Bok

Ellen Løvhaug Harrison er aktuell med sin første bok, Søv berre når du søv.

– Då hadde boka blitt fiks og dårleg og ingen hadde fått lesa den

DERFOR DIKT ‎| I «Søv berre når du søv» har Ellen Løvhaug Harrison brukt deler av et slags kidemateriale fra eget liv – fotografier, hjemmevideoer, brev og chatsamtaler. Men det meldte seg til dikta av seg selv.

Publisert Sist oppdatert

­

Ellen Løvhaug Harrison (29)

  • Yrke: Student og forfattar
  • Utdannelse: Skrivekunstakademiet, Bachelor i musikkteater (og snart) i litteraturvitskap
  • Bosted: Bergen
  • Aktuell med boken: «Søv berre når du søv»
  • Forlag: Det Norske Samlaget

Hva skriver du dikt om?

– Eg hadde ikkje skrive så mykje dikt før denne diktsamlinga, men det ligg ofte eit slags sakn i dei dikta eg skriv, eit slags forsøk på å nærma seg det som ikkje let seg nærmast.

Er det noe fra ditt eget liv eller samtiden du henter ideene til diktene fra?

– Eg tillet meg å ikkje kalla det eg hentar for idear, for når eg skriv frå idear blir det alltid fikst og dårleg og ingen får lesa det. I Søv berre når du søv har eg brukt delar av eit slags kjeldemateriale frå eige liv – fotografi, heimevideoar, brev og chatsamtalar, men det materialet melde seg berre til dikta av seg sjølv. Og heldigvis var det ikkje ein idé til å byrja med, for då hadde boka blitt fiks og dårleg og ingen hadde fått lesa den.

Hvorfor dikt og ikke roman?

– Eg har skrive veldig mykje meir prosa enn dikt, men dette prosjektet fungerte ikkje som prosa. Kanskje kjeldematerialet og eg-et snakkar betre gjennom diktet som litterær form sidan det òg kan vera fragmentarisk av natur, men eg trur kanskje òg at diktet best rommer den motstriden som ligg i sakn. For verken saknet eller diktet kan nå fram, det må brytast av.

Hva vil du formidle gjennom diktene dine?

– Eg prøver å formidla ei slags kjærleikserklæring gjennom boka, til det som var og til det som ikkje blei. Men det er noko eg har med meg inn, og treng ikkje å vera det lesarar hentar ut.

Blir diktene dine til på kort tid etter du får en ide eller kan du snekre på et dikt i flere år?

– Dei vert alltid snekra masse på. Og lenge. Eg trur aldri dei blir heilt ferdige, men av ein eller annan grunn kan ein likevel snekra dei i hel, så ein må berre læra seg kva tid ein skal stoppa.

De færreste diktsamlinger trykkes i store opplag. Ved å velge dikt som kunstform, vil det si at du er mer opptatt av formidling enn av hvor mange som kjøper diktsamlingen din?

– Eg kan nok skryta på meg å vera meir oppteken av formidling enn av kor mange som kjøper diktsamlinga, sjølv om dei to tinga delvis overlappar, men dette prosjektet blei dikt fordi det måtte bli dikt. Det har verken å gjera med eit ønske om formidling eller om høge salstal.

Hvem har inspirert deg til å bli en best mulig dikter?

– Oi, er det kvalmt å seia redaktøren min? Martin Ingebrigtsen. Han er poet, og har eit nydeleg språk for litteratur.

Kan du nevne én person du håper leser diktsamlingen din?

– Eg skulle ønska eg kunne senda den til Klaus Hagerup – som ein slags takk for den skatten det var å lesa Høyere enn himmelen som barn. Eg veit ikkje om eg eigentleg hadde våga at han skulle lesa den, men eg skulle gjerne sendt den likevel.

Finnes det en bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese?

– Det må vera Stoner av John Williams, eit kunstverk av det stille. Fordi eg unner Stoner å bli lese, og eg unner alle å bli ør og rørt av den.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS