Portrettbilde av Erik Ulfsby

Erik Ulfsby

Hæ, ser du ikkje TV-seriar?

Kvifor nyttar tv-seriane så tradisjonelle forteljargrep?

Reaksjonen er den same. Alltid. På linje med om eg hadde sagt at eg stemmer mørkeblått, føretrekker ferdigmat eller ikkje drikk alkohol. Men det er altså sant. Eg finn tv-serien uinteressant. Tenk det. Tv-serien, som er det nye omdreiingspunktet i middelklassesamtalen. Her kan du vere smaksdommar, kunstkjennar, historieinteressert og estetikar på ei og same tid. Mine gode kollegaer frå film og tv-verda må sjeldan stå til rette for at dei ikkje går på museum eller i teateret. Men om du innrømmer at du finn dagens utval i tv-seriar uinteressant, da er det noko du ikkje har forstått. Da må det forklarast. Ofte, og grundig. Med vekslande hell, må eg innrømme.

I mitt daglege virke som teatersjef ved eit av landets største scenehus, møter eg mange som arbeider i filmog tv-bransjen. Og forundringa er alltid like stor over mitt manglande engasjement for arbeidet deira. Særleg når eg sjølv arbeider med kunst. I eit intervju tidlegare i år, fekk eg spørsmål om korleis eg til dømes fekk tid til å sjå tv-seriar når eg arbeidde så mykje og hadde tre barn. Eg svara at eg stort sett ikkje såg dei. Da rann det inn med kommentarar og spørsmål frå folk, som nærast bad om ein forklaring. Så her kjem eit ærleg forsøk på det frå han eine som ikkje har omfamna seriefråtsinga.

TV-MEDIETS UTVIKLING

Eg synest tv-serien i all hovudsak er keisam. Og ja, eg har lurt på kvifor. Her er ein hovudteori: I motsetnad til alle andre kunstfelt har tv-serien nærma seg ei slags avbilding av verkelegheita. For om lag 20 år sidan gjekk Vebjørn Sand ut og kritiserte sine bildekunstnarkollegaer for å måle for uforståeleg. Han meinte at eit minimumskrav måtte vere at dei kunne måle ei realistisk hand. No brukar heldigvis ikkje bildekunstfeltet Sand-doktrinen som ein kvalitetsmarkør, men ein kan jo spørje seg om ikkje tv-serien er blitt ramma av dette Sand-syndromet. Der alle andre kunstarter har gått frå å etterlikne verkelegheita til meir eller mindre å gå bort frå ho, nærmast rive ho i sund, opponere mot ho, så har tv-dramaet i all hovudsak satsa på realismen og naturalismen, som er «the new shit» på TV. (Wow, han såg heilt lik ut som kong Olav!) Bildekunsten er kanskje det tydelegaste dømet på utvikling. Før fotografiet kom, var det viktig at ein skulle måle slaget ved Hastings så realistisk som råd er, at kongen skulle sjå ut slik han var eller ville sjå ut, eller måle landsbylivet i all sin grøderikdom. Det var etterlikninga som rådde. Etter at fotografiet kom, har ein heldigvis vendt seg bort frå dette, og store kunstnarar har utfordra oss formmessig. Innan eit rimeleg tidsperspektiv gjeld det same for teateret. No nyttar ein i teateret stadig fleire verkemiddel for å lausrive seg frå realismen og for å nærme seg nye, meir intellektuelt og emosjonelt effektive og uventa former for formidling av menneskelege drama.

KUNSTNARLEGE PREMISSAR

Eg trur dette handlar om kontrakten med sjåaren. Det er på ein måte skrive i stein at eit drama på tv er verdilaust dersom det vi ser på skjermen ikkje er likt røynda, anten det gjeld tidsepoken, stemninga, dialekta eller skodespelarane sin etnisitet. Men tv-dramaet må òg utfordre kontrakten med sjåaren. Det må få til noko som er bra på andre visuelle premissar enn gjenskaping. Det handlar om konvensjonar som er blitt for tronge. Kvifor er det sosiolekta til Pia Tjelta som er gjenstand for størst debatt etter storsatsinga Lykkeland? Kva er problemet? Skal kunsten bli redusert til hermegåsa? Kvifor må vi diskutere om Anders Baasmo Christiansen er for fyldig til å ha vore lang tid på Kon-Tiki, eller kvifor må Jon Øigarden plage seg med å lære ei tilnærma nordlandsdialekt i Halvbroren fordi han skal vere frå eit fiskevær? NRK melder at den neste store satsinga no blir filmatiseringa av bøkene til Jon Michelet om krigsseglarane. Så dei er vel fullt opptekne med å finne ein som liknar han, bygge same type båtar som tida krev, og slik held dei på. Men er det den beste måten å fortelje om det store dramaet krigsseglarane eigentleg stod i på? Vi har jo sett bilde og filmsnuttar frå den tida og kan absolutt førestille oss korleis det såg ut, men det som er viktigast å poengtere, er vel dilemmaa, dei etiske problemstillingane dei stod overfor. Og da kan det vel tenkast at etterlikninga ikkje er det einaste og mest passande verkemiddelet. Vi har så mange flinke, dyktige folk – kva med å unne dei friare rammer reint kunstnarleg? Eller skal arbeidet deira verkeleg diskuterast på premissar som er så uinteressante?

UMODERNE TANKEGODS

Men når alt dette er sagt, så meiner eg sjølvsagt ikkje at vi ikkje skal lage drama i realismesjangeren, men la oss for guds skyld få litt variasjon! No gjer vi jo berre det same. Og ja, eg er redd for at dette vil påverke resten av kunstfeltet. Og at kravet til etterlikning blir ei naturleg og naudsynt sak for nye generasjonar. Eg vil understreke at dette i all hovudsak gjeld dramasjangeren. Ikkje komedie-, science fictioneller andre sjangrar som historisk har eksperimentert med form. Men eg unner altså dramaet å ha fleire kontraktar med sjåaren, at aksepten blir større for andre visuelle grep. No er det nærast slik at kvar einaste tv-serie eller film endar opp i ein diskusjon om likskap med verkelegheita. Grunnen må jo vere at folk er opptekne av det. Og kanskje blir dei det fordi det er lagt sånn vekt på etterapinga. Men om ikkje for nokon annan grunn, kan vi ikkje berre bli einige om at den tankerekka er umoderne?

Har du allerede registrert deg? Logg inn

Les Samtiden.
For å forstå tiden du lever i

Vi analyserer og diskuterer de viktigste spørsmålene i en stadig mer kompleks verden

  • Norges ledende kulturtidsskrift siden 1890
  • Utkommer fire ganger i året på papir. Over 100 sider med dybdeartikler, essays, intervjuer, m.m.
  • Full tilgang til vårt digitale arkiv med tidligere numre.
  • Invitasjoner til våre arrangementer, nyhetsbrev, podkast, m.m.
  • Del tekstene våre med vennene dine

Vil du bare lese ferdig denne artikkelen?

Da må du registrere deg med en e-postadresse