Boken til forfatter Peter F. Strassegger "Keisar Augustus" handler om ungdomskriminalitet og påvirkning, men også om å ta valg og å ta ansvar for livet sitt.

Nå kommer siste boken i den kritikerroste trilogien for ungdom

Peter F. Strassegger har gjort stor suksess med ungdomsbøkene Aleksander den store og Kvil i fred. Med Keisar Augustus fullfører Strassegger den kritikarroste Råskapstrilogien om vald, rus og utanforskap.

Publisert

I Keisar Augustus møter vi August og mora som flyttar til mora si heimbygd. Bygda er for tida snudd på hovudet etter ein periode med aukande ungdomskriminalitet. August blir kjend med Per og Oskar, som gradvis dreg han inn i ei verd prega av rus, vald og steling. Men så dukkar Aman opp. Sjølv om han òg gjer ulovlege ting, har han eit større perspektiv på livet enn Per og Oskar. August må ta eit val om kva slags liv han vil leve vidare. Vil han følgje sporet til Per og Oskar og rømme frå vanskane sine gjennom rusen? Eller klarar han å ta lærdom av kameratar som Aman?

Keisar Augustus handlar om ungdomskriminalitet og påverknad, men også om å ta val og å ta ansvar for livet sitt. For sjølv om ein er i trøbbel, finst det alltid ei moglegheit til å få det betre, også når livet er på sitt mest intense.

Powered by Labrador CMS