Kari Veiteberg

Thomas Hylland Eriksen

Spør Kari & Thomas om alt du vil

Hva er meningen med døden? – Samtiden Takk for godt spørsmål! Finst det ei meining med han? spør menneske i nærkontakt med døden. Og dei fleste av oss svarar, nesten utan å tenke oss om: – Nei. Det gjer ikkje det. Eg trur vi skal halde fram med å svare slik. Særleg når det gjeld den døden som kyrkja kallar ein «vond og brå død». Døden kan vere tung, hard og gjere vondt.

Når det er sagt, veit eg at det òg kan vere sant at døden kjem som ei frigjering, at menneske kan døy mett av dage. Eg veit om eldre menneske som ser fram til å døy. Kroppen er utsliten og jamaldringane deira er for lengst døde. Det finst ei grense for kor lenge kroppen kan halde det gåande.Vi skal alle døy ein gong. Døden er eit livsvilkår.

Men kven er du som spør? Eg har møtt folk som nettopp har fått høyre at dei kjem til å døy tidlegare enn dei hadde rekna med. Dei stiller meg dette spørsmålet. Eg har òg snakka med folk i sorg som nettopp har mista ein av sine kjære. Dei stiller meg dette spørsmålet.Vi blir ofte sittande lenge saman, og vi møtest fleire gonger. For her handlar det ofte om å orke å leve vidare. Korleis skal eg få til å leve vidare no når min kjære er død? Korleis skal eg leve med dødsdommen?

Døden er ei byrde ved livet. Kanskje kan byrda bli lettare om vi snakkar meir med kvarandre og får vite meir om kvarandre. For samtalen vår kan ta ulike vendingar, alt etter kva som tynger oss.

Eg trur ikkje at eg kan svare med ei eintalsform om meininga med døden. Eg vil heller utfordre ved å spørje: Kva meining kan vi gi til at mennesket er døyeleg?

Kva lys og kva skugge kan kunnskapen om at vi skal døy kaste over våre eigne liv? Det ein i tradisjonen har kalla kunsten å døy (ars moriendi), har alltid vore umogeleg å skilje frå kunsten å leve. (Eller ars vivendi, som Georg Johannesen minna oss på at det kunne heite.) Skal vi nærme oss den store gåta som døden er, på ein meiningsfull måte, trur eg ikkje vi kjem unna å gjere bruk av overleverte formuleringar, poesi, bilete, musikk og rituelle handlingar. Eg for min del trur og håpar, og legg min eigen død og den døde i Guds hender. Det gjer ikkje døden mindre vond, men eg har erfart at han blir lettare å bere.

I dag har eg lyst til å framheve ein relativt nyskriven salme som eg reknar med vil bli brukt i mi eiga gravferd, nemleg «Nattsalme» av Jon Fosse. Han står i den nye salmeboka og inneheld strofer som «Det finst ei natt som møter deg / og tek deg mildt imot / og lèt deg kvila æveleg, / di hand, di sjel, din fot».

Kari

Har du allerede registrert deg? Logg inn

Les Samtiden.
For å forstå tiden du lever i

Vi analyserer og diskuterer de viktigste spørsmålene i en stadig mer kompleks verden

  • Norges ledende kulturtidsskrift siden 1890
  • Utkommer fire ganger i året på papir. Over 100 sider med dybdeartikler, essays, intervjuer, m.m.
  • Full tilgang til vårt digitale arkiv med tidligere numre.
  • Invitasjoner til våre arrangementer, nyhetsbrev, podkast, m.m.
  • Del tekstene våre med vennene dine

Vil du bare lese ferdig denne artikkelen?

Da må du registrere deg med en e-postadresse