DERFOR BOK

Anne Kalvig er tidligere professor i religionsvitenskap ved Universitet i Stavanger, men sa opp stillingen etter uenigheter. Hun har forsket på kjønn, kultur og religion i samtiden og er aktuell med boka Kjønnstru: Kampen om røynda.

Anne Kalvig måtte starte eget forlag for å gi ut boka – og sa samtidig opp stillingen som professor

Anne Kalvig har møtt på flere utfordringer i arbeidet med boka Kjønnstru: Kampen om røynda. Hun håper statsministeren leser den – og at han «kjenner seg kalla til handling».

Publisert Sist oppdatert

Hvorfor har du skrevet denne boken?

Anne Kalvig (51)

  • Yrke: Arbeidslaus, startar på gartnarutdanning til hausten
  • Utdannelse: Doktorgrad i religionsvitskap
  • Bosted: Randaberg
  • Aktuell med boken: Kjønnstru: Kampen om røynda
  • Forlag: Medvit forlag
  • Antall sider: 353

– Eg skreiv boka for å framvisa og analysera kva illegitim utvikling som har gått føre seg på kjønnsfeltet, og korleis dette har gått ut over kvinners rettar især. Det har også vore viktig å peika på ein mogleg veg ut av uføret me er i. Boka presenterer endringar i førestillingar og praksis kring kjønn innan språk, juss og medisin, kva aktørar og nettverk som er ansvarlege for utviklinga, korleis media har handtert denne situasjonen, og korleis me kan forstå ideane om kjønn som lausrive frå kroppen, som ein type tru eller religion.

Hva er de viktigste poengene som kommer frem?

– I staden for at me lar subjektive trusførestillingar om å vera eit kjønn ein ikkje er bli nedfelt som fakta i lovverk, undervisning og offentlegheit, bør slike førestillingar handsamast som nettopp tru – som einkvar er fri til å tru på. Det vil seia at andre også er like frie til ikkje å ta del i denne trua. Der er me ikkje nå, nå har me tvang til tru og deltaking i andres kontrafaktiske trusoppfatningar om kjønn.

Hvilke nye synspunkter og/eller teorier presenteres?

–  Eg presenterer den fyrste omfattande, tverrfaglege og kritiske gjennomgangen av korleis kjønn gjekk frå å vera ein biologisk mekanisme for reproduksjon, som det er knyta både kjensler og ei mengd sosiokulturelle konstruksjonar til, til at kjønn er noko den enkelte bestemmer kva er, lausrive frå kropp og materiell røynd. Eg skriv rett fram at dette er ulogisk, irrasjonelt, emosjonelt, religionsliknande og diskriminering av kvinner, i og med at vårt vern som kjønn, tar utgangspunkt i kjønn som fakta. Nå er mann kvinne viss han seier så. Frå eit kulturanalytisk, religionsvitskapleg synspunkt, er det svært interessant å sjå bestemte idear og praksisar overta samfunnet på rekordtid, og med menns fetisjisme som viktig drivkraft. Frå eit kvinnepolitisk, demokratisk, etisk og barnerettsleg perspektiv, for å nemna noko, er det sjokkerande og opprørande, og noko eg aldri kjem til å godta.

Hvilke utfordringer møtte du underveis i arbeidet med bokprosjektet?

Anne Kalvig har skrevet boka Kjønnstru. Kampen om røynda.

– Eg opplevde at forlaget eg hadde kontrakt med, ikkje var einig med meg om korleis denne boka burde vera. Så me blei einige om å terminera kontrakten. Deretter var det ingen forlag som ønska å gje ut boka, sjølv om dei meldte at dei synst manus var bra, men «det er ikkje marknad for ei slik bok», heitte det. Då etablerte eg mitt eige forlag, Medvit forlag. Det har vore ein interessant og lærerik prosess å gje ut bok på eige forlag. Under arbeidet med boka, sa eg også opp stillinga mi som professor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger, då dei meinte forsking som framstiller meg som høgreekstrem, er sannferdig og redeleg forsking, idet dei avviste min forskingsetiske klage på dei falske påstandane. Dette utgjorde ei ekstra utfordring i samband med ferdigstilling av boka.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

–  Nja, eg har stor familie og mange dyr, og har ikkje eige kontor, så eg jobbar med tekst i små rykk og napp. Men eg har alltid hatt mange jern i elden og mange plikter, så eg jobbar også raskt og effektivt når eg fyrst får ei ledig stund.

Hva vil du oppnå med boken?

–  Eg vil at Norge skal venda tilbake til ei objektiv røynd, til logisk tenking, og til reelt diskrimineringsvern for alle grupper som har behov for dette. Boka viser kva slags illegitime, lysskye og udemokratiske prosessar og nettverk som har fått oss dit me er i dag på feltet kjønn, og eg vil at folk skal vakna, og kjenna eigarskap til demokratiet og avgjerdsprosessar, og krevja politisk handling og endring på kjønnsfeltet.

Hva vil du at leseren skal sitte igjen med etter å ha lest den?

–  Eg håper at lesaren sit igjen med mykje meir kunnskap og med vilje til å krevja politisk endring, og at dei ansvarlege for den situasjonen me er i, skal måtta stå til ansvar. Eg vil at lesaren skal kjenna på kraft som kulturmedskapande aktør. At han eller ho erkjenner at ingen skal bli fråtatt språk, trusfridom, ytringsfridom og rettar som demokratiske medborgarar, bare fordi ei ideologisk og religiøs rørsle med pengesterke aktørar forlangar det.

Kan du nevne én person du håper leser boken?

–  Eg håpar statsministeren les boka, og kjenner seg kalla til handling.

Hvilken bok vil du anbefale andre å lese?

–  Barabara Ehrenreichs Living with a Wild God: A Nonbeliever's Search for the Truth about Everything (2014). Ei svært interessant bok om oppvekst, filosofi og spiritualitet, skriven av ein aldrande, radikal, politisk og skeptisk ateist som like fullt skildrar det å «leva med ein vill Gud».

Hvilken forfatter har betydd mye for deg?

–  Mary Daly ga meg ei innføring i radikalfeminisme med boka Gyn/Ecology (1979), som eg har båre med meg sidan.

Hvis du måtte velge?

Jon Fosse – Dag Solstad
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Elsykkel – Sykkel
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS