DERFOR DIKT

Margrethe Aas er arkitekt og debuterte med diktsamlinga Vy i 2015. Eg er Ekko er hennes fjerde diktsamling.
Margrethe Aas er arkitekt og debuterte med diktsamlinga Vy i 2015. Eg er Ekko er hennes fjerde diktsamling.

Margrethe Aas: – I arbeidet med denne boka har eg dvela ein del ved ungdomstida mi

I beskrivelsen av Margrethe Aas sin nye diktsamling står det blant annet at ungdomstiden er kort, intens og plutselig avgjørende. Men hva skjer når den som åpner opp avgjørende sider av livet for en, ikke lenger orker å leve?

Publisert Sist oppdatert

Hva skriver du dikt om?

Margrethe Aas (41)

  • Yrke: Arkitekt og forfatter
  • Utdannelse: To år på Nordland kunst- og filmskole, master i arkitektur innan by- og landskapsplanlegging
  • Bosted: Fosen
  • Aktuell med boken: Eg er Ekko
  • Forlag: Tiden
  • Antall sider: 110

– Om fysiske rom/landskap. Om venskap. Om å skape.

Er det noe fra ditt eget liv eller samtiden du henter ideene til diktene fra?

– Eg skriv alltid ut frå eigne erfaringar, og slik er både livet mitt og tida eg lever i kopla på. Men av og til er erfaringane gamle, og minnet har gjort litt om på dei. Og av og til blir erfaringane gjennom arbeid med teksten og språket, kopla til nye samanhengar og assosiasjonar. I arbeidet med denne boka har eg dvela ein del ved ungdomstida mi, frå slutten av 90-talet og framover. Om det å vekse opp i ei lite bygd i Noreg, og ideen om å skulle reise ut i verda for å finne si form.

Hvorfor dikt?

– Å skrive dikt er for meg å insistere på at språket kan fortelje på mange plan. Eg bruker mykje tid på å skrive ut og skrive om, falde ut og trekke i hop, abstrahere og presisere. Slik tøyer eg utgangspunktet mitt, til det skrivne byrjar snakke tilbake til meg med noko eg ikkje kunne forutsjå. Når eg greier ha tillit til denne prosessen, oppstår det ein dialog mellom meg, det eg skriv og verda rundt meg som kjenst både fantastisk, utfordrande og viktig å vere i.

Hva vil du formidle gjennom diktene dine?

– Det er vanskeleg å tenkje på meg sjølv som formidlar. Kanskje fordi spørsmålet fordrar å bruke språket til å svare, eit språk med ei retning – frå/til...? Om eg får kople på arkitekthovudet... Om eg kan lage eit rom som lesaren likar å vere i... Når eg leverer tekster frå meg, er det fordi eg kjenner at eg har jobba fram eit rom som for meg, og for mi forståing av verda, kjenst sant. Så ligg det vel ein intensjon her; å lage eit rom som kjenst sant, inneforstått i dette vakkert, kjærleiksfylt og ope for både tidlegare og framtidige erfaringar. Men det er ikkje så farleg for meg kva ein lesar faktisk opplever i dette rommet. Det skal og vil vere ulikt, kanskje heilt privat også. Prosjektet skal vere organisk nok til å kunne romme det, dermed eit mangfald av formidlingar, der formidlinga er like mykje styrt av mottakaren sine erfaringar som av mine. Kanskje vil eg formidle noko om å stå i dialog?

Eg er Ekko er Margrethe Aas sin fjerde diktsamling.
Eg er Ekko er Margrethe Aas sin fjerde diktsamling.

Er det et av diktene dine du vil dele?

«i eit trapes er ei side synkront større enn den motståande / det skakke mellomleddet samlar subtile forskuvingar»

– Diktet er i layouten plassert som eit trapes og fangar opp noko eg ofte finn i arbeidet mitt, at eg stiller noko avklart og konkret, inntil noko meir leikent og undrande. At eg søker mot andre assosiasjonar enn dei som kjenst tillærte, kanskje på jakt etter ord på det faktisk erfarte.

Kan du nevne én person du håper leser diktsamlingen din?

– I dette prosjektet har eg skrive tett på ein god ven som har levd, og difor hatt behov for å kople på næraste familie til vedkommande undervegs.

Hvem eller hva har inspirert deg til å skrive dikt?

– Dette prosjektet arbeidde eg fram i dialog med ein brustein frå ei gate i Berlin. Han låg på skrivebordet mitt eit heilt år, før eg reiste tilbake og plasserte han tilbake i bygata der han kom ifrå. Møtet med han, satte mykje i rørsle for meg, og det var faktisk verkeleg kjenslelada å legge han tilbake. No framstår han for meg som ein parallell til historia eg skriv fram, der det jo er ein nær ven som forlet eg-personens tid.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– Kunstig intelligens kan stille opp utallige nye produkt, men kan ikkje i seg sjølv ha ein prosess. For meg kan ikkje kunst finnast utan ei form for prosess som krever ei menneskeleg involvering.

– Mi erfaring er at ein prosess med det å skape strekker seg langt utover begrep som tid og stad, og eg opplever at den treng at eg bruker kroppen min aktivt og komplekst for å falde han ut.

– Å la kroppen møte verda, både gjennom fysisk og mentalt arbeid, er å bryne seg på ein motstand. Å stille seg til disposjon for ein dialog med anna levande. Her finn eg rom for å sette ein intensjon; Kva er denne verda som eg står i dialog med, og kva er mi rolle i ho? Eg trur vi menneske har mykje makt til å endre ved ting, om vi tek dette arbeidet på alvar. Men når eg les og høyrer folk snakke om kunstig intelligens, synes eg ofte at denne dimensjonen manglar. Som om vi har mista trua på at vi kan noko som er godt i det heile.

– Å skape er for meg å stå i dialog med livet og det som lever. Kunstig intelligens finst, men det er ikkje levande. Vi menneske er levande.

– Eg trur potensialet vårt i ein dialog med anna levande er mykje større enn det vi kan hente ut av ein dialog med ikkje-liv.

Finnes det en bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese?

– Ei bok som har ligge mykje i veska mi det siste året er Vill Iris av Louise Glück, gjendikta av Ingvild Burkey. Å lese i den er som å ligge i ein hage og berre sjå og sjå og sjå.

Hva er det aller beste du har lest, sett eller hørt i det siste?

– Det verket som eg har brukt mest tid på dei siste par åra, og dermed over lang tid kunne fryde meg stort over, er boka (Krig og verden) av Peter Waterhouse, omsett av Arild Vange. Men eg kunne også svart: mild sommarkveld og eit sprekkferdig mogent solbær i munnen.

Hvis du måtte velge?

 Jon FosseDag Solstad
Espresso – Filterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Sykkel – Sparkesykkel
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Taylor Swift Lady Gaga
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS