Bok

Martin Ingebrigtsen følger opp debuten fra 2018 med diktsamlingen Bukk & sigd.

– Ei bok som aktiverte stader i hjernen min eg ikkje visste at eksisterte

DERFOR DIKT ‎| Martin Ingebrigtsen ville fortsatt å skrive dikt selv uten å ha en eneste leser og uten å selge en eneste bok: – Når det er sagt, så sett eg pris på kvar einaste lesar og kvar einaste solgte bok. Brødskive smaker best med pålegg.

Publisert Sist oppdatert

­

Martin Ingebrigtsen (39)

  • Yrke: Poet
  • Utdannelse: Mastergrad
  • Bosted: Trondheim
  • Aktuell med boken: «Bukk & Sigd»
  • Forlag: Samlaget

Hva skriver du dikt om?

– Død far, død venn, film, teikneseriar, andre dikt, mine dikt, Per Olov Enquist, William Blake, Bukk og Sigd. I den rekkefølgja.

Er det noe fra ditt eget liv eller samtiden du henter ideene til diktene fra?

– Absolutt ikkje. Det er juks.

Hvorfor dikt og ikke roman?

– Eg er frista til å svare kategorisk og berre seie «fordi eg er poet», men det ville vore litt for teit. Sanninga er at eg godt kan vere ein poet som skriv roman. Det er meir banalt: Den eine gongen eg prøvde så gjekk det på trynet. Vel, vel, «try again, fail better».

Hva vil du formidle gjennom diktene dine?

– At verda er vakker, også når den står i brann. Og at det sama gjeld for båe brannstiftaren og brannmannen. Og for dei som står og ser på. Og for dei som brenn inne.

Blir diktene dine til på kort tid etter du får en ide eller kan du snekre på et dikt i flere år?

– Båe deler. I Bukk & Sigd står eit dikt som heiter «Poetikk». Det er 90 sider langt og består delvis av at eg sporer heile arbeidsprosessen med eit dikt som heiter «Du blir til trær», frå første skisse i 2019, til det blir ferdig i 2022. Til samanlikning så blei «Natt til 19.8.20» skrive på ein kveld. Om ein ikkje reknar den siste strofa, som vart skissa ned nokre månader før.

De færreste diktsamlinger trykkes i store opplag. Ved å velge dikt som kunstform, vil det si at du er mer opptatt av formidling enn av hvor mange som kjøper diktsamlingen din?

– Å vere poet er eit arbeid ein må forsørgje. Ein må tene pengar ein annan stad, for å kjøpe seg sjølv fri til å arbeide. Det er dessutan tidkrevjande og vanskeleg å skrive dikt. Då eg likevel gjer arbeidet, så er det fordi eg er takknemlig for å ha funne i meg sjølv evna til (og gleden over) å arbeide med poesi. Eg er trygg på at eg ville fortsatt dette arbeidet utan å ha ein einaste lesar og utan å selje ei einaste bok. Når det er sagt, så sett eg pris på kvar einaste lesar og kvar einaste solgte bok. Brødskive smaker best med pålegg.

Hvem har inspirert deg til å bli en best mulig dikter?

– Robert Desnos var ein av dei tidlege surrealistane, kompis med Breton, Tzara, osv. Skreiv vakre kjærleiksdikt. Han engasjerte seg i den franske motstandsrørsla under 2. verdenskrig og blei arrestert. Dei sendte han til Theresienstadt. Då krigen nærma seg slutten, blei Desnos og fleire av medfangane hans putta inn i ein lastebil og køyrt til avretting. Dei visste kva som skulle skje. Då dei kom fram tok fangane oppstilling ved lastebilen. Desnos braut oppstillinga og greip ein av medfangane si hand. Eg ser du har ein svært lang livslinje, sa han. Du skal få tre barn! Så tok han handa til den neste fangen og leverte ein tilsvarande optimistisk spådom. Han var svært entusiastisk, og humøret smitta, ikkje berre dei andre fangane, men vaktane også. Vaktane klarte ikkje gjennomføre avrettinga, lasta alle ombord i lastebilen og køyrte tilbake til leiren. Han døydde av lungebetennelse nokre dagar etter frigjeringa av Theresienstadt.

Kan du nevne én person du håper leser diktsamlingen din?

– Det hadde vore kult om Alan Moore leste den.

Finnes det en bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese?

Ete, pule, drite, føde, drepe, blø av Hiromi Ito. Ei bok som aktiverte stader i hjernen min eg ikkje visste at eksisterte, glitrande gjendikta av Ika Kaminka. Løp og kjøp.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS