Anne-Lise Frøland: – At eg hadde eit ønske om å bli forfattar har eg vel alltid visst, å våge var derimot noko anna
Anne-Lise Frøland er aktuell med sin første roman. Det var karakteren Lily Briscoe i Virginia Woolfs Til Fyret som fikk henne til å innse at det verste som kunne skje om hun prøvde, ikke var så ille.
Anne-Lise Frøland er lektor og har gått på Forfatterstudiet i Bø. Tynne rivner av lys er hennes første roman.Marius Fiskum
Utdannelse: Lektor i nordisk, historie og filosofi
Bosted: Tromsø
Aktuell med boken: Tynne rivner av lys
Forlag: Samlaget
Antall sider: 185
– Romanen handlar om Solveig og Vegard som overtek drifta av ein gammal mjølkegard etter at far hans blir sjuk. Dei overtek garden delvis grunna plikt og delvis fordi Solveig, kalla Solli av alle andre enn Vegard, er overtydd om at det vil vere bra for dei begge. Solli si tru på at livet er enklare på bygda enn i byen, viser seg likevel å ikkje stemme. Vegard slit etter kvart stadig meir med psyken, og Solli blir ståande åleine med hovudansvaret for dyra, garden og ikkje minst for han. Og det er nettopp perspektivet til den pårørande i møte med alvorleg psykisk sjukdom som er bokas kjerne.
Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg ideen om å skrive romanen?
– Eg er svært interessert i spørsmål om rett og gale. Mot slutten av boka tek Solli eit avgjerande val, og det er nok dette valet som har drive meg når eg har skrive romanen. I tillegg lot eg meg inspirere av at eg budde i Bø i Telemark då eg starta på boka. Eit gardsbruk av den typen Solveig og Vegard overtek er jo ein perfekt stad for å presse karakterane sine til brestepunktet.
Hva er det du vil formidle til dine lesere med denne romanen?
– Først og fremst vil eg nok formidle nokre spørsmål som eg meiner er viktige. Eg håper eg har klart å skrive fram ein situasjon, som er kompleks nok til at ein lesar blir sittande att med ei kjensle av at han eller ho må tenke seg litt om. Kva hadde ein sjølv gjort om ein var i Solveig sin situasjon? Eller i ein av dei andre karakterane sin situasjon for den del.
Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?
– Nei, eg kan ikkje seie at det var det. Slik sett er eg heldig.
Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?
– Eigentleg kan eg skrive både kor som helst og kva tid som helst. Det einaste er at prosessen er delt opp i ulike delar. Nå eg skal skrive noko nytt, går eg mykje tur og det meste blir notert i notater-appen på mobilen. Seinare når dette skal formast om og redigerast, sett eg meg framfor PC-skjermen og arbeider ganske konsentrert og i stille, frå 8 til 16-17.
Tynne rivner av lys er Anne-Lise Frølands første roman.Samlaget
Hvem eller hva har inspirert deg til å bli forfatter?
– Eg veit ikkje om eg klarer å peike på noko spesifikt her, eg trur det må ha vore ei heil rekke ulike ting. Eg har vakse opp med ein far som er god til å fortelje, både han og andre i slekta er god på kunsten å overdrive, vil ein vite kva som faktisk var tilfelle når ein situasjon blir gjenfortalt, må ein helst kutte tjue prosent eller meir. Elles var mor mi veldig bestemt når det gjaldt å få meg til å lese bøker som barn. Den første boka brukte eg eit heilt år på å lese ferdig, men det var ikkje snakk om å få lov til å gi opp. Seinare oppdaga eg at eg likte å skrive.
Når skjønte du at du ville bli forfatter?
– At eg hadde eit ønske om å bli forfattar har eg vel alltid visst, å våge var derimot noko anna. Her var det faktisk karakteren Lily Briscoe i Til Fyret av Virginia Woolf som fekk meg til å innsjå at det verste som kunne skje om eg prøvde, ikkje var så ille. Om ingen las meg, kunne eg jo halde på for min eigen del. Når det er sagt så er eg jo sjølvsagt svært glad for å ha komme dit hen at eg har fått utgitt mi første bok, og at nokon, kanskje fleire, kjem til å lese ho.
Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?
– At eg hatar det. Både som forfattar og som lærar. Eg håper det bryt saman og aldri kjem på beina att.
Kan du nevne én person du håper leser boken?
– Då eg skreiv boka, tenkte eg mykje på at dersom ein bonde las boka, så håpte eg at han eller ho ville synest at eg hadde gjort ein god jobb i skildringane av garden og gardsarbeidet. I tillegg håpte eg sjølvsagt at menneske som finn seg i rolla som pårørande kanskje kan kjenne seg att, og ikkje minst oppleve at nokre av paradoksa og problema kring det å vere pårørande blir løfta på ein god måte.
Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?
– Det finst eit hav! Mellom anna er eg glad i alt av Sara Stridsberg og Olga Tocarzcuk, men dersom eg skal trekke fram ei, så kanskje ei bok som ikkje er ein roman. Nemleg Om kjærlighet av Erich Fromm, som er del av bokserien Livets bibliotek. I denne boka trur eg mange kan finne svært mykje klokt om kva det vil seie å elske, og kva for ansvar kjærleiken fordrar.
Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?
– Akkurat no les eg to bøker, Sin egen herre av Halldór Laxness og Forelesninger til innføring i psykoanalyse av Sigmund Freud.
HVIS DU MÅTTE VELGE?
Teater – Konsert Elsykkel – Sykkel Cappuccino– Filterkaffe Musikk – Podkast Avis på papir– Avis på nett Dagens Næringsliv – Klassekampen Taylor Swift – Lady Gaga Lese bok – Høre bok Sakprosa – Skjønnlitteratur Film på kino – Film hjemme Ved sjøen – På fjellet