Anna R. Folkestad kommer med ny bildebok
Anna R. Folkestad kommer med ny bildebok

Ny bildebok frå Anna R. Folkestad

"Litt for snill" er ei bildebok om sjalusi og misunning, og om kva det eigentleg vil seie å vere ein god ven og om å finne flokken sin.

Publisert

Dagfinn er veldig snill. Og dessutan er han rågod til å sjonglere! Ein dag ser han at det skal vere ein talentkonkurranse i byen, og han bestemmer seg for å melde seg på. Dette liker ikkje dei såkalla venene hans, Gerd, Sjur og Britt. Første-, andre- og tredjeplassen i talentkonkurransen skal nemleg dei ha, for det har dei bestemt. I tur og orden lurer dei snille Dagfinn til å gi frå seg sjongleringsballane til dei. Til slutt har han berre éin ball igjen! Og det går vel ikkje an å sjonglere stilig på talentshow om ein berre har ein ball?

Om forfatteren

Anna R. Folkestad (f.1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med bildeboka Henrik And, og vart tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget.

Powered by Labrador CMS