Kultur

Pengepolitisk rapport frå ... Svalbard! (åpen)

«Svalbard! Pengar!» (Spartacus forlag) er den fyrste boka på norsk som fortel historia om Svalbard-pengar: Lokale pengar utferda av både norske og utanlandske gruveselskap gjennom store delar av 1900-talet. Framleis er pengar eit «spegelbilete» av ymse former for arbeid over ulike tidsrom, og soga om Svalbard-pengane handlar i grunn og botn om fenomenet pengar – inkludert kryptovaluta. Eit kapittel (i lett modifisert form) kan lesast her.

Publisert Sist oppdatert

­Soga om Svalbard er òg ei forteljing om ei rekkje eksperiment. Utsetjing av moskus for snart 100 år sidan var eit slikt forsøk. Det viktigaste (og minst kjente) eksperimentet var likevel ordninga med lokale valutaer gjennom store delar av 1900-talet; setel og mynt utferda av amerikanske, britiske, norske, sovjetiske og svenske gruveselskap – uavhengig av både sentralbankar og andre bankar. Pengehistoria på Svalbard er bokstaveleg tala perifer, men samstundes eit utgangspunkt for å tenkja og skriva om kva pengar til sjuande og sist er, og korleis pengar skifter med tid og teknologi:

Den svenske reiseføraren har langt hår og heilskjegg, leksikalske kunnskapar om Svalbard og mange års røynsle frå Antarktis. Det utdelte utstyret vårt er tipp topp frå topp til tå: hjelm, briller, kjeledress, køyrehanskar, skor og snøscooterar med X hestekrefter, der X er eit stort tal. Sleden etter scooteren til guiden vert lasta med proviant og ekstra drivstoff. Sannsynet for uløyselege problem og andre vanskar er å sjå til minimert. Det er seinvinter, morgonsol, bitande kaldt, finfint føre. Fyrste etappen er i alle høve ingen heksekunst: Hiorthamn ligg ved Adventfjorden ende austanfor Longyearbyen. Her vart gruvedrift i regi av A/S De Norske Kulfelter Spitsbergen avslutta for rundt rekna hundre år sidan, i dag er det framleis far etter industriell verksemd: bygningar, eit reisverk for lossing av kol. I tidbolken 1938–2002 heitte denne staden Moskushamn, og vika her går vel framleis under namnet Moskuslaguna.

Desse stadnamna var før i tida sjølvforklårande: Det var her 17 moskusdyr henta frå havstranda nordaust på Grønland i 1929 vart sette i land. Kvifor? Sei det. Eg skriv at det var Adolf Hoel som stod bak tiltaket, for ikkje å seia forsøket. Han vart i 1928 leiar for Noregs Svalbard- og ishavsgransking. Aust-Grønland vart då med i granskingsområdet hans, og han leidde ferder dit. Moskusen lever opphavleg på øyane vest for Nord-Grønland og i Nord-Canada – og har funnest i Noreg for lenge sidan, i kvartær tid. På Dovre er med andre ord ein slags sirkel sannsynlegvis slutta. I byrjinga var eksperimentet til Hoel vellukka; moskusdyra øksla seg, og i 1940-åra hadde talet på moskus på Svalbard auka til om lag 50 dyr.

Ferda held fram mot aust, framom gruver, mil etter mil langs scooterspor, stø kurs innetter Sassendalen (ein slags Autobahn for scooterar), etter kvart med Königsbergbreen liggjande ein stad på ei tenkt strak line der framme i lendet. Etter andre verdskrigen vart austprøyssiske Königsberg til russiske Kaliningrad. Nokre stadnamn er synbert meir tidlause enn andre. Så òg med Moskusdalen: eit 11 kilometer langt dalføre mellom Sassendalen og Fimbulisen i nordenden. Attmed inngangen til Moskusdalen ligg ei funksjonalistisk, minimalistisk jaktbu (mindre er meir …). Her skjer reiseføraren eit kaldt reindyrshjarta i skiver til førerett før han diskar opp med thaisuppe, varm saft og kaffi. Seinare: innetter Moskusdalen i flokk og fylgje til fots etter reiseføraren med skarpladd børse hengande over skuldra. Utan jamføring elles levde moskusane på Svalbard òg i flokkar med ein fullvaksen okse til førar.

Moskusdalen liknar på både ein canyon og eventyr av istappar, steinvegger, djupe snøformasjonar, fjellhyller og ymse far etter dyr òg. Men ingen spor etter moskus: På Svalbard greidde dei seg ikkje; stamma gjekk under på 1980-talet. Eg har sett utstoppa moskusar både i representasjonsbustaden til sysselmeisteren på Svalbard og i resepsjonen til Store Norske i Longyearbyen. Synet stadfeste det eg har lese i Norsk Allkunnebok: «Moskusoksen minner både om okse og om sau. Rova er stutt, mulen hårete. Juret har fire spenar. Kroppen er kledd med tjukk botnull og langt ragg av krulla dekkhår. Horna er store, med eit tjukt band over panna.» Men i stutte oppsummerande drag: Når alt kom i hop, varte moskuseksperimentet til Adolf Hoel i rundt rekna femti år.

Svalbard-pengane var òg eit eksperiment, eit monetært eit. «Til liks» med moskusane vart dei sette i land, i omlaup på Svalbard. Men i større mon enn dei innførte dyra frå Grønland stetta Svalbard-pengane ein lokal trong: Lønsarbeid, handel, forbruk, sparing og liknande utan pengar er som ein moskuskropp utan botnull og dekkhår. Attpåtil var pengane attkjennande: setlane rektangulære verdipapir med serienummer og underskrifter; myntane runde, metalliske og mynta på ramme alvor i Leningrad. Moskusane bukka vel under for naturlovene. Svalbard-pengane vart avskipa i samsvar med andre lover. Og på grunn av anna enn juridiske vurderingar òg: betre kommunikasjonar, ny teknologi, andre næringsvegar enn gruvedrift.

Det siste gruveanlegget på Svalbard som fortsatt er i drift. Foto Jonathan Nackstrand, AFP / NTB.

Gullstandarden, eit pengestell på gullmyntfot, var eit pengeeksperiment i endå større stil og skala. Nede, med andre ord på fastlandet, var denne forma for (hegemonisk) tenking om lag like langvarig som innslaget av moskusar oppe på Svalbard. I Noreg har ei eller anna form for kopling mellom kroner og øre og gull for lengst gått ut på dato. Paragraf 1–9 i gjeldande lov om Norges Bank og pengestellet osb. slår kort og godt og på konservativt bokmål fast at «[d]en norske pengeenhet er en krone. Kronen deles i hundre øre». Kroneverdien er ikkje lenger definert i form av nokon referanse til noko anna enn seg sjølv. Norske myntar er forresten laga av (for det meste) kopar og nikkel, akkurat som dei (mest verdfulle) sovjetiske Svalbard-myntane, som på sitt vis hadde gruvedrift og gruvearbeid som eit slags ankerfeste attåt (marknads-)verdien av metalla dei var mynta av. Krona flyt derimot og tilsynelatande «fritt». No for tida er norske myntar og pengesetlar meir verde enn både myntmetalla og setelpapiret fordi … det er slik det er. Norske kontantar er eitkvart eige og ålment: betalingsmiddel / kjøpekraft / økonomisk makt med frittståande verdi (sui generis). Frå dag til dag i dag er kroneverdien ein sosial konvensjon, eit spørsmål om ålmenn tillit, ei form for utbreidd, stillteiande intersubjektiv semje.

Det er eigentleg tankevekkjande korleis tenkinga rundt pengar – og pengane sjølve – skifter med tida og tilhøva. Kart over pengepolitiske landskap vert endra, oppdaterte, teikna på nytt. Og terrenget legg seg av di det er menneskeskapt. Noko ligg likevel fast lik matematiske konstantar: Dersom pengar skal ha verdi, må dei vera ei slags mangelvare. Det er ikkje gull, alt som glimar – og gull hadde vore tilnærma verdilaust om metallet fanst i ovnøgd, lett tilgjengeleg, overalt. Sameleis med alskens pengar. Det lyt vera ein viss skort på pengar for at dei skal vera verde noko. Dei kan ikkje vera for talrike. Dersom mengda av pengar aukar over alle grenser, konvergerer pengeverdien asymptotisk mot null.

Attende, over til kart og terreng: I austenden av Moskusdalen ligg fjellet Moskusryggen. Det er litt av ein rygg: ca. 2,5 kilometer brei og om lag 8 kilometer lang. Nokre kilometer lenger aust har ein annan fjellrygg fått namna Moskushornet og Moskusflanken. Mellom desse arktiske fjella: ein isbre, ein sidebre til Fimbulisen. Den tryggaste vegen oppetter breen er høg, stor fart. Dessutan kan reiseleiaren stø seg på usynlege ferdselsårer for snøscooterar frå tidlegare, no synlege på ein GPS-skjerm.

Vêromslag. Sikta vert dårlegare. Og dagslyset byrjar å minka med. Like fullt skimtar eg heller klårt og tydeleg far etter moskus på båe sider når eg gjev gass nordetter sidebreen. Kilometer for kilometer vert han breiare, går umerkande inn og over i Fimbulisen – som for meg ter seg som … avbrigde i kvitt. Skiljelina mellom is og himmel er flytande, like eins skilnaden mellom snø og skyer. Kartet viser at terrenget er slik, einslaga, mange mil nordetter. Vi stoggar og snur på isbreen av fotografiske omsyn, eg vil få med meg ferdaminne med det eg ser på som moskusmotiv. Til venstre i biletet: Moskusflanken med Moskushornet rett sør. I høgre biletkant: Moskusryggen. I fokus hamnar såleis det kvite, som biletleg tala er ein kvit flekk på kartet. Slik er tidvis framtida med. Ho løyner seg for det meste attom eit slør av fåkunne. Dét gjeld òg svar på spørsmål om korleis pengestellet kjem til å sjå ut i tida som framleis er uskriven.

Eg er nyfiken, eg ynskjer å freista kartleggja det monetære meiningslandskapet. Eg kontaktar meiningsmålingsbyrået InFact, og med pengar frå SpareBank 1 får vi teke eit augneblinksbilete av samtidige synsmåtar. Svaralternativ definerte på førehand pregar òg kva dei spurde meiner, tenkjer og trur. Det aktuelle spørsmålet er, kor som er, tidlaust: «Kva slags pengar trur du vil ha ei dominerande rolle i framtida?» Figurane nedanfor syner svar frå i alt 3072 norske ibuarar. Alle var minst 18 år gamle då dei fekk stilt spørsmålet (i perioden 15.–22. april 2021). Og 50,1 prosent av dei spurde var menn. Utvalet var kjønnsbalansert på biologisk sett og vis.

Sjå nærare på figur 1 no: Eit etter måten likt fleirtal av kvinner og menn meiner at kontopengar – pengar på konti i bankar og sparebankar – også i framtida kjem til å vera dei dominerande. Men monaleg fleire kvinner enn menn veit rett og slett ikkje kva som kjem til å henda. Til saman gjeld det 16,4 prosent av dei spurde. Om lag like mange ventar at statlege pengar – pengar som sentralbanken står attom – kjem til å rå grunnen, plent som før i tida, for lenge sidan no. Like uventa (?) meiner – eller ser dei føre seg – at kryptovalutaer kjem til å ta over og få ei dominerande rolle i framtida. Mesta 12 prosent av mennene ser slik på saka.

I figur 2 kjem det fram at framtidstrua på kryptovalutaer varierer berrsynt og klårt med alder. Mellom dei yngste i alderen 18–29 år svarer om lag 20 prosent at slike pengar kjem til å prega pengestellet i framtida. Den svarprosenten er negativt korrelert med stigande alder. Mellom dei eldste, dei over 65 år, er den tilsvarande svarprosenten berre 4,5 prosent. Vi får kanskje sjå.

Kryptovalutaer er eit nytt monetært eksperiment: digitale pengar bygde på blokkjedeteknologi, i utgangspunktet ubundne av alt frå bankar og sentralbankar til landegrenser og lovverk. Den mest kjende freistnaden av denne typen er altså bitcoin, introdusert av den anonyme «myntmeisteren» Satoshi Nakamoto då han 31. oktober 2008 publiserte ei stutt kvitbok med overskrifta Bitcoin: A Peer-to-Peer Electronic Cash System. Enno er det ikkje kjent kven han er, eller om han trass i det japanske gutenamnet er noko anna enn hankjønn i eintal. Det er òg uvisst korleis ein skal bøya ordet bitcoin, sidan det ikkje er normert til norsk rettskriving enno. Eit sjølvskrive svar på eit maktpåliggjande definisjonsspørsmål: Ordet bitcoiner eit hankjønnssubstantiv, og i ubunde fleirtal skriv eg fleire bitcoinar.

Alle former for pengar kan sjåast på som tidsseriar med minne om kven som har eigd pengane, og om når, kvar og korleis dei har vorte brukte. I tilfellet bitcoin vert alle transaksjonar lagra offentleg tilgjengeleg i ei kjede med digitale «blokker». Til saman inneheld desse blokkene jamleg oppdatert informasjon om alle gjennomførte transaksjonar.

Gjennomføring av bitcoin-transaksjonar – overføring av bitcoinar mellom brukarar av slike pengar – krev digitalt gruvearbeid. Myntmeistrar og gruvearbeidarar er avløyste av drustelege datamaskinar som kappast om å løysa kryptografiske oppgåver og såleis produsera ei ny blokk i blokkjeda. Vinnarane får i fyrste rekkje løn for det vellukka arbeidet gjennom nye bitcoinar. Etter kvart tek produksjonen av slike pengar slutt: Det monetære systemet til Satoshi Nakamoto er koda eller programmert på eit vis som gjer det uråd å tilverka meir enn 21 millionar bitcoinar. Mellom linene her ligg ein parallell til pengestell tufta på gullstandard: Gull finst i røynda òg i avgrensa mengd – men tilhøvet mellom gull- og setelmengd kunne endrast, og einskilde sentralbankar kunne synbert òg kjøpa meir edelt metall om dei så ynskte. Bitcoin grensar såleis til ein jarnhard gullmyntfot.

Bitcoin og liknande kryptovalutaer minner (om enn veikt) om dei analoge pengane utferda og mynta av mest norske og sovjetiske gruveselskap på Svalbard på 1900-talet. I båe høve var og er det tale om forskjellige former for desentralisert pengeproduksjon utan noka naudsynleg involvering av korkje sentralbankar eller andre bankar. Svalbard-pengane var kopla til energi, til utvinning av kol – bitcoin og andre kryptovalutaer treng elektrisitet til å fungera. Svalbard-pengane vart genererte på Svalbard; utvinning og overføring av kryptovalutaer går føre seg på nettet – og både Svalbard og nettet er kjenneteikna av noko nær opne grenser og næringsfridom. Den mest iaugefallande samnemnaren er sant å seia den semantiske: Dei opplagde nykelorda er gruvedrift/mining og gruvearbeid/proof of work. Både dei analoge Svalbard-pengane før og dei digitale kryptovalutaene av typen bitcoin no kan lesast som monetære narrativ om korleis ulike former for pengar har eit sams ankerfeste i ulike former for arbeid over skiftande tidsrom.

Men er bitcoin i røynda ei slags finansialisering av «inkje»? Pseudonymet Satoshi Nakamoto har visstnok mynta om lag 1 million bitcoinar: Kva skal han med desse digitale aktivaa utover å stadfesta at myntrett både før og no gjerne er gull verd? Og er bitcoin pengar i det heile dersom dei i minimal grad vert nytta som pengar? «Ein kann køypa Gullet for dyrt òg», skreiv Ivar Aasen. Sameleis med bitcoin, som dessutan har mindre bruksverdi enn edelt metall med. I det eg skriv dette, høyrer det med til soga at berre El Salvador har vedteke lovverk som gjer bitcoin til (meir eller mindre) tvunge betalingsmiddel. Det spanske namnet på landet tyder «frelsaren» på norsk. Men historia til den minste republikken i Mellom-Amerika handlar mykje om indre og ytre stridar. Og pengestellet i El Salvador har lenge vore alt anna enn ein frelseveg: Bitcoin er no offisiell valuta jamsides (alternativt i kappestrid med) amerikanske dollar, sidan mynteininga colon (1 colon = 100 centavos) for lengst berre er eit monetært minne. Vi talar om eit storstilt felteksperiment her. Eg får seia det som det er: Skriftet til Satoshi Nakamoto assosierer eg mest av alt med spørjeteikn; med spørsmål om kva pengar er, kven som produserer dei, og korleis dei endrar seg gjennom tida med sine tilhøyrande paradigmeskifte.

Eit konkret tidsrom: Det tek eit par timar med snøscooter frå periferi til sentrum, frå eit tilfeldig fast punkt mellom Moskusryggen, Moskusflanken og Moskushornet til Longyearbyen. Det vert snøgt bekmørkt. Scooterane køyrer etter kvarandre, det er som om dei fylgjer etter sine eigne frontlys. Sakte, men sikkert vert eg råka av syn og tankar som grensar til optiske illusjonar: Store delar av turen kjennest det som om eg heile tida køyrer nedoverbakke – i strid med både kart og terreng. Eg ser føre meg tal òg. Før var tal sjølvsagt bokstavar: romartal. I både Noreg og Sverige vart det frå 1100- til 1300-talet òg prega myntar, såkalla bokstavbrakteatar, med bokstavar som einaste motiv (utan at nokon i dag veit hundre prosent sikkert kvifor). Leonardo Fibonacci (eller Leonardo frå Pisa) gjev tidarvendet eit andlet: Han vart den fyrste i Europa som tok i bruk dei indisk-arabiske talteikna, har eg lese i Norsk Allkunnebok. Truleg har «talaspektet» ved pengar vorte tindrande klårt i og med pseudonymet Satoshi Nakamoto: 1 bitcoin kan delast i 100 millionar satoshidelar. Dei er kan henda nye teikn i tida. Samstundes er dei og andre monetære tal i samsvar med læra til Pytagoras (ca. 570–490 f.Kr.).

Visstnok skal vi ikkje lenger tilskriva den grunnleggjande setninga i geometrien, den pytagoreiske læresetninga, Pytagoras likevel (les eg i Norsk Allkunnebok). Kanskje er det ikkje sant at han mintest sine tidlegare liv og kunne tala med bjørnar og ørnar heller. Fyrst og fremst og til sjuande og sist lærte han rett og slett at «alt er tal». Og Pytagoras og læresveinane hans meinte at 10 var og er det mest komplette, perfekte talet. Elles såg dei tal på høglys dag. Sjølve røyndomen var talrik og hyser den dag i dag noko kryptiske tal av typen det gylne snittet (1,618) og π (3,14). Meir og meir vert òg pengar tal som tel. Jamvel om dei byggjer på arbeid, kapital, teknologi og tillit, er det tala som ligg i dagen. Som synlege spegelbilete av samtida si. Og som måleeiningar på line med mål for vekt, lengd, temperatur og tid. Og fart: synleg som skiftande tal for kilometer per time på speedometeret mitt. Nedetter Adventdalen, mellom usynlege tal i form av breiddegrader, legg eg merke til ei slags nedteljing òg; vi passerer fyrst Gruve 7, så Gruve 6. Om lag samstundes ser eg lysa frå Longyearbyen – i fleirtal.

Powered by Labrador CMS