Portrettbilde av John Magnus Ragnhildson Dahl

John Magnus Ragnhildson Dahl

Den polariserande humoren

Når humor blir debattert, stadfester me ofte gamle fordommar og posisjonar. Kan me komme oss vidare?

Samtiden spør

Kan du fortelle en vits?

Kvifor gjekk kyllingen over vegen? Fordi kyllingen bak han ikkje heldt ein meters avstand.

Nigger boy, nigger boy, Er så sort som skorstensrøk Vakre små mahogni-hender Store hvite perletenner Krøller som den sorte ull Hele nigger-knollen full.

Med denne songen avslutta Otto Jespersen siste episode av den siste programserien oppkalla etter aliaset hans, O.J. – En utstrakt hånd, som hadde det multikulturelle Noreg og «våre nye landsmenn» som gjennomgangstema. KORK var bytt ut med eit «etnisk» band, og vox populi-panelet, som før hadde vore tre av O.J.s barndomsvener, heitte no Ali, Jesus og Sambo. Gjennom to sesongar hadde Jespersen vitsa med fordommar og stereotypiar om integrering og innvandring, ikkje gått av vegen for å sitere ganske kraftig nedsetjande språk og dryge stereotypiar, og heile tida spelt rolla som velmeinande, men tydeleg allmektig og overlegen, kvit norsk mann. Songen «Nigger boy», framført av viseog world music-stjerna Birgitte Grimstad, føydde seg fint inn i dette, og var nok tenkt som ei ironisering over den velmeinande, men trass alt rasistiske måten nordmenn ofte såg og handsama «dei Andre» på – songen var nemleg ein verkeleg dansk/ norsk-barnesong trykt opp i songbøker som var populære i skuleverket til langt opp på 70-talet.

Jespersen fekk mykje pes for O.J. – En utstrakt hånd, men det var ikkje på grunn av bruken hans av rasistiske stereotypiar. Seint på 90-talet var det faktisk kyrkja som makta å lage debatt, fordi dei meinte Jespersen hadde vanæra ein døypefont i ein sketsj, og biskop emeritus Per Lønning stilte opp i programmet og var ein av dei få gjestene Jespersen har hatt som klarte å ta kontroll over intervjusituasjonen. Ein slik situasjon – der eit heilt program over to sesongar lirer av seg stereotypiar og skjellsord om innvandrarar, utan at nokon reagerer, men ein einskild sketsj der nokon drikk av ein døypefont klarar å lage debatt – er det vanskeleg å førestille seg i dag. Det skal eg kome tilbake til.

Jespersens innvandringshumor blei nemleg hylla, dersom han blei nemnt i det heile. Mange kommentatorar sa det var på tide at innvandring blei tema for TV-humor. Det var heller åtaka hans på einskildpersonar og kyrkja som blei sett på som problematisk. Nokre år seinare hamna Jespersen i ein meir tilspissa humorkontrovers. Som programleiar i Torsdagsklubben blei humoren hans ofte sett på som injurierande, mellom anna av Kjell Magne Bondevik, etter at Jespersen hadde uttala at Bondevik måtte «røske hue ut av medisinskapet». I den samanhengen uttalte nestoren i norsk humorforsking, Sven Svebak, at Jespersen hadde gått over streken. Samstundes kom han med eit avslørande innspel som kastar ljos over kvifor Jespersen sin innvandringshumor var så lite kontroversiell. Svebak hevda nemleg at Jespersen var ein betre satirikar før, då «alle» forstod at når han vitsa om innvandrarar, vitsa han eigentleg om nordmenn sine haldningar til innvandrarar.

Men forstod eigentleg «alle» det?

På nettstader som Resett og Document,1 men også i kommentarfeltet under gamle videoar av Jespersen på YouTube,2 finn ein fleire som skriv at dei saknar Otto Jespersen, som vågde å vere politisk ukorrekt og seie det «som det er» om innvandrarar. Eg kjenner også fleire som har fortalt meg at deira framand-fiendtlege onkel/stefar/nabo lo godt av Jespersen sin innvandringshumor på 90-talet. Dette er så klart ikkje anna enn anekdotiske prov – men nok til å gjere det klart at mange ikkje så på Jespersen som ein som dreiv med satire om nordmenn sine fordommar, men tvert imot som ein som gav innvandrarar det velfortente glatte lag.

Ein slik dobbelt botn er typisk for humor, vil eg seie. Humor er i sin natur fleirtydig – men òg så tett knytt opp til kjenslene våre, tankane om kva som er passande og upassande, og komplekse sosiale kodar at me ofte trur at vår tolking av han er den einaste sanne og tenkelege. Men eigentleg blir humor tvert om tolka, forstått og nytta på mange ulike måtar, særskilt humor som sirkulerer i massemedia, som til dømes fjernsynskomedie. Difor blir me ofte veldig overraska når nokon blir fornærma av ein vits me likte, eller kanskje tar ille opp det me sjølv meiner berre var ein dårleg, men ufarleg spøk – og det set i gang ein humorkontrovers, der frontane ofte blir veldig harde.

Det kunne ha skjedd i tilfellet O.J. – En utstrakt hånd, men det skjedde ikkje – mest truleg fordi dei moglege motpartane anten ikkje visste om kvarandre, eller ikkje hadde ei stemme i det offentlege.Velmeinande menneske som stort sett var for innvandring, tykte dette var flott satire over alle fordommane dei meinte eksisterte der ute. Menneske som var skeptiske, eller beint fram imot innvandring, såg kan hende programmet som frisk satire over alt det problematiske innvandrarane førte med seg. Og innvandrarane sjølv? Dei kom lite til orde i 1999.

Har du allerede registrert deg? Logg inn

Les Samtiden.
For å forstå tiden du lever i

Vi analyserer og diskuterer de viktigste spørsmålene i en stadig mer kompleks verden

  • Norges ledende kulturtidsskrift siden 1890
  • Utkommer fire ganger i året på papir. Over 100 sider med dybdeartikler, essays, intervjuer, m.m.
  • Full tilgang til vårt digitale arkiv med tidligere numre.
  • Invitasjoner til våre arrangementer, nyhetsbrev, podkast, m.m.
  • Del tekstene våre med vennene dine

Vil du bare lese ferdig denne artikkelen?

Da må du registrere deg med en e-postadresse

Andre artikler fra Humor! - makt og avmakt