DERFOR ROMAN

Hanne Kolstø er en norsk artist og låtskriver opprinnelig fra Sykkylven på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kolstø slo igjennom i 2011 med albumet Riot Break. Fire av hennes album har blitt nominert til Spellemannprisen. Psykopatmusikk er hennes første roman.

Hanne Kolstø: Eg ville skrive den romanen eg sjølv har sakna

Hanne Kolstø er mest kjent som artist og låtskriver, men nå er hun også aktuell med sin første roman.

Publisert

Hva handler romanen om?

Hanne Kolstø (43)

  • Yrke: Kunstner
  • Utdannelse: Bachelor i utøvende musikk, Musikkonservatoriet, UIA
  • Bosted: Hvitsten
  • Aktuell med boken: Psykopatmusikk
  • Forlag: Forlaget Oktober
  • Antall sider: 283

– Den handlar i bunn og grunn om ambivalens, det er i alle fall det eg har prøvd på, ambivalens og bitterheit til å le av? Eg ville å klistra lesaren til hjernebarken i eit merkeleg, mørkt hovud og eg håper det både kan vere interessant og litt gøy å henge med derifrå.

Er det noe i ditt eget liv eller i samtiden som ga deg ideen om å skrive romanen?

– Tja, sei det.

Hva er det du vil formidle til dine lesere med denne romanen?

– Eg ville skrive den romanen eg sjølv har sakna, ein roman i ein slik stil som eg elskar (ein slags kaotisk miks), som eg synest eg ikkje finn så mange av i hyllene.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen?

– Eg tenker at skrivesperre ikkje finst, at skrivesperre er vaksenhjerna som har teke over kontrollen litt for tidleg i prosessen og prøver å bestemme kva teksten skal bli. Mitt tips er då å sette seg ned å skrive friskrift til ein kjem i kontakt med noko interessant igjen. Ein må jo berre halde ut dei periodane ein skriv dritt, så dukkar det jo alltid opp noko etterkvart. Heldigvis. Men det kan vere veldig vondt å skrive i slike periodar, heilt klart. Men ein kan ikkje skulde på sperre, då er sperra at ein ikkje orker/tåler å skrive dårleg!

Er det noe spesielt som kjennetegner din måte å jobbe på?

– Innfallsmetoden? Lave skuldrar? Eg prøver å sleppe opp tanken om kva ting skal bli og ventar så lenge eg kan med å analysere/rydde/strukturere.

Psykopatmusikk er Hanne Kolstøs første roman.

Hvem eller hva har inspirert deg til å bli forfatter?

– Shit, eg er forfattar! Det er litt rart å ha blitt det når det aldri har vore noko eg har drøymd om. Kanskje bra. Då hadde eg sikkert berre skrevet for å «bli» forfattar, eg kan vere litt slik. Då redaktøren sa «dette er ei bok», hadde eg nesten tenkt at eg berre skulle skrive resten av livet utan at det vart noko, så eg er framleis i sjokk over at boka finst der ute. Når det gjeld inspirasjon er eg over gjennomsnittet livredd for å bli ein kopi (som eg jo sjølvsagt er, meir eller mindre), men eg trur det er difor eg prøver ikkje oppsøke inspirasjon, heller prøve unngå den? Klamre meg til tanken om at idéene mine kjem frå meg? Eg føler i alle fall at eg skriv meir for å sjå kva som dukkar opp, sjå om eg kan få det til. Og kanskje litt for ikkje å kjede meg ihjel.

Hva tenker du om kunstig intelligens i kunsten?

– I musikkbransjen, som eg jo har vore ein del av lengst, tenker eg at det er heilt topp om KI tek over hitlistene, det er jo berre matte uansett, og så kan alle hitlisteprodusentane heller lage kunst igjen.

Kan du nevne én person du håper leser boken?

– Hm. Kanskje Drillo? Eg har mest lyst til at usannsynlige lesarar skal plukke den opp og finne noko interessant.

Finnes det en bok du vil anbefale andre å lese?

– Morten Landegland 50/50. Eg fall så sjukt for den boka. Og heia Kristiansand.

Hvilken bok leser du selv, akkurat nå?

– Deborah Levy – The cost of living. Er det kanskje ein klisjé at eg les den? Eg fekk den av Jenny Hval, og det viser seg å vere ei slukebok, eg prøvar halde igjen!

Hvis du måtte velge?

 Jon Fosse – Dag Solstad
Elsykkel – Sykkel
Cappuccino Filterkaffe
MusikkPodkast
Avis på papir – Avis på nett
Dagens NæringslivKlassekampen
Taylor Swift Lady Gaga
Lese bok – Høre bok
Sakprosa – Skjønnlitteratur
Film på kino – Film hjemme
Ved sjøen – På fjellet

Powered by Labrador CMS