Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på veg inn til eit gruppemøte på Stortinget. Senterpartiet har no trekt seg frå regjeringa.

Vedum til VG: – Vi går ut av regjering

Sp går ut av regjeringa i samband med den vekelange energi- og EØS-konflikten mellom dei og regjeringspartnar Arbeidarpartiet, stadfestar Vedum til VG.

– Vi seier at nok er nok, her er grensa. Vi gjer det for å endre norsk straumpolitikk og skape ein dynamikk der vi kan gjere grep som kan gi oss lågare og stabile straumprisar i Noreg, og at vi ikkje skal gi frå oss meir makt til EU, seier Vedum til avisa.

Senterpartiet heldt torsdag ettermiddag eit gruppemøte på Stortinget. NTBs reporter på staden melder om at det var full applaus inne på gruppemøtet, der det var venta at partiet formelt ville vedta regjeringsbrotet.

Bakgrunnen for krangelen mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet er den såkalla Ren energi-pakken frå EU. Den vart vedteken i EU i 2019. Tre av dei åtte rettsaktene i pakken vart tekne opp til behandling i regjeringa førre veke: fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og eit direktiv for energisparing i bygg.

Senterpartiet har vore heilt tydelege på at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som innlemmar energipakken i norsk lov.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og energiminister Terje Aasland (Ap) har på si side vore tydelege på at det er nødvendig å innføre direktiva for å få unna etterslepet. EU har vist utolmod overfor Noreg og har i klare ordelag sagt at ein forventar at direktiva blir innførte.

– Eg vil ikkje leggje skuld på nokon. Det er to ulike vurderingar som står mot kvarandre. Arbeidarpartiet valde straumpolitikken til EU framfor Senterpartiet, og det må vi berre akseptere, seier stortingsmedlem Per Olaf Lundteigen (Sp) til NTB.

Senterpartiets åtte statsrådar går dermed ut av regjeringa.

Powered by Labrador CMS