DP helg

OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»).

OJKOS slepp første singel frå ny plate

Publisert Sist oppdatert

Av med rustninga, det er tid for ein kvil, og ein dans i 7/4-takt. No kjem Ridderrast, første singel frå albumet Mensa Rotunda til komponistkollektivet OJKOS. Her får ein smake på lyden av eit stort jazzensemble i 2021 med komposisjonar av nordfjordingen Andreas Rotevatn.

Dette er andre gong vestlendingen, Andreas Rotevatn, gjev ut ei plate med sin musikk for OJKOS. Den førre, alea iacta est, gav han ein nominasjon til Spellemannsprisen i kategorien Tonos komponistpris. Rotevatn har óg produsert plata, denne gongen i samråd med ei av hans inspirasjonskjelder: Lars Horntveth, mest kjend frå Jaga jazzist.

I tillegg til OJKOS sine faste 14 frilanserar, har bandet med Eivind Helgerød som gjest. Han er både ein framifrå trommeslagar, og ein suksessfull produsent. Mellom anna har han produsert dei to første platene til Emilie Nicolas, og Cezinando sitt seinaste album.

Musikken på plata hentar inspirasjon frå mang ei kjelde, men alltid med ein groovy beat som følgesven. No kan du ta ein dans i møte med "Ridderrast", kor skeive taktartar viser seg å være dansbare dei óg. Komponist og produsent på plata, Andreas Rotevatn, har choppa opp tromminga til Eivind Helgerød, og hintar med det til både hip hop og elektronisk musikk. Men samtidig er det fortsatt med ein fot i jazzen, med rom for ein salig gitarsolo ved Arne Martin Nybo, og Gil Evans-inspirerte messingakkordar.

I tillegg har kunstnar Bjørnar Sira laga ein musikkvideo til låta - eit noko uvanleg fenomen i jazzverda. Her møter ein kontrasta mellom det elektriske og akustiske, det tidlause og det øyeblikkelege, og den hasten ein møter i bylivet i forhold til den rasten ein finn i naturen.

Powered by Labrador CMS