Bok

Maria Horvei er aktuell med debutromanen «Gratulerer med dagen». Foto: Erika Hebbert

Roman om 17. mai-feiring i ei lita bygd: – Kva er nasjonen Noreg eigentleg i dag?

DERFOR ROMAN ‎| Maria Horvei debuterer med romanen «Gratulerer med dagen». – Handlinga utspeler seg våren 2015, då den såkalla flyktningkrisa var sterkt tilstades i norske avisspalter, side om side med diverse bunadskåringar og smakstestar av is i forkant av nasjonaldagen.

Publisert Sist oppdatert

­

Maria Horvei (34)

  • Yrke: Forlagsredaktør
  • Utdanning: Master i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo

  • Bustad: Nesodden

  • Aktuell med boka: «Gratulerer med dagen»

  • Forlag: Gyldendal

Kva handlar romanen om?

– «Gratulerer med dagen» handlar om ein 17. mai-feiring i ei lita vestlandsbygd, og vert fortalt gjennom fire personar som med ulik grad av entusiasme og glød nærmar seg spørsmålet om kva nasjonen Noreg eigentleg er i dag, og korleis i all verda dei skal kome seg gjennom feiringa med ære og integritet nokolunde intakt. Etter kvart som dagen skrider fram, oppstår det situasjonar der dei vert tvinga til å møte både seg sjølv og andre personar dei helst ikkje vil ha så mykje med å gjere, i døra.

Er det noko i ditt eige liv eller i samtida som gav deg idéen til å skrive romanen?

– Handlinga i romanen utspeler seg våren 2015, då den såkalla flyktningkrisa var sterkt tilstades i norske avisspalter, side om side med diverse bunadskåringar og smakstestar av is i forkant av nasjonaldagen. At det var slik eg fekk ideen til boka, ville ikkje vore riktig å seie – men det var ein dissonans som eg tok med meg inn i skrivinga, i alle fall. Bygda eg skriv om er elles nokså lik den eg sjølv vaks opp i, reint geografisk. Det sterkaste avtrykket etter meg sjølv i teksten er nok likevel dei observasjonane og refleksjonane eg lét karakterane mine kome med. Ikkje at alle deira tankar ein gong har vore mine – men nokon av dei har det.

Kva vil du formidle til lesarane dine med denne romanen?

– «Gratulerer med dagen» er ein roman med politisk klangbotn, men det er altså ein roman, og ikkje ein illustrasjon av eitt enkelt poeng. Eg vil gjerne formidle kjensla av litt for tronge bunadssko, lyden av elva som susar – og så kanskje sette i gang nokre tankar om den einskildes plass i fellesskapet, kva forteljingar me fortel om oss sjølve og kva i alle dagar 17. mai eigentleg er godt for.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: kva dreiv deg til å fortsette?

– Skrivesperre tenker eg på som ei nokså alvorleg diagnose, der ein rett og slett ikkje får til å skrive over ein lengre periode. Så ille vart det aldri for meg i denne omgangen, men det var klart det var periodar der skrivinga gjekk temmeleg trått. Diverre har eg aldri sett eit anna råd for å komme seg gjennom dette enn å berre fortsette å skrive. Og det var då også det eg gjorde.

Kven har inspirert deg til å bli ein betre forfattar?

– Det blir vel fort dei forfattarane ein sjølv sett høgast? Men herre, det vert å stille seg sjølv lagleg til for uflatterande samanlikning å nemne dei alle saman her.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar måten du jobbar på?

– Kor spesielt det er veit eg ikkje, men eg har kjensla av å jobbe forferdeleg sakte, samstundes som det jo vart ein roman av det på nokså kort tid. Eit veldig stort misforhold mellom temps og durée, med andre ord.

Når skjønte du at du ville bli forfattar?

– Kvar gong eg forsøker å svare oppriktig på det spørsmålet, kjem eg fram til litt ulike svar. Eg levde av å skrive gjennom store delar av tjueåra, men då stort sett alt anna enn skjønnlitteratur: Kritikk, essays, journalistikk, intervju... På den eine sida var nok det eit naturleg utslag av at eg ikkje hadde noko særleg sterkt behov for å gi ut ein roman på den tida, på den andre gjorde det at tanken på ein gong å skrive ei bok aldri var heilt fjern. Ein eller annan gong – eg vågar å tidfeste det til 2019 – hadde dette samansuriet forvandla seg til ein konkret plan om å fullføre eit romanmanus.

Nemn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Neste års 17. mai-talar i valfri lita bygd. Kven du no er, eg har nokre tips til deg!

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– «Gay Bar: Why We Went Out» av Jeremy Atherton Lin. Rått og skarpt om homobarens historie, samanfletta med forfattarens eigne sjølvbiografiske skisser.

Kva bok les du sjølv, akkurat no?

– Eg jobbar som forlagsredaktør for omsett skjønnlitteratur, så kva eg til ei kvar tid les er faktisk litt sensitivt, hehe. Heldigvis har eg alltid ei bok gåande som ikkje er jobbrelatert, og akkurat no er det «A Writer of Our Time: The Life and Work of John Berger» av Joshua Sperling.

Kva skulle du ønskja du hadde meir tid til?

– Å lese. Det er ikkje det eg brukar minst tid på som det er, men det hadde vore betre om eg kunne brukt meir tid.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Kåss til kvelds – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyra bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS