

Forlaget Tiden skriv:
«Det er med stor sorg vi fekk meldinga om at Øyvind Vågnes har gått bort, etter kort tids sjukdom.
Øyvinds romanar er prega av det mennesket han var. Dei var alle idérike, undrande, fulle av augeopnande kunnskap, og ikkje minst av ei djup varme for karakterane han skapte.
Det siste året var Øyvind i gang med ein ny roman. Han gjekk til arbeidet med same evne til å stille seg open for kva skrivinga ville føre til, som han alltid gjorde. Det vi fekk lese gav bod om ei stor forteljing, og vi såg fram til å lese vidare, diskutere idéane, finpusse setningane, vaske, korrekturlese og lage omslag, for så å lansere boka, og saman sukke over håplause kritikarar som ikkje har skjøna nokon ting, og glede oss over dei som faktisk gjorde det. Romanen hadde arbeidstittelen «Karibia», og skulle blant anna handle om ei øy, og i kva grad det er mogleg for eit menneske å trekkje seg attende frå verda.