DERFOR BOK

Ida Kleppe er bonde og kjent fra NRK-serie – men har skrevet bok for å overleve rent økonomisk

– Eg skriv om alt som kan gå gale og alle tabber og feil eg har gjort sjølv. Eg trur at humor og sjølvironi passar inn også i ei dyrkebok.

Ida Kleppe ble i 2018 første bybonde i Bergen – og kan i disse dager ses på Draumen om eit småbruk på NRK der vi følger hennes og familien realisere sin småbruksdrøm på gården Lundemannsverk på Stord. Nå er hun aktuell med sin første bok.
Ida Kleppe ble i 2018 første bybonde i Bergen – og kan i disse dager ses på Draumen om eit småbruk på NRK, der vi følger hennes og familien realisere sin småbruksdrøm på gården Lundemannsverk på Stord. Nå er hun aktuell med sin første bok.
Publisert Sist oppdatert

Hvorfor har du skrevet denne boken?

Ida Kleppe (45)

  • Yrke: Bonde
  • Utdannelse: Filmprodusent og gartnar
  • Bosted: Stord
  • Aktuell med boken: Idas kjøkkenhage
  • Forlag: Vigmostad & Bjørke
  • Antall sider: 191

– For å overleve reint økonomisk. Som bonde tjener ein dårleg. Marknadshagar produserar mykje mat, men får svært lite subsidiar via tilskot til landbruket. Då må ein finne andre måtar å tene pengar på. Eg er glad i å skrive, og eg har holdt mange kurs i dyrking. Dermed har eg kunnskap, ferdigheiter og erfaring som tilseier at eg skulle klare å skrive ei bok. Det er ikkje mykje pengar i å gi ut bøker heller, men eg held i alle fall hovudet over vatnet.

Hva er de viktigste poengene som kommer frem?

–  Dyrk jorda, så klarer plantene seg sjølve. Dyrk det du likar å ete, og dyrk i sola.

Hvilke nye synspunkter og/eller teorier presenteres?

– Eg skriv om alt som kan gå gale og alle tabber og feil eg har gjort sjølv. Eg trur at humor og sjølvironi passar inn også i ei dyrkebok.

Hvilke utfordringer møtte du underveis i arbeidet med bokprosjektet?

– Å formidle kunnskap som eigentleg er svært kompeks på ein lettfatteleg måte er utfordrande. Kor djupt ned i materien må ein gå? Eg hadde lyst til å ta med fleire ting i boka: Meir om kompostering, meir om beskjering av frukttre, meir om jord og jordsmonn. Men kunsten har heile tida vore å avgrense seg.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Alt eg skriv skal bidra til at lesaren vil ut. Vil prøve. Vil dyrke. Om noko ikkje bidreg til dette, så kuttar eg det ut. Dette var ein lakmustest for meg når eg skreiv boka.

Hva vil du oppnå med boken?

– Eg vil ha folk ut i hagane sine. Eg vil at dei skal dyrke matplanter, og eg vil at dei skal lykkast. Eg unner ALLE å ete tomatar dei har dyrka sjølve, å sjå at det spirer i ei potte med gulrotfrø, og å vente i spenning på at epla skal modnast. For det er ekte livskvalitet og ekte glede.

Ida Kleppe ble i 2018 første bybonde i Bergen – og kan i disse dager ses på Draumen om eit småbruk på NRK der vi følger hennes og familien realisere sin småbruksdrøm på gården Lundemannsverk på Stord. Nå er hun aktuell med sin første bok.

Hva vil du at leseren skal sitte igjen med etter å ha lest den?

– Eg vil at lesaren skal ivre etter å kome seg ut og putte frø i jorda. Og eg vil at lesaren skal ha kunnskap nok til å sørgje for at frøa vert til planter som gir mat.

Hva gjorde at du fikk lyst til å sette i gang med et så stort prosjekt som å skrive en bok?

– Eg treng pengane. Eg har investert mykje i å byggje opp ein gard, men eg har heile tida visst at ein tener dårleg på å produsere mat. Fram til garden er i full sving, så treng eg alternative inntekter.

Kan du nevne én person du håper leser boken?

– Mi mor. Ho har primær progressiv afasi, og er i ferd med å miste orda. Men eg håper at ho rekk å lese litt i denne boka. Og ikkje minst at ho kan ha glede av bilda. Dessutan dyrkar ho både agruk, tomat og blomar. Så kanskje ho kan lære noko også.

Hvilken bok vil du anbefale andre å lese?

– Eg tenkjer at det er ikkje så viktig kva for bok folk les, så lenge dei les. Om det er krim eller Jon Fosse eller fagbøker – eg trur at i det skjermsamfunnet vi lever i, så har vi mykje å tene på å lese bøker på papir. Det er noko eige.

Hvilken forfatter har betydd mye for deg?

– Herbjørg Wassmo. Eg las dei bøkene når eg var svært ung. Kanskje for ung for tematikken. Det gjorde inntrykk, og eg trur det har vore med å forma meg som menneske.

Hvis du måtte velge?

Jon Fosse – Dag Solstad
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Elsykkel – Sykkel
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS