DERFOR ROMAN

Tormod Haugland er han aktuell med romanen Sirenene.
Tormod Haugland er aktuell med romanen Sirenene.

Tormod Haugland: Eg skreiv omlag ti sider om dagen, eit tempo eg aldri har vore i nærleiken av tidlegare

Etter den første uka hadde han femti sider. Da skjønte han at en roman var på vei.

Publisert

Hva handler romanen om?

Tormod Haugland (62)

  • Yrke: Forfattar/skrivelærar
  • Utdannelse: Agronom+hovudfag i grafisk illustrasjon ved Statens høgskule for kunsthandverk og design, Bergen+Skrivekunstakademiet
  • Bosted: Bøvågen, Alver kommune
  • Aktuell med boken: Sirenene
  • Forlag: Oktober
  • Antall sider: 250

– Romanen handlar om ein ung mann som styrer heimegarden åleine, medan foreldra og syskena er borte. Det er sundag og han går inn i skogen for å leita etter ei bortkomen kvige, og heile tida jagar tankane i han om det som skjedde kvelden før då han var saman med Eleonora nede på nabogarden. Lesaren får vita meir og meir om bakgrunnen for kreftene som jagar i hovudpersonen Tormod Kolbrunargard, spørsmål om lyst og atterhald, rett og gale, elskar han Eleonora eller vil han ha ho berre fordi ho er arving til Storjordgarden? Og kva med Nora, den unge jenta han møter i hytta i skogen, er ho eit verkeleg menneske?

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg ideen om å skrive romanen?

– Ideen til romanen kom frå eit indre syn av ei vaksen kvinne som var biten av ein orm, ho låg i lyngen då ein ung mann på leit etter ei kvige kom forbi. Ho bad han om å få låna kniven hans, skar to kutt i leggen der ho vart biten og bad han om å suga ut gifta. Dette biletet kan vera inspirert av eventyr, folkeminne og slikt, medan alt det ytre er bygd omkring kjende trakter og tropar, ein ung mann ventar på å ta over ein gard medan livet framfor han er fullt av opne spørsmål. Mangt er difor nært knytt til eige liv, og kanskje knytt til tilværet og samtida gjennom alt det uvisse ein ungdom kan stå ovanfor.

Hva er det du vil formidle til dine lesere med denne romanen?

– Eg vil at lesaren skal oppleva romanen og sidan kunna tenkja over innhaldet. Det finst mange spørsmål i romanen, Tormod er ein undrande og motsetnadsfull person, men eg er meir oppteken av spørsmål som kan oppstå i lesaren og virka vidare der. Framfor å ville formidla eit særskild poeng eller meining til lesaren, vil eg at romanen skal kunne ha ulike verknader og tydingar i ulike lesarar.

Sirenene er Tormod Hauglands nyeste roman.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?

– Nei, for meg var dette ein svært uvand roman å skriva. Eg var i ferd med å skriva på ein lengre roman, men så kom dette biletet med kvinna og ormen til meg, slik at eg måtte leggja vekk romanprosjektet eg arbeidde på. Eg skreiv Sirenene på 2–3 månader, omlag ti sider for dagen, eit tempo eg aldri har vore i nærleiken av tidlegare. Etter den fyrste veka hadde eg femti sider, og då skjøna eg at ein roman var på veg.

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Eg prøver ikkje å tenkja når eg skriv, eg prøver å vera lydhør og open, sansa og vera til stades i situasjonane. Eg arbeider mykje med språklege nyansar, lydar og rytmen, er oppteken av korleis songen i setningane set seg i lesaren. Eg vil heile tida skriva meg fram mot noko usikkert, noko framand, noko eg ikkje heilt veit kva er. Eg vil at det eg skriv skal overraska meg.

Hvem eller hva har inspirert deg til å bli forfatter?

– Eg var 32 år då eg debuterte, ein godt vaksen mann. Då hadde eg halde på lenge med ulike kunstnariske uttrykk, som musikk og biletkunst. Då eg kom til skrivinga skjøna at eg at eg var på rett spor. Då gjekk det nokså fort fram mot debuten. Lesinga har vore viktig, eg las mykje som ung, men fekk fyrst retning på det i tjueåra ved å lesa meg opp på dei modernistiske klassikarane. Då eg tok til å lesa samtidslitteraturen tykte eg det var lett å finna ein plass, eg skjøna at eg høyrte heime i ein udramatisk nedtona stil, knapp og kresen.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– Eg er meir oppteken av kunstnarleg intelligens enn av den kunstige. KI er og vert kunstig og maskinell. Det kan sikkert finnast mange arbeidsoppgåver der KI kan vera til god hjelp i kunstfeltet.

Kan du nevne én person du håper leser boken?

– Eg vil at landets fremste agent skal lesa boka, lika ho og få ho seld til eit engelskspråkleg forlag slik at eg kan tilrå boka til folk eg kjenner som ikkje kan norsk.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?

– Jeg plystrer i den mørke vinden av Maria Navarro Skaranger. Denne romanen har fleire lag i seg og er sterk på fleire nivå. Den har ein tredjepersonsforteljar, men samstundes ein fyrstepersonsforteljar. desse går i dialog med kvarandre og får fram kompleksiteten i det å visa fram eit skjørt menneske og på same tid visa fram det skjøre i det å visa fram, i det å vera den som skriv. Boka er både leiken og alvorleg, med stor humor og eksistensiell tyngd.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– Stjernens time av Clarice Lispector.

Hvis du måtte velge?

 Jon FosseDag Solstad
Elsykkel – Sykkel
Cappuccino Filterkaffe
MusikkPodkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagens Næringsliv – Klassekampen
Taylor Swift – Lady Gaga
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kinoFilm hjemme
Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS