Anne Karin Fonneland: – Litteratur gjev oss både nærleik og avstand
Anne Karin Fonneland begynte å skrive dikt etter å ha opplevd stor sorg. Hun debuterte først i Vinduet og deretter på Det Norske Samlaget med diktsamlinga Marmormjølk. Nå er hun aktuell med en ny roman.
Anne Karin Havnerås Fonneland er en norsk forfatter, lærer og lyriker fra Sunde i Sunnhordland.Kvinnheringen
Utdannelse: Litteraturvitskap, sosiologi, psykologi, mediefag og pedagogisk utdanning
Bosted: Sunde i Kvinnherad
Aktuell med boken: Sognerosa
Forlag: KapAbel
Antall sider: 268
– Om to veninner sitt liv i Sogn, 1882-1905. Eit miljø i endring der bondekultur/jektefart/handtverk møter kunstmålarar og auke i turisme frå inn-og utland. Arbeidslivet er i endring og ein er i ei tid der språk/identitet får auka merksemd. Ein roman om vennskap, solidaritet og kjærleik. Om å få nok styrke til å ta sjølvstendige val.
Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg ideen om å skrive romanen?
– Fortida gjev oss ein annan inngong til samtida. Fortida får oss til å tenkja omkring det vi er midt inne i.
Hva er det du vil formidle til dine lesere med denne romanen?
– Litteratur gjev oss både nærleik og avstand. Å lesa om andre menneske sine dilemma og val gjev perspektiv og gjerne innsikt. Denne romanen har også henta innhald frå lokalhistorie og faktiske forhold.
Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?
– Eg har brukt mykje tid på å lesa historie og henta inn informasjon. Det oppstod ikkje skrivesperre, men heller pausar som gav nye tankar/retningar. Det har vore spennande å arbeida med denne boka.
Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?
– Eg har faste skriveperiodar og er gjerne svært konsentrert. Då vaknar eg tidleg og planlegg gjerne ny tekst. Eg likar å arbeida frå morgonen og utover. Eg kan bli oppteken og går gjerne turar eller arbeider i hagen og med praktiske ting. Eg treng ro til å lesa og å vera konsentrert i desse periodane.
Hvem eller hva har inspirert deg til å bli forfatter?
– Eg byrja å skriva dikt etter å opplevd stor sorg. Eg debuterte først i Vinduet og deretter på Det Norske Samlaget i 1996 med diktsamlinga Marmormjølk.
Når skjønte du at du ville bli forfatter?
– Eg fekk flott tilbakemelding på dikta, publiserte i Vinduet, frå Merete Morken Andersen som då var redaktør. Då fekk eg mot til å senda dikt til eit forlag også.
Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?
– Reproduksjon og mekanikk kan ikkje bli kunst.
Kan du nevne én person du håper leser boken?
– Det er vanskeleg. Vil gjerne at fleire vil lesa boka etter å ha fått fine tilbakemeldingar frå mange lesarar.
Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?
– Det er også vanskeleg. Det er så mange eg ville hatt med. I denne samanhengen med historisk roman, Kristin Lavrandsdatter av Sigrid Undset.
Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?
– Har nettopp lest Brødrene Eikemo av Marit Eikemo og skal byrja å lesa Lorden av Tore Renberg.
HVIS DU MÅTTE VELGE?
Elsykkel – Sykkel Cappuccino– Filterkaffe Musikk – Podkast Avis på papir– Avis på nett Dagens Næringsliv – Klassekampen Lese bok – Høre bok Sakprosa – Skjønnlitteratur Film på kino – Film hjemme Ved sjøen – På fjellet