Bok

Erlend Skjetne er aktuell med diktsamlinga «Alt som skranglar». Foto: Leikny Havik Skjærseth

Dikt om tilhøvet mellom ein far og ei språklaus, psykisk utviklingshemma dotter

DERFOR DIKT ‎| Erlend Skjetne er aktuell med diktsamlinga «Alt som skranglar». – Eit godt dikt kan seia meir på fem linjer enn visse romanar gjer på hundrevis av sider.

Publisert Sist oppdatert

­

Erlend Skjetne (34)

  • Yrke: Lærer i norsk for voksne innvandrere
  • Utdanning: Master i nordisk litteratur

  • Bosted: Trondheim

  • Aktuell med: «Alt som skranglar»

  • Forlag: Flamme forlag

Kva skriv du dikt om?

– Alt som gjer inntrykk på meg i kvardagen. Historier eg høyrer, menneske eg møter, stader eg vitjar. Men boka «Alt som skranglar» handlar, relativt konkret, om tilhøvet mellom ein far og ei språklaus, psykisk utviklingshemma dotter.

Er det noko frå ditt eige liv eller samtida du hentar ideane til dikta frå?

– I den nye boka mi har grunnideen eit temmeleg personleg utgangspunkt, det skal eg ærleg innrømme. Men eg vil insistere på at boka ikkje handlar om meg og dottera mi, men om ein far og ei dotter som kan vera ingen eller kven som helst.

Kvifor dikt og ikkje roman?

– Boka er utan kronologi eller tydeleg utvikling, ho handlar meir om ein slags tilstand. Vi er i kvardagen til ein liten familie, og den er tidvis prekær, men òg prega av lyse augneblinkar. Eit godt dikt har ei eiga evne til å fange inn og kaste lys over dei småe tinga, over augneblinken. Mange av dikta i boka er temmeleg prosaiske i tonen, men eg trur ikkje at romansjangeren ville tilført stoffet noko meir enn det lyriske formatet greier – tvert imot.

Kva vil du formidla gjennom dikta dine?

– Eg har prøvd å skrive fram ein type eksistens som er svært annleis enn dei fleste sin. Verbalspråket er noko av det vi tenkjer på som typisk menneskeleg, men eit menneske utan språk er sjølvsagt òg eit menneske. Så kva skjer i ein nær mellommenneskeleg relasjon der språket manglar? Faren i boka slit med å takle denne situasjonen. Om dikta lykkast eller mislykkast med å nærme seg det skøyre tilhøvet mellom far og dotter, får vera opp til å andre å avgjera.

Er det eit av dikta dine du vil dele (frå di nyaste samling) – og kvifor nettopp dette diktet?

– Eitt dikt i den nokså lyse sluttdelen av boka heiter «Epos». Eg vonar at dette diktet seier noko om ei slags halsstarrig stoltheit trass alt.

Frå ordløysa di

spirer tistlane,

eit blygt evangelium.

Lækjarar, gudar

har ingenting

dei skulle ha sagt.

Vi kan sjølve

gje røyst til ein,

togn til den andre.

Regn og rus

til dei som minst

fortener det.

Blir dikta dine til på kort tid etter du får ein ide eller kan du snikra på eit dikt i fleire år?

– Kvart dikt er ein lang prosess. Eg har ein tendens til å skrive veldig mykje, og så gjeld det å luke bort alt det dårlege og odle det som kanskje kan bli noko bra. Av og til er det berre éi line av eit langt dikt som er verd å ta vare på. Kanskje bør denne få stå åleine, kanskje bør ho setjast inn i ein ny samanheng. Slikt må ein tygge lenge på.

Dei færraste diktsamlingane blir trykte i store opplag. Ved å velja dikt som kunstform, vil det seia at du er meir oppteken av formidling enn av kor mange som kjøper diktsamlinga di?

– Det stemmer nok. Eg har aldri rekna med å nå mange med dikta mine, men di større pris set eg på kvar lesar. I dette tilfellet har eg skrive ei diktsamling som kanskje kunne ha vorte ein slags roman i staden, og romanar sel ofte betre. Men eit godt dikt kan seia meir på fem liner enn visse romanar gjer på hundrevis av sider. Eg skal på ingen måte påstå at dette gjeld mine dikt, men ein må jo prøve.

Kven har inspirert deg til å bli ein best mogleg diktar - og kvifor?

– Inspirasjonen har nok kome smygande umerkeleg frå alskens bøker eg har lese opp gjennom åra. Men om eg heller kan få svara på kven som har hjelpt meg til å skrive betre, er den viktigaste utvilsamt redaktøren min i Flamme forlag, Geir Nummedal. Eg har lært utruleg mykje av han.

Kan du nemna éin person du håpar les diktsamlinga di - og kvifor?

– Ein far til eit såkalla annleisbarn. Men denne boka har eg kanskje gjort eit halvhjarta forsøk på å hekte meg på den såkalla barselbylgja i norsk litteratur. Der handlar jo det mest om mødrer, og om born som hyler og skrik ei stund før dei snart blir som alle andre. Men det finst også fedrar, og det finst born som ikkje lagar ein lyd, og born som aldri blir vaksne.

Finst det ei bok eller diktsamling du vil tilrå andre å lesa – og kvifor?

– Når vi no snakkar om lyrikk: Eg blir aldri ferdig med Olav Nygards «Ved vebande» frå 1923. Det er ei lita bok som rommar livet, dauden og endå mykje meir, og det i ei suveren lyrisk form.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS