Bok

Inger Bråtveit debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. Hun har vært nominert til og vunnet flere priser. Vassarv er hennes femte roman.

Inger Bråtveit sammenligner skrivingen med en lang svømmetur

DERFOR ROMAN ‎| Hennes femte roman, «Vassarv», tok fem år å skrive. Skriving handler om utholdenhet, ifølge forfatteren: – Om å halda ut den dårlege versjonen, til du får skrive fram ein betre.

Publisert Sist oppdatert

­

Inger Bråtveit (44)

  • Yrke: Forfattar, skrivelærar, omsetjar
  • Utdannelse: Uavslutta masteroppgåve om Is-slottet av Tarjei Vesaas, lese inn ein fransk-estetisk resepsjon
  • Bosted: Oslo
  • Aktuell med boken: «Vassarv»
  • Forlag: Forlaget Oktober

Hva handler romanen om?

– Ei mor reiser med dottera i baksetet frå Oslo til staden ho kjem frå, ei bygd på Vestlandet. Det vert ei reise inn og ut av ulike tider, attende til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk. Vassarv er ein roman om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Vegen heim er både heimsleg og uheimsleg.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg idéen til å skrive romanen?

– Eg skriv langs grøftekantene, vegen og fjellovergangane i eige liv, med eit samtidsperspektiv på fortida og framtida. Eg skriv om vatnet, vasskrafta, om brestferdige demningar i dalen der eg ein gong vaks opp der flaumvarselet låg over oss barn som ein høgst konkret fare, og om tida me lever i no, der skogbrannane og flaumane i Europa ligg på oransje og raudt nivå.

Vassarv er ein roman skriven for å minnast eit slektskap, ei tilhøyrsle til ei tid som kanskje aldri kan koma igjen. Eg måtte skriva denne romanen før det var for seint.

Hva vil du formidle til dine lesere med denne romanen?

– Eg vil syna at det er håp, trass alt og likevel. Så lenge det finst kjærleik og vilje, finst det alltid ein veg, tenkjer eg.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?

– Sjølvsagt var det tider med skrivesperre, slik er det alltid. Då må eg prøva å skjøna kva det er i meg sjølv eller manuset som stengjer. Og det kan vera mange ting. Vassarv tok fem år å skriva, men skriving tek tid og eg har aldri hatt høve til å skriva på heiltid. Skriving handlar om uthald, og om å halda ut den dårlege versjonen, til du får skrive fram ein betre.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Eg veit aldri kor eg skal før eg er over halvvegs i ei bok. Skrivearbeidet er intuitivt og prega av mange assosiative etappar, medvitne, men også umedvitne. Kanskje liknar skrivearbeidet på ein lang symjetur? Eg legg ut frå fast grunn og prøver å flyta med, same kva straumar, temperaturar og farvatn som kjem. Nokre gonger må ein også symja mot straumen.

Hvem eller hva har inspirert deg til å bli en bedre forfatter?

– Skrifta ber i seg skrifter frå tidlegare skrifter. I dagboka si, i fyrste band, skriv Olav H. Hauge at ho som ikkje tek i mot dropen, tek ikkje imot elvi heller. Ver trufast mot dropen, skriv han. Og takksam.

– Eg er takksam for alle som har skrive og tenkt godt før meg. Det er ei gåve og ein ekte inspirasjon.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– Eg er redd for kunstig intelligens, men er jo redd for alt kunstig. Når det er sagt, kan vel kunstig intelligens vera både konseptuelt kult, avlastande i arbeidet og inspirerande. Men dette veit eg ikkje nok om.

Nevn én person du håper leser boken?

– Når ho vert eldre, dotter mi. Elles så håpar eg at så mange som mogleg vil lesa Vassarv, og at romanen skal kjennast allmenngyldig.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?

– Bibelen.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– Akkurat no les eg Judith Hermann, Vi skulle fortalt hverandre alt.

Hvis du måtte velge?

Elsykkel – Sykkel

Cappuccino – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Avis på papir – Avis på nett

Dagens Næringsliv – Klassekampen

The Rolling Stones – The Beatles

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS