Fra arkivet

Kva språket seier

Hva sier egentlig ordene vi bruker når vi snakker om kjærligheten? Filolog Kristin Fridtun har lagd en mini-ordliste for oss.

Publisert Sist oppdatert

­

slå opp

Å verta forlaten kan kjennast som eit slag i andletet. Dei som forlèt partnaren, vert òg prega. Dei kan kjenna seg såre all igjennom, mestsom møyrbanka. Likevel er det ikkje slike slag som ligg til grunn for ordlaget «slå opp».

Utgangspunktet for det heile er den gamle skikken med å stadfesta avtalar gjennom å ta kvarandre i handa. Om ein i eldre tid skulle oppheva avtalar som var komne i stand med handslag, måtte det fysiske handslaget opphevast. Det kunne gå føre seg slik: Dei to partane handtokst, og så kom ein tredje person, lat oss kalla det ein forliksmann, og slo dei to hendene frå kvarandre nedanfrå. Han slo opp, bokstavleg tala.

Seiemåten «slå opp (att)» har vore nytta om oppheving av mange slags avtalar. I ordboka til den danske embetsmannen Matthias Moth (1649–1719) finn me formuleringa «slâe købet op» (‘heva kjøpet’). «Slå opp» har òg vore nytta om å avslutta ekteskap, men det vanlegaste har vore å nytta uttrykket om å oppheva trulovingar. Når ein har gift seg, er det ingen veg attende, om me skal tru stevet: «Gjifte seg æ kji hest’e byte; ein fær kji slå upp-att om ein finn lyte.»

Det er vel få i dag som stadfester trulovingar med eit handslag. Men vigselsliturgien seier at paret skal gjeva kvarandre handa på det. Deretter legg liturgen – endå ein tredjepart, altså – handa si oppå hendene til paret. Ved skilsmål kunne me ha hatt ein seremoni der handslaget til paret vart slege opp, men i dag hadde nok mange oppfatta det som brutalt og rart.

Å verta dumpa og ditcha er òg brutalt. Då vert me vraka, kasserte, handsama som verdlaust skrot. Ditcha er attpåtil i ætt med dike og kan omsetjast med ‘kasta i grøfta’ (jf. eng. ditch, ‘grøft’). Samanlikna med dumpa og ditcha er uttrykka «slå opp» og «gjera det slutt» milde og høviske. Dimed kan me bruka dei til å pynta på sanninga. Me kan seia at me har slege opp på ein respektfull måte, når me i røynda har dumpa og ditcha. Og motsett: Den som er forlaten, kan bruka dumpa og ditcha til å framstilla eksen som ekstra vond og fæl.

Men kva er den rette måten å slå opp på, då? På nettet aular det av rettleiingar og ordskifte om saka. Ikkje uventa meiner dei fleste at ein helst skal gjera det slutt andlet til andlet. Om det er uråd å få til, skal ein ringja eller prata saman på videochat. Dei som ikkje får seg til å slå opp munnleg, har i dag ei rekkje digitale løysingar å velja mellom. Ein av dei verste framgangsmåtane, som eg veit har vore nytta, er å endra sivilstatus på Facebook utan å seia frå til partnaren fyrst.

sidesprang

Eit sidesprang er eit sprang til sida, men til sida for kva? Me skjønar alle at sidespranget i strengaste meining er eit byks eller hopp bort frå den leia me går i eller er vend mot. Me kan til dømes fara bortetter ein skogsstig og så brått skvetta til sides og sleppa fram ein fartsgalen syklist. Utgreiing og drøfting vert òg oppfatta som ferdsle frametter, fylgjeleg brukar me gjerne sidesprang om avvik frå hovudlina eller hovudsporet i innlegget (jf. avsporing): «Deltakaren i ulvedebatten gjorde eit sidesprang til norsk litteraturhistorie.» Men er kjærleikslivet vårt òg ei slik rørsle frametter?

Folk som har granska metaforane me hjelper oss med når me tenkjer på og talar om kjærleik, vil svara ja. Dei kan jamvel fortelja oss at det er vanleg å sjå på kjærleiken som ei reise, medan sjølve kjærleikstilhøvet (til dømes ekteskapet) vert oppfatta som ein farkost som rører seg frametter og fraktar partnarane gjennom eit land- eller havområde. Ved fyrste augnekast verkar det merkeleg, men sjå på desse heilt kvardagslege formuleringane: «Dei har køyrt seg fast.» «Ekteskapet havarerte.» «Me må reparera forholdet.» «Dei har gått kvar sin veg.»

Ein kjærast, sambuar eller ektemake er såleis ein reisekamerat. Eit fast reisefylgje. Me fer frametter i lag, og leia me fer, er hovudlina i kjærleikslivet vårt. Å ha romantiske og erotiske eventyr med andre er jamgodt med å ta ein avstikkar. Me forsvinn inn på ein sideveg, vildrar oss bort frå den vegen me «eigentleg» skal halda oss på, den som er tilrettelagd for ålmenn ferdsle.

I mellomtida sit partnaren åleine att i farkosten på hovudvegen. Stoggar farkosten automatisk når den eine smyg seg ut or han? Kan ein lukkeleg uvitande partnar gassa på og halda fram åleine? Må sidespringaren i så fall hoppa på i fart? Slikt kan ein undrast på. Ein kan òg undrast på korleis polyamorøse relasjonar ter seg i denne metaforiske strukturen. Sit alle i éin bil, eller køyrer dei i kortesje?

Det er i alle fall opplagt at eit sidesprang er etter måten stuttvarig. Dersom eventyret varer lenge, liknar det ikkje så mykje på eit sprang lenger. Eit sprang er stutt og eksplosivt. Det er ingen som har krefter til å halda på med spranget over tid. Før eller seinare går intensiteten ned, og det heile vert meir som ein rusletur.

lukkeleg gift

Visse hendingar og levemåtar går for å vera lukkebringande. Å gifta seg er noko av det gjævaste ein kan gjera: Bryllaupsdagen vert ofte omtala som «den lukkelegaste dagen i livet». I boka The Promise of Happiness (2010) skriv Sara Ahmed at det ikkje er me sjølve som tillegg bryllaup og andre saker ein slik lukkebringande eigenskap. Det er kulturen som fortel oss kvar lukka er å finna. Våre eigne kjensler og opplevingar kan strida mot den overordna lukkeforteljinga, til dømes hender det at folk kjenner seg sorgsame i sitt eige bryllaup.

Lat oss førestilla oss at me er i bryllaupet til eit heteroseksuelt par. Kva er verst: at brura sturer, eller at brudgomen gjer det? Tradisjonelt har bryllaup og ekteskap vore rekna som avgjerande for lukka til kvinner. Eg vågar denne påstanden: Det er i større grad forventa at brura skal «stråla av lukke», enn at brudgomen skal gjera det.

Dersom brura ikkje har den lukkekjensla som det er forventa at ho skal ha, kjem ho truleg til å prøva å dekkja over mishøvet gjennom å spela lukkeleg. For dersom ho viser at ho er lei seg, kan dei andre verta lei seg, då vert alt feil! Her ser me at lukka kan te seg som ei oppmoding eller plikt. Ahmed argumenterer overtydande for at lukka nettopp er ein reiskap som styrer oss mot dei livsvala samfunnet held for å vera rette og gode: «It is not simply that we desire happiness, but that happiness is imagined as what you get in return for desiring well.»

«Desiring well» inneber mellom anna å halda seg til éin partnar om gongen, og denne partnaren skal helst vera nokon av det motsette kjønnet. Mange foreldre vert urolege når barnet deira står fram som skeivt – ikkje fordi dei har noko imot det skeive, men fordi dei er redde for at barnet skal få det vondt og vanskeleg. Kor mange foreldre til heteroseksuelle born uroar seg for at borna skal verta ulukkelege fordi dei er hetero?

Heteroseksuelt samliv og familieliv er hovudingrediensen i førestillinga vår om det gode og lukkelege livet, og det som fører oss bort frå denne livsforma, er assosiert med sorg, motgang og elende. For å plukka opp att sidesprang-tråden: Det monogame heterolivet er den asfalterte hovudvegen, medan andre levemåtar er sidevegar i ulendt terreng. Dersom livet på sidevegane (etter)liknar hovudveglivet, er det likevel von. Skeive par som lever monogamt og stiftar familie, har lukka innanfor rekkjevidd. Men folk som vel å ha ingen eller mange partnarar (av ymse kjønn), eller som ikkje vil ha born – nei, det er oppløysande og trist. Eller?

sjekketriks

Å vera god i sjakk kan vera eit sjekketriks, i alle fall i visse krinsar. Reint språkleg er det òg ein samanheng mellom dei to sakene: Substantiva sjekk og sjakk er i utgangspunktet det same ordet. Båe kan sporast attende til persisk sjah (‘styrar, konge’). Det skal me ikkje tolka som at kongar historisk sett har vore meistrar i sjekking. For det er snarare motsett. Makta og rangen deira har ofte vore så dragande at jamvel dei mest uflidde og usjarmerande kongane har fått seg kone(r) heilt utan å gjera ein innsats sjølve.

Nei, det er kongebrikka i sjakkspelet det dreiar seg om her. Medan sjakk kom inn i nordiske mål frå lågtysk allereie i mellomalderen (norr. skák), kom sjekk og sjekka til oss noko seinare, og då frå engelsk. Substantivet check vart opphavleg nytta til å varsla at kongebrikka til motspelaren vart sett i ei farleg stilling (jf. òg checkmate, ‘sjakkmatt’). Check og det tilhøyrande verbet check fekk snøgt ei rekkje biletlege tydingar, og orda har i mange hundre år vore nytta om å stogga, hindra, passa opp og kontrollera. I pengesamanheng vart sjekk (som i banksjekk) opphavleg nytta om kontrollkupongen. Presist når og korleis me tok til å bruka sjekka om kurtisering («sjekka damer», «sjekka opp nokon»), er diverre uklårt.

Dei som vert sjekka opp av nokon dei slett ikkje vil verta sjekka opp av, kan kjenna seg som ein sjakkspelar som får kongen sin sett i sjakk. Dei byrjar straks å sjå seg om etter rømmingsvegar, helst ein som ikkje fører dei inn i ei ny knipe. Det å søkja etter (seksual)partnar vert gjerne oppfatta og omtalt som ein krig eller ei jakt, jamfør seiemåtar som «kapra nokon», «tidlegare erobringar», «få nokon på kroken». Slik sett er det rimeleg at dei som råkar ut for ein pågåande sjekkar (som dei ikkje likar), kjenner seg kringsette og forfylgde. Men det kan vel òg vera litt spanande at nokon jaktar på ein?

Dei som meistrar sjekkekunsten, kan tena godt på å læra bort sjekkereplikkar og andre sjekketriks. Det er noko sleipt og instrumentelt over det å bruka knep og innøvde frasar for å få nokon til å lika ein, men eit sjekketriks kan vera så mangt. Det å setja seg inn i korleis folk tenkjer og handlar, og ta omsyn til det når ein er «på sjekker’n», er vel fyrst og fremst lurt.

Når ihuga sjekkarar slår seg laus på ein sjekkestad, kan dei koma til å bruka den same sjekkereplikken på alle kandidatane. Kan henda er dei så høglydte at alle får det med seg. Det er ikkje noko sjakktrekk. Då kan dei som vert sjekka opp, få kjensla av å vera varer på eit samleband, eller endå verre: kjøtstykke på ein kjøtmarknad.

Elska

Når folk vert bedne om å draga fram vakre norske ord, er det støtt nokon som nemner kjærleik og kjærlighet. Eg lastar dei ikkje. Desse orda målber noko stort, fint og viktig. Reint ordhistorisk er kjærleik og kjærlighet likevel berre måteleg interessante. Dei er avleidde av adjektivet kjær, som tidleg kom inn i germansk gjennom gamalfransk frå latin (carus, ‘dyr, kostesam; verdfull; avhalden’). Litt pirrande er det at kjær og hor er nærskylde ord: Båe er runne av ei rot med tydinga ‘vera glad i, trå etter, ynskja’. Men det mest interessante kjærleiksordet vårt, etter mi meining, er det uregjerlege, motsetnadsfylte og særnordiske verbet elska.

Ingen veit kvar det kjem frå. Etter alt å døma er det avleitt av eit gamalt adjektiv som me finn att i norrønt elskr (‘glad i’). Men der stoggar spora. Den etymologiske forklåringa me oftast støyter på i ordbøkene, går ut på at elska heng i hop med verbet ala. Tanken er då at det adjektivet som elska kjem frå, hadde grunntydinga ‘avlande, oppalande’.

Det verkar vel rimeleg? Me kan jo fint bruka elska når me talar om aktivitetar som har med avl og oppaling å gjera, til dømes seksuell omgang («elska med nokon»). Dessutan har me ord som framelska og oppelska, som i stor grad overlappar med ala opp. Men noko skurrar med denne forklåringa, skriv Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman i Våre arveord(2000). Til dømes ser me ikkje snurten av tydinga ‘avlande’ i dei eldste kjeldene. Norrønt elskr vert berre nytta om kjærlege kjensler. Seiemåten «elska med» er òg temmeleg ny: Det var fyrst på 1900-talet at han fekk vid utbreiing. Dei to granskarane reknar det som meir sannsynleg at elska høyrer til ei rot som tyder ‘brenna’, og at grunntydinga til elska er ‘ha varme kjensler for’.

Det er denne spaninga mellom kjensleplan og handfaste lekamsrørsler som gjer elsk-orda så morosame. Stundom nyttar me dei om sterke og djupe kjensler, stundom om lekamleg samkvem med eller utan slike kjensler, stundom om båe delar samstundes, men på motstridande måtar. Me kan ha elskarar og elskarinner som me elskar å elska med, jamvel om me ikkje elskar dei.

Men korleis veit me om me elskar nokon? Kva tid skal me fortelja dei det? Og vert ordet utslite om me nyttar det ofte? Når folk drøfter slike spørsmål, er ikkje elska fyrst og fremst eit artig ord. Det har eit alvor over seg. Ein dåm av høgtid. Å kunngjera at ein elskar nokon, er å blottstilla seg. Men det finst ingen fasitsvar her. Dei som elskar ordet elska og brukar det utan blygsel, kan trygt halda fram.

Powered by Labrador CMS