DERFOR BOK
– Forfattarane tek opp etiske dilemma der omsyn til personvern kolliderer med behovet for å fortelje viktige historier
I antologien Mellom menneske og manus har elleve anerkjente forfattere skrevet om følelser, etikk og metode i litteraturen.
Hvorfor har du skrevet denne boken?
– Boka er ein antologi med 11 essays av 11 forfattarar – pluss meg, som har skrive det første i samarbeid med medredaktør Anne Bitsch. I 2022 publiserte eg eit essay av Bitsch i Prosa, som eg då var redaktør for. Ho skreiv om den emosjonelle opplevinga av å skrive boka Brorskapet (om drapet på Benjamin Hermansen) og om det etiske ansvaret knytt til å leve seg inn i og framstille livet til eit anna menneske. Det vart starten på eit samarbeid, først om ein serie essays i Prosa, og så denne boka. Idéen var å få forfattarar som har skrive viktige bøker med utgangspunkt i verkelege menneske og hendingar, til å fortelje om kva rolle kjensler spelte i arbeidet, om etiske vurderingar og korleis dei reint metodisk handterte både eigne og andres kjensler.
Hva er de viktigste poengene som kommer frem?
– Kvart essay har eigne, viktige poeng! Eg kan prøve meg på ei samanfatting: Dei skjønnlitterære forfattarane i antologien tek opp etiske dilemma der omsyn til personvern kolliderer med behovet for å fortelje viktige historier. Dei forfattarane som har basert seg på kjeldeintervju, fortel om korleis dei har gått fram for å bygge tillit, medan dei som har skrive om avlidne menneske, skriv om å skildre desse verdig og respektfullt. Som redaktørar har Bitsch og eg vore opptekne av å få fram gjennom konkrete døme at kjensler er ein del av rasjonaliteten på den måten at dei påverkar oss enten vi vil eller ikkje. Kjensler kan vere både drivkraft og feilkjelder, og dermed blir kritisk sjølvrefleksjon viktig.
Hvilke nye synspunkter og/eller teorier presenteres?
– Bidragsytarane fortel openhjartig både om eigne erfaringar, feilvurderingar dei har gjort og arbeidsmåtar andre kan lære av enten dei sjølv vil skrive bøker eller jobbar med litteratur på andre måtar.
Hvilke utfordringer møtte du underveis i arbeidet med bokprosjektet?
– Skribentane hadde ulike tilnærmingar til «oppgåva» dei hadde fått, og det er krevjande å setje seg inn i ulike tenkje- og skrivemåtar godt nok til å kunne ha nyttige innspel til både form og innhald. At samarbeid også kan gi opphav til kjensler, har også gitt prosjektet eit interessant metanivå. Men først og fremst har det vore veldig lærerikt å samarbeide med så mange høgkompetente forfattarar.
Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?
– Nei, det trur eg ikkje. Både når eg skriv og når eg redigerer andre handlar det om å lese og vurdere i mange runder. Det tar tid å bearbeide tankar ordentleg, enten dei no stammar frå andre eller meg sjølv.
Hva vil du oppnå med boken?
– Det hadde vore fint om fleire vart opptekne av å finne ut meir om kva kjensler som motiverer dei og påverkar korleis dei ser på verda. Og så håper eg sjølvsagt at boka skal bidra til høgt refleksjonsnivå og etisk praksis i arbeid med bøker basert på verkelege liv.
Hva vil du at leseren skal sitte igjen med etter å ha lest den?
– Eg håper at lesaren vil få nye tankar om det etiske ansvaret som ligg i å skildre andre, og dessutan bli meir nysgjerrig på korleis menneske som er ulike ein sjølv opplever livet.
Hvordan jobbet dere sammen om bokprosjektet?
– Vi har hatt mange diskusjonar, skrive endelause epostutvekslingar og sendt kommenterte manus fram og tilbake. Det har vore slitsamt i periodar, men så lærer ein også mykje.
Kan du nevne én person du håper leser boken?
– Ingunn Økland i Aftenposten. Ho har sett i gang viktige debattar om den såkalla røyndomslitteraturen, og det hadde vore interessant å høyre kva ho får ut av desse essaya.
Hvilken bok vil du anbefale andre å lese?
– Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle av Richard Wilkinson og Kate Pickett. Det dei skriv om korleis opplevinga av forskjellar i levekår og status i eit samfunn samvarierer med graden av sosiale problem, meiner eg blir meir relevant for Noreg for kvar dag som går.
Hvilken forfatter har betydd mye for deg?
– Ukrainsk-brasilianske Clarice Lispector. Hennar siste verk, den vesle romanen Stjernens time, er eit meisterverk der emosjonar, estetikk og etikk går opp i ei høgare, kanskje til og med mystisk eining.