Bok

Guri Sørumgård Botheim er aktuell med romanen Høgfjellsmeldinga.

– Eg tør nesten ikkje å seia kor godt eg har likt å skrive denne boka

DERFOR ROMAN ‎| Guri Sørumgård Botheim håper klima- og miljøverministeren leser hennes nye bok – og ringer henne og spør om den kan publiseres som stortingsmelding. – Greitt, svarar eg, men det kostar litt pengar.

Publisert Sist oppdatert

­

Guri Sørumgård Botheim

  • Yrke: Forfattar og rådgjevar i Norsk Forfattersentrum
  • Utdannelse: Hovudfag i allmenn litteraturvitskap, NTNU
  • Bosted: Dombås
  • Aktuell med boken: «Høgfjellsmeldinga»
  • Forlag: Forlaget Oktober

Hva handler romanen om?

Høgfjellsmeldinga handlar om naturrestaurering, kontorliv og radikale meiningar, om kjærleik, hemn og usynlege drivkrefter. Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn, og flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell.

– Den fyrste oppgåva Ragna får, er å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. «Kven er fjellet sine heltar og skurkar?» spør ho og lanserer eit upopulært svar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp. Arbeidet med rapporten virvlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei radikal retning.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen til å skrive romanen?

– Fleire personlege drivkrefter møttest i skrivinga av Høgfjellsmeldinga. Romanen samanliknar det å restaurere ein såra natur og eit såra menneske. Skrivinga starta tilfeldig – i eit glimt såg eg for meg eit kjærastepar: Det er julekveld og dei går inn i Eysteinskyrkja på Hjerkinn, jenta i paret finn ein gamal handskriven lapp i kåpelomma si. Etter kvart «såg» eg meir og meir av hovudpersonen Ragna. Eg skjønte fort at Hjerkinn og Dovrefjell var den perfekte (å)staden for ein roman. Få stader i Noreg har utnyttinga av naturen ført til så skarpe konfliktar og konsekvensar som her.

Hva vil du formidle til dine lesere med denne romanen?

– Grunnleggjande respekt for naturen. I løpet av 150 år har menneska endra verda. Vi raserer naturen og kunnskapen om skånsam hausting, og vi gjer det med ein ekstrem sjølvtillit: Vi trur endringane er eit framsteg. For å betre forholda til villreinen og høgfjellsnaturen, foreslår hovudpersonen Ragna så drastiske tiltak som eg var i stand til å finne på – i eit ørlite håp om å inspirere fagfolk og politikarar til å koma opp med reelle og omfattande tiltak.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: hva drev deg til å fortsette?

– Det tok meg 5,5 år å skrive romanen. Eg begynte å skrive på duppen til den eldste dotter mi, da ho var baby (nå går ho på skulen!). Om eg hadde flaks, så kunne eg skrive ein time per dag. Det funka bra, og skrivinga vart lystbetont. Det har så klart vore periodar som har vore vanskelegare enn andre. Men eg har heile tida hatt lyst til å arbeide med manuset. Eg tør nesten ikkje å seia kor godt eg har likt å skrive denne boka.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Det mest spesielle er kanskje at eg har skrive mykje i lag med andre, særleg med syster mi, Sigrid. Vi skreiv heile debutromanen vår, Ramstein pensionat, med ein kryssklyppingsteknikk. Seinare har vi skrive svært mange humortekstar til avisa Dag og Tid. Dei siste åra har eg skrive mest åleine, og på ein ganske «ordinær» måte, vil eg tru. Eg liker å skrive for hand når eg skal tenkje. Eg har brukt mykje tid på å skrive ut scenene i Høgfjellsmeldinga og å tenkje ut korleis alt heng saman.

Hvem har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?

– Sigrid, syster mi, som er god på humor. Kjersti Instefjord, redaktøren min, som med sine milde og undrande spørsmål pushar meg maks. Gunnar Wærness som eg har skrive hovudfagsavhandling om. Kristin Ribe og Harald Nortun som eg har lunsja med. Mannen min, som eg har lyst til å imponere.

Nevn én person du håper leser boken?

– Klima- og miljøministeren. Regjeringa har vedteke å utarbeide ei stortingsmelding om villreinen. Når klima- og miljøminister Espen Barth Eide får lese Høgfjellsmeldinga, innser han at stortingsmeldinga er ferdig. Han ringjer meg og spør om Høgfjellsmeldinga kan publiserast som stortingsmelding. Greitt, svarar eg, men det kostar litt pengar.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?

En hyllest til sauen av Anna Blix burde ha vore obligatorisk pensum for alle innbyggjarar i landet.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

Kampen om Dovrefjell av Yngvild og Svein Sæter. Det er ei spennande, velskriven og sjokkerande sakprosabok om naturverdiar og interessekonfliktar på Dovrefjell. Forfattarane har «forska» på noko av det same stoffet som meg sjølv, men har gjeve det ei heilt anna form.

Hva skulle du ønske du hadde mer tid til?

– Ah! Vera ute i naturen. Skriving.

Hvis du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS