Ingvild Skølt: – Det har tatt fem år, tre barn og minst sju bustadadresser å få boka i mål
Debutant Ingvild Skølt jobber til vanlig som lege. Nå er hun aktuell med en roman om å trippe usikkert rundt i altfor stor hvit frakk, om å forsøke å finne sin plass i voksenhverdagen, og om å søke etter den store kjærligheten.
Ingvild Skølt er lege fra Hemsedal, men bor og arbeider i Honningsvåg. Du vil kjenne eit lite stikk er hennes debut som forfatter.Johannes Foslund
– Hanne er nett uteksaminert frå medisinstudiet med strålande resultat, og ho byrjar som turnuslege ved Granmo sjukehus. Her forsøkjer ho å vere flink og ikkje få kjeft, men overgangen frå lesesal til akuttmottak er overveldande. Dette er ei bok om å trippe usikkert omkring i altfor stor kvit frakk, om å forsøkje å finne sin plass i vaksenkvardagen, og om å søkje etter den store kjærleiken. Det handlar om liv, død og frykta for å gjere feil, og om kva som skjer dersom det aller verst tenkjelege faktisk hender.
Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg ideen om å skrive romanen?
– Eg er sjølv lege, og noko av det beste med jobben er menneskemøtene. Ein kjem aller tettast innpå heilt framande folk, og det er kan vere både overraskande, vanskeleg og gøy. Også er det ei veldig fin ramme for historieforteljing!
– I tillegg synest eg me bør snakke meir om korleis unge legar har det på jobb. Det er stor kontrast mellom den paternalistiske og tradisjonelle dokteren og dei nyutdanna turnuslegejentene på tjuefem, og mange har det unødvendig tøft i turnustida.
Hva er det du vil formidle til dine lesere med denne romanen?
– Fyrst og fremst håpar eg å kunne berøre, og at lesaren i likskap med Hanne kan kjenne på alt frå det ufrivilleg komiske til klump i magen. Eg vil vise meir av kva som skjer i tausheitsbelagte sjukehuskorridorar, og få fram både magien og utfordringane som utspel seg her. Og kanskje gjere det hakket mindre einsamt å vere åleine som turnuslege på nattevakt!
Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?
– Ikkje direkte skrivesperre, men heller mangel på tid og kapasitet. Det har tatt fem år, tre barn og minst sju bustadadresser å få boka i mål, og det har tidvis vore beinhard prioritering. Men det ville vore for dumt å gje opp! Heldigvis har eg hatt ein redaktør som har vore tålmodig og alltid har komen med innspel som har gitt meg motivasjon til å gå nye manusrundar.
Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?
– Dette er mi aller fyrste bok, og læringskurva er framleis bratt. Men eg er nok ganske strukturert og sjølvdisiplinert, kvardagen er travel med så mykje anna, og eg har vore nøydd til å skrive når eg kan. Om eg skulle ha venta på inspirasjon eller rette omgivnader, ville det aldri ha blitt nokon bok!
Hvem eller hva har inspirert deg til å bli forfatter?
– Mamma, som har fylt bokhyllene omkring meg og alltid tatt lesing på alvor. Også var eg skikkeleg heldig å ha fleire gode norsklærarar som oppmoda meg til å skrive og planta idéen om at ein faktisk kan bli forfattar.
Du vil kjenne eit lite stikk er Ingvild Skølts debut som forfatter.Aschehoug
Når skjønte du at du ville bli forfatter?
– Å bli forfattar har aldri vore ein bevisst plan, det er framleis merkeleg å skulle bruke den tittelen. Det har vore meir som ein vag draum om å dele eigne tekstar med andre. Det ønskje har nok vore der sidan eg var 5 år og skreiv mitt fyrste eventyr.
Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?
– Dette kan eg altfor lite om, men eg tviheld i trua på at kunst bør vere menneskeskapt for å verkeleg treffe.
Kan du nevne én person du håper leser boken?
– Unge legar eller medisinstudentar som kjenner seg åleine om å vere i tvil. Og folk som har med organiseringa av norske sjukehus, kanskje finst det betre måter å gjere ting på?
Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?
– Tung tids tale av Olaug Nilssen. Ei enormt sterk skildring av ei mor, maktesløyse og system som ikkje fungerer. Ei bok som gjer deg meir audmjuk!
Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?
– Jeg er egentlig ikke sånn av Marie Aubert. Den er skarp, sår og treffande, eg gler meg stadig til å lese vidare.
HVIS DU MÅTTE VELGE?
Jon Fosse – Dag Solstad Elsykkel – Sykkel Cappuccino– Filterkaffe Musikk – Podkast Avis på papir– Avis på nett Dagens Næringsliv – Klassekampen Taylor Swift – Lady Gaga Lese bok – Høre bok Sakprosa – Skjønnlitteratur Film på kino – Film hjemme Ved sjøen – På fjellet