Bok

Ellevill teikneserie for barn om norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear

I «Floke 3 Verdas ende» avsluttar teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl den elleville og fantastiske forteljinga om Floke Skrufson, den godlynte trubaduren som får i oppgåve å redde verda frå ragnarok. Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd.

Publisert Sist oppdatert

I første bok får han eit viktig oppdrag: han må redda verda frå jordas undergang. Men for å gjere det må han legge ut på ei lang reise. I denne tredje og siste delen av soga kjem Floke og vennene endeleg fram til Åsgård, heimen til gudane. Der møter dei mellom andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender, men korleis skal ein fredeleg fyr hindre den store undergangen?

Som i dei to føregåande bøkene leiker Neverdahl seg med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear, i blanda regnbogar, magisk sopp og ein kosete Fenrisulv. Trilogien om Floke byr på absurde situasjonar, humoristiske karakterar og ei mildt sagt overrasking vending mot slutten.

Om «Floke 2 Inn i skrømtskogen» skreiv Egon Låstad i Barnebokkritikk «Ida Neverdahls gjendiktning av Ragnarok er et sprelsk og freidig stykke sekvensiell kunst. Tegneserien slår floke på fortidens forestillinger om heltemot.»

Ida Eva Neverdahl (f.1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge.

Powered by Labrador CMS