
Olav R. Øyehaug er aktuell med boka «Stupet og handa». Foto: Magne Sandnes
Sjølvbiografi med minst mogleg tilbakeblikk
Olav R. Øyehaug (48)
- Yrke: Filmarbeidar
-
Utdanning: Teatervitskap
-
Bustad: Bergen
-
Aktuell med boka: «Stupet og handa»
-
Forlag: Kolon
Kva handlar romanen om?
– Det er ein sjølvbiografi med minst mogleg tilbakeblikk.
Er det noko i ditt eige liv eller i samtida som gav deg idéen til å skrive romanen?
– Ja, kjensla eg alltid har hatt: dette kan då umogleg vare!

Kva vil du formidle til lesarane dine med denne romanen?
– Eg er ofte bastant på at folk feilaktig trur dei kjenner seg sjølve, men er usikker på at det er dette eg vil formidle med denne romanen. Til det kjenner eg ikkje meg sjølv godt nok. Men ved gjennomlesing kastar eg alltid laptopen i veggen, gliser og seier «Yes», stille så eg ikkje skal vekke ungane - nettopp fordi eg føler eg har formidla akkurat det eg ønskte.
Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: kva dreiv deg til å fortsette?
– Eg har skrive dagleg på dei 107 sidene sidan april 2017, bortsett frå eit opphald på eit halvt år i fjor. Då stoppa det opp, men eg trudde aldri det var for alltid.
Kven har inspirert deg til å bli ein betre forfattar?
– Gunnhild Øyehaug, Ngugu Wa Thiongo, Daniil Kharms, Cesar Aira, Øyvind Ådland, Cesilie Holck, Vemund Solheim Ådland, Erlend O Nødtvedt, Cecilie Løveid, Bkub Okawa, Erling Kittelsen, Franz Kafka, Hugo Pratt, Tormod Haugland, Bjørn Aagenæs, Billy Woods.
Er det noko spesielt som kjenneteiknar måten du jobbar på?
– Det er nok kor ufatteleg treigt det går! Til denne boka var det til tider fem setningar dagen. Men nok ein gong: Dette er berre gissing, eg ser ofte seinare at slike svar ikkje stemmer. Orsak.
Nemn éin person du håpar les boka – og kvifor?
– Espen Ingebrigtsen. Fordi han er den vittigaste mannen som nokon gong har levd.
Finst det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?
– Roberto Bolano si «Nazi Literature in the Americas». Fordi det ikkje ser ut til at ho blir nemnd så mykje.
Kva bok les du sjølv, akkurat no?
– «Two Stories» av Lamborghini
Kva skulle du ønskja du hadde meir tid til?
– Livet
Hvis du måtte velge?
Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Kåss til kvelds – Lindmo
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet