Portrettbilde av Edvard Lysne

Edvard Lysne

Landskapet under isbreen

Historia er nøkkelen til å forstå vår tids politiske konfliktar.

Samtiden spør

HVA ER DEN BESTE MEDISINEN MOT POLARISERING?

Samfunnsdebatten er altfor dominert av eit lite sosialt sjikt og må utvidast for å spegle eit samfunn som er breiare. Me må ansvarleggjere det harde, bebreidande og direkte utskjellande språket. Me må være skeptiske til alle som hevdar at dei har moralen og retten på si side. Moralske hersketeknikkar reduserer samfunnsdebatten til eit binært «på lag med det gode eller på lag med det vonde».

EIT NYTT POLITISK LANDSKAP?

Etter lokalvalet i fjor haust kunne ein få inntrykk av at alle etablerte politiske lover vart oppheva. «Et nytt politisk landskap» var tittelen på VG sin valganalyse umiddelbart etter valet.1«Et protestvalg som dramatisk endrer det politiske landskapet», hevda NRK.Magnus Takvam: «Et protestvalg som dramatisk endrer det politiske landskapet», 2 Men er det faktisk eit dramatisk nytt politisk landskap me anar konturane av? La meg snarare hevde – tvert imot! Det me ser, er effekten av gamle, stabile strukturar og lange samfunnslinjer som me kun forstår om me børstar støvet av sentrale analyser av norsk historie og samfunnsutvikling. Det me ser, er djupe historiske furer i det norske politiske landskapet.

«De regionale særpregene som fascinerte Rokkan, finnes knapt mer», hevda BT sin dåverande politiske redaktør Frøy Gudbrandsen (no sjefredaktør) ved opptakten til valkampen.3 Ikkje berre trur eg ho tek feil, eg trur tvert imot at gårsdagens regionale særpreg er ein viktig nøkkel for å forstå dynamikken i dagens norske politikk. Det moderne Norge, slik me kjenner det, blir framleis forma i spenninga mellom eit knippe politiske kulturar som til saman utgjer Norge sin politiske geografi. I vår seinmoderne epoke har det sjølvsagt dukka opp nye historiske element som utfordrar desse strukturane, for eksempel auka sosial og geografisk mobilitet, global kapitalflyt, digitale og sosiale medium. Men poenget med denne teksten er å understreke forklaringskrafta til dei forbløffande seigliva skiljelinjene i Norge – også inn i vår flytande, globaliserte og digitale epoke.

Det er grunnar til at gamle regionale konfliktlinjer i dag kan stå fram som passé. I tiåra etter krigen vart desse tona ned fordi Norge vart eit meir homogent politisk fellesskap etter dei harde samfunnskonfliktane i mellomkrigstida og den eksistensielle krisa under krigen. Landet fekk ein veksande «funksjonærklasse», altså folk med stillingar utanfor primærnæringane og industriell produksjon. Dette sjiktet breidde seg utover landet i takt med at marknadsøkonomien og velferdsstaten gradvis vart dominerande rammer for arbeidslivet etter krigen. Den ekspanderande velferdsstaten hadde stort behov for funksjonærliknande arbeidskraft over heile landet, gjennom ein raskt veksande offentleg sektor innan helse, utdanning og administrasjon. Samtidig flytta det private næringslivet gradvis meir av arbeidsstokken frå produksjonsarbeid og over mot funksjonæren sitt «kontorarbeid».

Høyre og aller mest Arbeiderpartiet evna å kanalisere desse nye, veksande sosiale mellomsjikta inn under sine breie politiske venger. Frå sin base i lågare sosiale lag retta Ap seg mot funksjonærsjiktet innafor offentleg sektor og den nye middelklassen. Motsett vende Høyre seg, frå sin base i det høgare borgarskapet innan næringsliv og embetsverk, mot det nye funksjonærsjiktet i privat sektor og den same nye middelklassen. Toppunktet for desse to breie partia var stortingsvala i åra før og etter 1980, der dei til saman fekk om lag 70 prosent av stemmene.4 For å bruke eit bilde: Me kan samanlikne denne veksten i desse nye og relativt homogene middelklassesjikta som vaks over heile landet, med ein isbre. Ein isbre viskar ut dei topografiske forskjellane i landskapet under seg og skapar eit nytt landskap som er meir flatt og einsarta. Og for å fortsette metaforen: Det me ser i dag, er at denne isbreen gradvis smeltar og avdekker eit politisk landskap me ikkje heilt kjenner att og derfor trur er nytt.

Har du allerede registrert deg? Logg inn

Les Samtiden.
For å forstå tiden du lever i

Vi analyserer og diskuterer de viktigste spørsmålene i en stadig mer kompleks verden

  • Norges ledende kulturtidsskrift siden 1890
  • Utkommer fire ganger i året på papir. Over 100 sider med dybdeartikler, essays, intervjuer, m.m.
  • Full tilgang til vårt digitale arkiv med tidligere numre.
  • Invitasjoner til våre arrangementer, nyhetsbrev, podkast, m.m.
  • Del tekstene våre med vennene dine

Vil du bare lese ferdig denne artikkelen?

Da må du registrere deg med en e-postadresse