DERFOR BOK
– For det første hadde eg lenge lagt merke til at kvinner som blir sinte får heilt andre reaksjonar enn menn, for det andre møtte eg sinne på nytt i mitt eige liv
Solveig Mork Holmøyviks debutbok handler om sinne og omtales blant annet som forfatterens reise i sitt eget raseri. I tillegg undersøker den temaet fra mange synsvinkler.
Hvorfor har du skrevet denne boken?
– Eg har skrive denne boka av rein nysgjerrigheit. Det var fleire trådar som møttest i ein floke, og den måtte eg prøve å nøste opp i. For det første hadde eg lenge lagt merke til at kvinner som blir sinte får heilt andre reaksjonar enn menn, for det andre møtte eg sinne på nytt i mitt eige liv, som mor og i mine eigne barn.
Hva er de viktigste poengene som kommer frem?
– Eg undersøker sinne frå fleire sider; psykologisk, biologisk, sosialt og filosofisk, og prøver å finne ut av kva sinne er, kva vi skal bruke det til, når det blir destruktivt, og korleis det kan brukast godt. I tillegg ser eg på kjønnsperspektivet, og oppdagar, ikkje uventa, at skilnaden på menn og kvinner er først og fremst sosiale og kulturelle. Menn er ikkje meir sinte enn kvinner, eller omvendt. Vi kan ikkje skulde alt på kjønnshormon og hjernefunksjon, i stor grad handlar det om oppdragelse.
Hvilke nye synspunkter og/eller teorier presenteres?
– Eg løfter først og fremst fram informasjon som er kjent i psykologien, men ukjent for mange lekpersonar; at sinne ikkje berre er naudsynt og naturleg, men nyttig. I tillegg nyttar eg eigne nyord som kjenslekondis og følelsessøl (ein variant av spillovereffekten), for å betre forstå psykologiske fenomen.
Hvilke utfordringer møtte du underveis i arbeidet med bokprosjektet?
– Her er det freistande å nemne følelseskondisjon igjen, for å vere sakprosadebutant har for meg handla mykje om å halde ut. I tillegg gjorde eg først eit forsøk på å skrive denne boka utan å nemne meg sjølv med eit ord, og det fungerte dårleg. Så var det ein klok redaktør som stilte dei rette spørsmåla, og då losna det litt. Likevel vil eg seie at det har vore ein kamp, mot dårleg sjølvkjensle, mot å rote seg vekk i researchfasen, og for å kome i mål.
Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?
– Eitt steg fram og to tilbake? Dette er den første boka mi. Eg har sjølv jobba som sakprosaredaktør, og trudde nok at det skulle hjelpe meg til å vere ryddig og disiplinert. Likevel har arbeidet tidvis vore prega av kaos. Eg har to små barn og ein annan jobb, og sjølv om eg har hatt skrivepermisjonar, burde eg nok ha sett av meir tid til å jobbe samanhengande med bokprosjektet. Samstundes har eg brukt dei ledige stundene godt, slik ein må når det er få av dei.
Hva vil du oppnå med boken?
– Eg ønskjer at boka skal gjere oss meir medvitne reaksjonane våre, og orda vi nyttar, når folk viser kjensler, både i det offentlege og det private. Eg håpar foreldre som les boka tenkjer over korleis dei reagerer på sinne hos barna sine, uansett kjønn, og at vi kan kome vekk frå strenge normer for kva som er greitt å vise av kjensler om du er mann og kvinne, og at kjønnsaspektet kan sløyfast der det ikkje har relevans. For å ta eit døme: Når eg er hos gynekologen er det svært relevant at eg er kvinne, når eg skal søke jobb er det ikkje det.
Hva vil du at leseren skal sitte igjen med etter å ha lest den?
– Kunnskap og undring! I tillegg håpar eg som språkmenneske at dei skal tenkje at denne boka var skikkeleg godt skriven.
Hva gjorde at du fikk lyst til å sette i gang med et så stort prosjekt som å skrive en bok?
– Ungdomeleg overmot. Eg har alltid skrive, og tenkt at eg ville skrive ei bok om det kom ein god nok idé. Så kom sinne-tematikken sivande frå fleire kantar, og med den kanskje også motivasjonen som mangla? Boka er jo eit feministisk prosjekt, som eg håpar vil få fleire til å reflektere over kjønn og kjensler, sinne og solidaritet.
Kan du nevne én person du håper leser boken?
– Eg har eit fåfengt håp om at boka blir omsett til engelsk, og at Soraya Chemaly får lese ho. Chemaly og hennar bok Rage becomes her har vore til stor inspirasjon for meg i arbeidet med boka, og eg intervjua henne tidleg i 2020. Men på norsk: Kanskje kronprinsesse Mette Marit, så kan vi snakke om boka på litteraturtoget neste år?
Hvilken bok vil du anbefale andre å lese?
– Eg tilrår alle å lese Operasjon sjølvdisiplin av Agnes Ravatn éin gang i året, i alle fall viss du prøver å skrive ei bok, eller fullføre eit anna prosjekt. Eg er ikkje så veldig religiøs, men eg trur på Agnes Ravatn.
Hvilken forfatter har betydd mye for deg?
– No skal eg vere ærleg og skamlaus og seie Agatha Christie. Forfattarar betyr mykje når dei får deg til å lese, gjerne tidleg i livet, og det gjorde Christie for meg. Når eg les bøkene hennar på nytt som vaksen, syns eg framleis at ho er ein meister i å skildre menneske og mellomkrigstid.