KOMMENTAR

Auschwitz: Skammens stad og det moderne samfunnets tvitydigheit

Den politisk hjernedøde Elon Musk meiner no at det forfatningstrugande AfD vil «redda» Tyskland. Og at fortida får for mykje merksemd for tida. 80-årsminnet for Auschwitz får dermed ein ny uhyggeleg dimensjon.

80-årsminnet for Auschwitz får ein ny uhyggeleg dimensjon, skriv professor Bernt Hagtvet. Bildet er fra Auschwitz-Birkenau State Museum i Oswiecim i Poland.

Mondag 27. januar var det 80 år sidan Den raude hæren inntok KZ Auschwitz og fann mellom 7 og 8000 avsjela menneske der, meir eller mindre i ein tilstand av død.

At det ikkje kom representantar frå det landet som leid mest for å knusa nazismen – Russland – er symptomatisk for den paria-status Vladimir Putins rike no har. Men Volodomyr Zelenskij var der; ukrainske troppar var med i dei sovjetiske avdelingane som frigjorde leiren. Det var symboltungt.

Ljosoffer for dei døde

Representantar frå 50 land hadde samla seg føre den opne leirporten som no hadde fått ei jernbanevogn plassert i inngangspartiet før den uhyggelege perrongen der lagnaden mellom liv og død vart avgjort på minutta ledsaga av siklande schäferhundar.

Dei var der alle: den minskande troppen av overlevande, (den eldste var 99 ); kongar og presidentar og statsministrar; familiar til ofra, og folk som berre ville minnast i det stille.

Alle la dei ned eit ljosoffer føre porten. Det var verdig og talande.

Elon Musk var ikkje der. Men det var minnet om kva general Dwight D. Eisenhower uttala då han nokre veker seinare fekk sjå massegravene og dei utpina lika i Bergen-Belsen: «Det seiast at amerikanske soldatar ikkje veit kva dei kjempar for, men no veit dei kva dei kjempar mot.»

Han tvinga tyske sivile å sjå på ugjerningane. Noko å læra for Musk.

Leir for sovjetiske krigsfangar

Det er vanleg å seia at om kring 1,1 million menneske vart myrda i KZ Auschwitz. For det mest jødar, men leiren vart skipa for å avretta sovjetiske krigsfangar og husa polske krigsfangar. I tillegg til jødane vart minoritetar systematisk også myrda der: homofile, romar og politiske fangar, især polakkar.

At alle vart snauklipte var medvite: fangane skulle ikkje kjenne kvarandre att; alle individuelle særdrag skulle rivast bort. Difor også den stripete fangedrakta.

At tyske storfirma som I.G. Farben systematisk brukte fangar som slavearbeidarar i parallell-leiren Birkenau, utfyller biletet av det intime sambandet mellom vondskap, teknologi og umenneskeleg raseideologi.

Ukrainas president Volodymyr Zelinskyj under minneseremonien i Auschwitz 27. januar.

Den same bruken av slavearbeidararar gjorde Albert Speer seg skuldig i då han etablerte den underjordiske leiren Dora-Mittelbau for å bygga V 1 og V2 rakettane.

Speer burde naturlegvis ha vore hengt, slik Auschwitz-kommandanten Rudolf Höss vart i 1947. Det skjedde eit steinkast frå bustaden hans i leiren - der han høyrde klassisk musikk og leika med ungane sine medan fru Höss stod ved kjøkenbenken og ikkje let seg affisera av røyken frå gasskamra like ved.

Den moderne ambivalen

Leiren vil alltid står der som eit monument over menneskeleg vondskap og ideologisk vanvit: det totalitære samfunnssynet, som også venstresida har lefla med. Samstundes som ei påminning om den djupe ambivalens som det moderne samfunnet ber i seg.

Sjølve leiren er ein illustrasjon på det industrielle, vitskapleggjorte massemordet, med siste nytt i krematorieovnar (frå firmaet «Topf und Söhne, Gmbh» frå Erfurt, som var stolte over den effektiviteten i likbrenning dei etter mykje strev fekk opp); bruk av IBM-kort for å gjera arrestasjonane av jødane enklare; innsikt frå kjemien, som opna for å gjera Zyklon B gass, som opphaveleg var sikta inn mot ugrasutrydding, til mordvåpen; og moderne byråkratiske rekneskap-, revisjonsmetodar og planlegging. (Ikkje noko anna kunne gjera Adolf Eichmann meir rasande enn at toga ikkje gjekk på minuttet og vart brukte til anna en fangetransport). I tillegg kom radiotelefoni og telegram og siste nytt i effektivt jernbanevesen.

Folkemordet stod ikkje i motsats til denne moderne verdas oppfinningar. Tvert om, folkedrapet representerer den ytste, «logiske» bruken av moderne teknologi og byråkratisk tenking, modernitetens essens.

Det finst mange ikkje-moderne folkemord (Sørvest-Afrika 1904, Rwanda, Indonesia, Darfur), men i Europa var nazistanes Endlösung ikkje tenkjeleg utan moderne teknologi og byråkratisk tenkemåte. Det burde mana til ettertanke.

Ein ny mennesketype?

Nazi-Tyskland reiser spørsmålet om dei totalitære regima frambrakte ein ny mennesketype: personen som la all vekt på å vera spørsmålslaust lydig. Dei fekk ikkje sine normale refleksar mobilisert på grunn av sensuren i diktaturet og den massive tanketvangen - og difor var eimsame og forsvarslause med si frykt og nummenheit. Slik kunne dei gjera ufatteleg vondt utan å kjenne særleg anger eller tenking.

Dette var Hannah Arendts grunntanke når ho utmynta omgrepet «det vondes banalitet». Det kom til henne då ho såg korleis Adolf Eichmann trivialiserte sin eigen død på skafottet i 1961. Her stod det ikkje eit monster, men ein stakkarsleg byråkrat som på dødens terskel berre kunne ytra seg som ei slaskete ordsprøyte.

Nazistane var ikkje «vonde» i eigne auge: dei var stolte medhjelparar som gjorde fødselsveane til nye ariske sivilisasjonen meir kortvarig ved å utrydda dei biologisk avartane og dei heslege riksfiendane. Deira ville vera «anstendig» som Himmler sa det til gau-leiarare då dei stod andsynes haugene med lik.

Nazismen var ein appell til patriotisme og ueigennytte, ein oppfordring til det reine livet i nasjonalkjærleik. Nazismen kvelva ein himmel over vondskapen. I dette ligg den uhyggelege appellen. Kva sa ikkje Martin Heidegger: Hitler hadde så skjøne fingrar.

Biologisk renovasjon

Berre les psykiateren Robert J. Liftons bok om nazilegane som skreiv dulledalle-kjærleiksbev til sine gretchen’ar om kvelden, etter at dei hadde gjennomført dei mest grusomme medisinske «eksperimentar» (les tortur) med slavearbeidarar om føremiddagen.

Legane såg på seg sjølve som en slags renovasjonskontoristar som skulle fjerna biologisk slagg på samfunnskroppen og hadde inga skuldkjensla. Dei tenkte biologisk. Det dei gjorde var ein slags sivilisatorisk plikt. Det er også ei åtvaring.

Nazismen var eit produkt av konkrete realhistoriske hendingar: nederlaget i fyrste verdskrigen; Versailles-freden 1919 (som var ein fransk hemnfred som John Maynard Keynes åtvara mot); trugsmålet frå kommunismen i den innleiande epoken av Weimar-republikken; finanskrisene i 1921 og 1929 då det tyske borgarskapet miste alle sparepengane sine; arbeidsløysa og regjeringskrisene frå 1930 til 1933.

Men nazismen var også produktet av ein mentalitet: ein djup anti-demokratisk kultur; pseudovitskaplegheit («sosialdarwinisme»); anti-semittisme (som Hitler omdana til ein biologisk hat-ideologi, å vera jøde låg i blodet); hyper-nasjonalisme fødd av såra patriotisk kjensle av å bli audmjuka; anti-rasjonalisme, macho-dyrking og rasisme.

Dette syndromet kan koma att. Difor er KZ Auschwitz eit talande minnes- og åtvaringsmerke for all tid. Ikkje minst no med ein Musk i fri dressur. Primo Levi sa det slik: Såra kan ikkje helast. Dei strekk seg gjennom tida.

Powered by Labrador CMS