DERFOR DIKT
Brynjulf Jung Tjønn:
– Akkurat no kjennest det nesten avgjerande for meg å skrive om adopsjon, identitet og rasisme
Forfatter Brynjulf Jung Tjønn merker en stadig sterkere lengsel etter det asiatiske, men også etter det vestlandske, etter landskapet og gården han vokste opp på.
Hva skriver du dikt om?
– Om kva det vil seie å vere norsk. Er eg norsk i hjartet eller berre på papiret? Var eg ein handelsvare som blei kjøpt og frakta til Norge? Det siste året har det kome fram mange avsløringar om ulovlege adopsjonar, ikkje minst frå Sør-Korea på 80-talet. Dette set i gong store spørsmål om meg om både identitet og tilhøyrsle. Kva om eg faktisk ikkje skulle ha blitt adoptert til Norge? Kva om eg faktisk har foreldre i Sør-Korea? Kva betyr dette for kven er eg? Eg merkar ei stadig sterkare lengt etter det asiatiske, men også etter det vestlandske, etter landskapet og garden eg vaks opp på.
Er det noe fra ditt eget liv eller samtiden du henter ideene til diktene fra?
– I begge dei to siste bøkene mine, Kvit, norsk mann og Norsk kjærleik, utforskar eg min eigen bakgrunn, oppvekst og liv. Akkurat no kjennest det nesten avgjerande for meg å skrive om adopsjon, identitet og rasisme.
Hvorfor dikt?
– Eg veit ikkje. Desse tekstane berre kom til meg som dikt.
Hva vil du formidle gjennom diktene dine?
– Eg vil fortelle ein del av norsk historie som ikkje har vore så synleg før. At det å vekse opp med norsk namn og norsk familie, det å kjenne seg 100 prosent norsk, men likevel i store deler av livet oppleve rasisme, fordi ein ser mørk ut. Heile livet har eg lært at utenlandsadopsjon er ei solskinnshistorie. At vi som adopterte skal vere takknemlige som får vekse opp i Norge. Men mange utenlandsadopterte har kjent på utenforskap og rasisme.
Er det et av diktene dine du vil dele?
kva ville eg ha betalt for mine eigne barn?
eg ville ha betalt alt
Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?
– Eg fryktar at kunstig intelligens forstyrrer heile kretslaupet i kunsten. Det vil gå utover mange viktige bidragsytarar som er med på å skape bøker: alt frå korrekturlesarar, designarar og omsetjarar. KI kan allereie skape enkel og formelbasert litteratur. Det er viktig at KI blir regulert, slik at viktige yrkesgrupper framleis kan eksistere.
Finnes det en bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese?
– Mange. Akkurat no er det opplagt at flest moglege bør lese Sameproblemet av Kathrine Nedrejord.