og ho vigde eit kapittel til «skiten realisme» i bygdeskildringar, med forfattarar som Jonny Halberg, Kyrre Andreassen, Vidar Kvalshaug og Sigmund Løvåsen som døme. I oppfølgjaren som kom i fjor, Oppdateringar frå lykkelandet, slår Norheim fast at motsetnaden mellom by og bygd ikkje lenger er vesentleg. «Kva som har skjedd med Bygde-Noreg, er sannleg ikkje godt å seie. Kanskje det dukkar opp att om nokre år», skriv ho (s. 15).

Eg deler i utgangspunktet Norheims inntrykk av at geografisk lokalisering ikkje betyr like mykje som før, og éi årsak er rett og slett at forskjellane mellom urban og rural livsstil er mindre. Overalt sit folk med mobilen i handa eller pc-en i fanget og tek del i virtuelle samfunn.Til dømes kunne Carl Frode Tillers siste roman, Begynnelser (2017), ha gått føre seg nær sagt kor som helst i landet. Hovudpersonen er ein naturvernkonsulent som både sit på kontor og er ute i marka, som køyrer ungar til sportsarrangement og reiser på konferansar på hotell. At vi reiser mykje, er også sams for bygdeog byfolk, og i mykje aktuell litteratur går då også handlinga føre seg i både bygd og by, innog utland. Viktige forfattarar som Vigdis Hjorth og Hanne Ørstavik er tydelege døme, og ein ser det same i bøker av yngre forfattarar, som Heidi Furres Paris­ syndromet (2013), Amalie Kasin Lerstangs Europa (2014), Ida Hegazi Høyers Historier om trøst (2016) og Lotta Elstads Jeg nekter å tenke (2017).

Har du allerede registrert deg? Logg inn

Les Samtiden.
For å forstå tiden du lever i

Vi analyserer og diskuterer de viktigste spørsmålene i en stadig mer kompleks verden

  • Norges ledende kulturtidsskrift siden 1890
  • Utkommer fire ganger i året på papir. Over 100 sider med dybdeartikler, essays, intervjuer, m.m.
  • Full tilgang til vårt digitale arkiv med tidligere numre.
  • Invitasjoner til våre arrangementer, nyhetsbrev, podkast, m.m.
  • Del tekstene våre med vennene dine

Vil du bare lese ferdig denne artikkelen?

Da må du registrere deg med en e-postadresse