Portrettbilde av Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug

«Ein gong spelte eg eit Sjostakovitsjstykke på piano som sjokkerte meg.»

1 Hvis du kaster et blikk ut over norsk samtidslitteratur, hva ser du da? Er det noe det er for mye eller for lite av?

Eg rullar dette banneret nedetter utkikstårnet mitt: For min del kan det prinsipielt sett aldri bli nok av litteratur som snur opp ned på det eg forventar og trur at litteratur kan vere.

2 Hva eller hvem påvirker det du skriver? (Lov å nevne eksempler.)

Det handlar først og fremst om kva eg les. Eg blir fjernpåverka av det eg las for lenge sidan, og nærpåverka av det eg les no. Eg blir til dømes framleis påverka av nokre barnetimenhistorier om korleis stjernebileta blei til. Den ekstreme transformative krafta idet levande menneske blei slynga opp på himmelen og forvandla seg til knitrande stjerner, har nok aldri slutta å forbløffe eit visst indre vesen som eg kallar «meg sjølv». Men som J.D. Salinger har sagt: «A writer, when he’s asked to discuss his craft, ought to get up and call out in a loud voice just the names of the writers he loves.» Så: Virginia Woolf! Mary Ruefle! Lydia Davis! J.M. Coetzee! Med fleire!

3 Hvem er Norges viktigste forfatter akkurat nå, og hvorfor? (Lov å svare seg selv!)

Ein gong spelte eg eit Sjostakovitsj-stykke på piano som sjokkerte meg, eg var grusamt ung og hadde ikkje spelt eit einaste stykke der ein skulle halde høgrepedalen nede over fleire taktledd, ja om lag tvers gjennom heile stykket, slik at lyden blei grautete og valdsam – det verka som ei umogeleg løysing. Men slik kunne musikk altså vere, og attpåtil mindblowing?

Ja. Noregs potensielt sett viktigaste forfattar må klare å skape liknande rykk i medvitet, ettersom eg meiner at slike rykk er viktige, også nasjonalt. Her har vi heldigvis hatt fleire dei siste åra!

4 Hva er skjønnlitteraturens unike bidrag til den offentlige samtalen?

Skjønnlitteraturen kan seie sanninga, som Leila Slimani seier i eit intervju. Ho skildrar korleis ho i skjønnlitteraturen kan seie høgt det ho ikkje kunne seie til nokon. Det er også mi oppleving, sjølv om vi ikkje skriv om det same. Samtidig kan skjønnlitteraturen vise fram kor komplekst akkurat omgrepet sanning er, og det er endå viktigare enn tidlegare, i ei reklamegjennomsyra tid, med eit politisk taktskifte mot meir propaganda.

5 Hvordan skriver en norsk forfatter risikofylt, kontrært eller politisk ukorrekt i dag?

Skrive, skrive, skrive, og skrive godt, det er mitt forslag til svar på dette spørsmålet. Men det finst nok også andre svar.

6 Hvordan forholder du deg til begrepet «virkelighetslitteratur», og skriver du annerledes på grunn av den såkalte virkelighetsdebatten?

Eg skriv meir skjerpa på grunn av den såkalla verkelegheitsdebatten. Denne debatten har prega det meste eg har skrive det siste tiåret, og eg har prøvd mitt aller beste for å delta i debatten, gjennom bøkene mine. Men har det verka? Eg kan måle det like lite som eg kan måle badetemperaturen i vatnet, ettersom eg aldri kjøpte den badetemperaturmålaren eg stod og vurderte på butikken på Stryn. Eg synest det er givande å drive og skrive i margen av det skiftet i norsk litteraturhistorie som vi har vore vitne til no, og gratulerer kollegaene mine med å ha klart å skape det. Konklusjon: Det har vore interessant, givande, skjerpande.

7 Hva er det viktigste spørsmålet i vår tid, og hvordan preger det litteraturen din? Eventuelt: Hvorfor preger det ikke litteraturen din?

Klimaspørsmålet, som det heiter, i den grad det er eit spørsmål og ikkje ei konstatert katastrofe, er det viktigaste i vår tid. Det prega den siste boka mi på den måten at du der finn ein hovudperson som har ei dotter som er redd for klimaendringane og oppfordrar mor si til å bli flinkare til å sortere plast, og ein forteljar som er plassert i ei slags postapokalyptisk framtid kalla «etter Slutten», der det regnar heile tida. Når det gjeld akkurat klimaspørsmålet, håpar eg Presens Maskin for ettertida også kan vere ei slags minnebok om den spede starten til eit auka klimamedvit. Men spørsmålet om kva språk er, pregar nok boka i endå større grad.

8 Hvordan kan litteraturen gå nye veier det neste tiåret, og hvor går de veiene?

Svaret ligg hos litteraturen. Eg prøvde å ringe han og spørje, men han såg berre på meg, gjennom FaceTime-vindauget, der han stod, midt i samfunnet, verda og tida, like stumt og lukka som sfinksen i Theben.

9 Hvorfor skriver du akkurat det du skriver, hvorfor blir bøkene dine akkurat slik de blir?

Dei blir slik dei blir fordi eg plasserer orda i rekkefølgje på ein slik måte at dei blir slik dei blir. Dei blir slik dei blir på grunn av ei svært stor glede over å skrive, og å lese. Eg anar ikkje kvifor det er slik. Men språket er ufatteleg for meg, samtidig er det nærmast som å kunne flyge. Det er det grunnleggande, alt anna kjem etterpå. Trur eg, i alle fall.

10 Hvorfor skriver du?

Kan eg få svare med eit sitat frå ein Jenny Offill-roman? Ok! Her er det: «The Zen master Ikkyu was once asked to write a distillation of the highest wisdom. He wrote only one word: Attention. The visitor was displeased. Two words now. Attention. Attention.» Merksemd: Å skrive er å vere merksam, prøve å forstå. Men å skrive er også å prøve å vende merksemd mot noko, vise noko fram. Så kort sagt er det vel difor eg skriv. I tillegg til gleda det gir meg.

Har du allerede registrert deg? Logg inn

Les Samtiden.
For å forstå tiden du lever i

Vi analyserer og diskuterer de viktigste spørsmålene i en stadig mer kompleks verden

  • Norges ledende kulturtidsskrift siden 1890
  • Utkommer fire ganger i året på papir. Over 100 sider med dybdeartikler, essays, intervjuer, m.m.
  • Full tilgang til vårt digitale arkiv med tidligere numre.
  • Invitasjoner til våre arrangementer, nyhetsbrev, podkast, m.m.
  • Del tekstene våre med vennene dine

Vil du bare lese ferdig denne artikkelen?

Da må du registrere deg med en e-postadresse