Mona Vetrhus debuterer som barnebokforfattar.

Poet debuterer som barnebokforfattar 

Mona Vetrhus debuterer som barnebokforfattar med bildeboka Nattklubben.

Publisert Sist oppdatert

Det nærmar seg tida for den lange vintersøvnen. Veslebjørn vil ikkje sova når mamma masar. Besta vil heller ikkje sova. Ho fortel om nattklubbane frå gamledagar med diskokuler og hallingdans.

Saman snik dei seg ut på jakt etter ein nattklubb. På vegen møter dei andre dyr som heller ikkje får sova. Kanskje dei må laga nattklubben sjølv?

Nattklubben er ei eventyrleg, original og smårampete godnattforteljing om tradisjonar og vennskap på tvers av generasjonar.

Boka er laga i samarbeid med den tyske illustratøren Sebastian Meschenmoser.

- Det har vore utruleg gøy å laga barnebok med Sebastian, seier Mona, dei to blei kjent i Moseldalen for tjue år sidan.

Mona Vetrhus (f. 1975) er ein norsk diktar frå Uskedalen i Kvinnherad. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld i 2012. Nattklubben er den første barneboka hennar.

Sebastian Meschenmoser (f. 1980) er ein anerkjend og prislønt tysk illustratør og kunstnar, mellom anna kjend for å ha illustrert Michael Ende sine barnebøker.

Powered by Labrador CMS