DERFOR ROMAN

Ingrid Z. Aanestad debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag. Hun har siden gitt ut ytterligare fem romaner og to essaybøker.
Ingrid Z. Aanestad debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag. Hun har siden gitt ut flere romaner og to essaybøker. Nå er hun aktuell med romanen Ida i Italia.

Ingrid Z. Aanestad: – Eg har sjølv vore 15 år og ikkje funne meg til rette

For Ingrid Z. Aanestad skjer skrivingen i en veksling mellom tro og tvil, intens konsentrasjon og utspredte tanker, langsomme arbeidsdager og øyeblikk der alt kan skje. – Helst vil eg ha blomar og kaffi til. Helst gode bøker rundt. Ofte skriv eg ein del for hand i dei tidlege skrivefasene.

Publisert Sist oppdatert

Hva handler romanen om?

Ingrid Z. Aanestad (41)

  • Yrke: Forfattar
  • Utdannelse: Språk og litteratur
  • Bosted: Oslo
  • Aktuell med boken: Ida i Italia
  • Forlag: Forlaget Oktober
  • Antall sider: 124

– Det er ein roman om Ida som veks opp på bygda og ikkje finn seg til rette. Ho lengtar desperat til noko anna, men veit ikkje heilt kva dette andre er. Så flyttar ein bilethoggar inn i nabohuset, og alt blir annleis. Det er ein roman om å bli til, tenker eg, om å skapa seg, med vilje og hender. Finna forma som er inne i steinen. Ei bok full av kvit marmor, svart espresso, stor svolt.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg ideen om å skrive romanen?

– For å seia det slik: Eg har sjølv vore 15 år og ikkje funne meg til rette. Og eg har lenge drøymt om å skriva ein danningsroman. No har eg gjort det, på min måte.

Hva er det du vil formidle til dine lesere med denne romanen?

– At det kan vera eit einsamt arbeid å bli seg sjølv, men at det finst ei stor verd der ute – å sjå, å spegla seg i, å veksa inn i.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?

– Det kjem an på kva skrivesperre eigentleg er. Eg tenker at det er naturleg at det finst periodar i eit langstrekt romanarbeid der eg skriv mindre og tenker meir. Viss det kjennest som om det har stoppa opp, trur eg ofte det betyr at eg skal gjera noko anna ei lita stund og koma tilbake til teksten etterpå. Skrivinga hender ikkje berre medan eg sit framfor tastaturet.

Ingrid Z. Aanestad frå Klepp er aktuell med romanen «Ida i Italia»
Ingrid Z. Aanestad frå Klepp er aktuell med romanen Ida i Italia.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Skrivinga hender i ei veksling mellom tru og tvil, intens konsentrasjon og utspreidde tankar, langsomme arbeidsdagar og augneblink der alt kan henda. Helst vil eg ha blomar og kaffi til. Helst gode bøker rundt. Ofte skriv eg ein del for hand i dei tidlege skrivefasene.

Hvem eller hva har inspirert deg til å bli forfatter?

– Bøkene eg las som lita. Livet sjølv. Kjensla av at det må vera noko meir her.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– Eg må innrømma at eg blei oppmuntra då eg las nyheiten om at KI blir dårlegare av å matast med skjønnlitteratur. Det avslører kanskje at litteratur ikkje er strategisk eller påliteleg kommunikasjon i vanleg forstand. Det er ein annan måte å bruka språket på, ein måte som har mykje med det spesifikt menneskelege å gjera.

Kan du nevne én person du håper leser boken?

– Spørsmålet minner meg på at eg skal senda romanen til Staffan Söderblom, min tidlegare professor. Han er ein klok mann og ein svært god lesar, eg håper han vil lesa den nye boka mi.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?

– Det finst mange! Men eg kan nevna to veldig gode bøker eg las i vår: Forvitringar av Sylvia Molloy og Velkommen til Amerika av Linda Boström Knausgård. Den eine handlar om ei eldre kvinne som mistar minnet, den andre om ei ung jente som sluttar å snakka. Bøkene er svært ulike, men begge knitrar av språkleg overskot og motstandsfylt livsenergi.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– Eg las akkurat ut Et liv i redningsvest av Sumaya Jirde Ali, det var ei god bok!

Hvis du måtte velge?

 Jon FosseDag Solstad
Elsykkel – Sykkel
CappuccinoFilterkaffe
Musikk – Podkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Taylor Swift – Lady Gaga
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS