DP helg

Vinnar av Nynorsk barneboklitteraturpris, Harald Nortun.

Harald Nortun er årets vinnar av Nynorsk barneboklitteraturpris

Publisert Sist oppdatert

Harald Nortun mottar Nynorsk barnelitteraturpris 2020 for «Spådama i 7B», ei bok om kor langt ein er villig til å gå for å få venner og passe inn i miljøet.

Juryen skriv i grunngjevinga:

«Boka er realistisk og truverdig om korleis ei tilfeldig hending kan få store konsekvensar og føre til vanskar og forviklingar. Det er ei god blanding av humor og alvor om eit emne som ikkje så ofte blir behandla i bøker for barn og ungdom. Ein ser kor lett det er både for barn og vaksne å bli lurt når spådommar stemmer. Boka set tankane i sving rundt temaet overnaturlege evner og er ei bok som lesaren har med seg vidare».

Prisen vorte delt ut av Noregs Mållag under Festspela, og prisvinnaren fekk eit diplom og 30.000 kroner.

Same veke som Nortun fekk Nynorsk barnelitteraturpris, vart det òg kjend at «Spådama i 7B» er nominert til Barnas bokpris og Bokslukerprisen. Forfattarkollega Atle Hansen er òg nominert til sistnemnde pris for Eg har venta på deg.

Powered by Labrador CMS