Bok

Arne Henning Årskaug ute med prosasamlingen Skap & Sørg

Publisert Sist oppdatert

Skap & Sørg av Arne Hennings Årskaug er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvillig set seg ned og skapar ei verd som minner mistenkjeleg om vår eiga, og til og med deg sjølv ei natt du har vanskar med å få sove.

I Skap & Sørg utforskar Årskaug mekanismane som får menneske til å trasse og til å lystre, alle dei gørre livsvilkåra ein må hanskast med anten ein vil eller ikkje, på sitt eige gjenstridige og usjenerte vis.

Arne Henning Årskaug (f. 1985) kjem frå Holsen i Sunnfjord og bur i Oslo. Han debuterte i 2015 med prosasamlinga Utstyrstekstar og arbeider som bibliotekar.

Powered by Labrador CMS