Notiser

Doblougprisen 2023 til Brit Bildøen

Brit Bildøen blir tildelt Doblougprisen 2023. Prisen er på kroner 200.000. Tildelinga gjekk føre seg tysdag 23. mai, på Litteraturfestivalen i Lillehammer.

Publisert Sist oppdatert

Brit Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut ei rekkje kvalitetslønte romanar, barnebøker og essay, og har samstundes vore verksam som omsetjar og gjendiktar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho har blitt tildelt ei rekkje litterære prisar.

Frå grunngjevinga til juryen:

«Brit Bildøen [...] har etablert seg som ein heilt sentral forfattar i norsk samtidslitteratur gjennom dei tre siste tiåra. Romanane [hennar] framstiller og undersøker særleg kvinners kår i det som ofte er vanskelege liv. Det er gjort med stor innsikt og levande engasjement. [...] Dobloug-komiteen vil særleg framheve den lange rekka med gode romanar som meir enn god nok grunn til at Bildøen fortener prisen. [...] Bildøen har fått ei rad med ulike litterære prisar, og det er på høg tid og velfortent at ho no får Dobloug-prisen.»

– Å få ein slik stor pris opplever eg som ein tommel opp for dei bøkene som alt er skrivne – men det inspirerer også til å skrive enda meir og jobbe enda hardare framover, seier Brit Bildøen om tildelinga.

Doblougprisen vart oppretta i 1938 på grunnlag av ei testamentarisk gåve frå den norske forretningsmannen Birger Dobloug til Svenska Akademien, som oppretta eit fond i namnet hans. Den norske Dobloug-komiteen arbeider på vegner av Svenska Akademien som skal godkjenne forslaga komiteen har til prismottakarar.

I den norske komiteen sit: forfattar Mirjam Kristensen (som representant for Den norske forfatterforening), professor i nordisk litteraturvitenskap Tonje Vold (frå Universitetet i Oslo), og professor emeritus i allmenn litteraturvitenskap ved UiO, Hans H. Skei (som representant for Det norske Videnskaps-Akademi).

Powered by Labrador CMS