Forfattar Arild Rein og fotograf Geir Egil Bergjord klar med Stavanger-boka "Vegen heim til Svartskog"

Ny bok: "Vegen heim til Svartskog" - ei nattleg vandring gjennom Stavanger by

Dei folketomme og urovekkande nattfotografia i denne boka viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar.

Publisert

I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han. 

Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.

Vegen heim til Svartskog er blitt til i samarbeid mellom bildekunstnar og fotograf Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein. I boka dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ.

Om forfatteren

Geir Egil Bergjord (f. 1964) er frå Jæren og bur i Stavanger. Han presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fleire av Bergjords bøker er publisert på hans eige forlag, Gilka. Sidan debuten på Hastutstillinga ‘95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet og arbeida hans er representerte i fleire offentlege kunstsamlingar.

Om fotografen

Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.

Powered by Labrador CMS