Kulturpolitikk

Siri Beate Gjerde, Tone Slenes og Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum jublar over tildelinga frå regjeringa.

Revidert nasjonalbudsjett: Nynorskbrukarane får tre millioner

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett.

Publisert Sist oppdatert

­– Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid med andre nynorskinstitusjonar. Millionane vil kome nynorskbrukarar spesielt i utsette pressområde til gode, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Nynorsk kultursentrum får to millionar knytt til prosjektet «Nynorsk som nasjonalt skriftspråk». I samarbeid med Landssamanslutninga for nynorskkomunar (LNK) og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsk senteret) skal Nynorsk kultursentrum fremje nynorsk over heile landet med særskilt fokus på randsonene rundt kjerneområda for skriftspråket. Gjennom kartlegging, forsking og utprøving av tiltak, vil ein finne ut kva ein kan gjere for å styrke bruken av nynorsk og den nynorske identiteten.

– Dette er gode nyhende, og viser at regjeringa forstår at det hastar med tiltak for å styrka nynorsken i randsonene og då spesielt tiltak retta mot nynorskelevane. Vi er glade for at desse midlane gjer det mogleg å setje i gang det viktige arbeidet med å betre vilkåra for å gi nynorskelevane ei god opplæring i språket sitt, seier leiar ved Nynorsksenteret Synnøve Marie Sætre og dagleg leiar i LNK Svein Olav B. Langåker.

I tillegg får Nynorsk kultursentrum ein million til Vinjesenteret i Vinje. Midlane skal gå til nynorsksatsing og forvalting og formidling av litterær kulturarv i regionen.

Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen frå Senterpartiet er ein av dei som har arbeidd hardt for å få ekstra pengar til Vinjesenteret. Ho meiner Vinjesenteret er ein viktig bidragsytar for nynorsk, og at det er viktig å verne om – og lyfte nynorsken.

– I eit stramt kulturbudsjett, er vi glade for at regjeringa legg merke til arbeidet vi gjer og ser kor viktig det er, avsluttar Gaute Øvereng.

Etter nokon krevjande år, med pandemi, krig i Europa og høg prisstiging har regjeringa no eit større handlingsrom, og kan bidra til enno meir verdiskaping innan kultur, idrett og frivilligheit heiter det i pressemeldinga om det reviderte nasjonalbudsjettet frå Regjeringa.

Powered by Labrador CMS